Gå til innhold
Arkivverket

[#62633] Bygdeboki for Masfjorden - oppslag under Halsøy, please?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Gardbrukar Jacob Olson frå Vågset (fødd 1846) gifte seg i Masfjorden i 1878 med Henrikka Eriksdotter frå Halsøy (fødd 1853). Desse vart gardbrukarar på Halsøy og hadde m.a. sonen:* Gjert Martin, kjend som Martin Jacobson Halsøy, fødd i Masfjorden 29.9.1885. Martin døydde i Bergen 26.8.1965. Han var gift med Anna Olsdotter Gaarden, fødd i Hafslo i Sogn 28.12.1884. Ho flytte til Bergen i 1903.Står det noko i bygdeboki om:* Dato og stad for vigsli til Martin og Anna?* Dødsdato for Anna?* Yrke til Martin Halsøy?Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Her har du noko av svaret på spursmålet ditt: LenkeEg hugsar dei; besteforeldra mine handla kaffi på merke, fårepylsa og slikt hjå dei i åra etter krigen. Dei hadde ein liten feitevare-/kolonialhandel på hjørnet av Øvre Sandviksveg (14) og Martin Vahlsgate - og budde i andre høgda i huset. Eg trur ikkje dei hadde born.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Bergesen

I BB for Masfjorden Bruk nr 1, Jacob Olsen Vågset f 8/6-1846, død 23/8-1918. Drukna ved D/S Masfjords forlis ved Solensjøen i Austrheim, gift 8/6-1878 m Henrikka Eriksdtr. Holsøy f 10/5-1853, død 6/4-1895. De hadde disse barna: Dortea f og d 1879, Erik Olai f 25/5-1880-1959, neste brukar, Aletta Dortea f 16/2-1883, død 17/9-1920, Gjert Martin f 29/6-1885, bor i Bergen, Mathilda Kristina f 6/5-1888,gift m Svensk anleggsarb. og flytt til Sverige, Gjertrud Maria f 9/11-1890, bor i Oslo. Rune

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Bjørn og Rune for spennande og nyttige innlegg. Det stemmer at Anna og Martin ikkje fekk born i lag, so no manglar eg berre dødsfallet hennar og den nøyaktige vigselsdatoen (1928)...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.