Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#62666] Erik Johannesson Hillestad, f. Hafslo 1864 - fargarmeister Christiania - lagnad?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

FT1900 for Holbergsgate 27 i Christiania (Trefoldigheit sokn?) syner denne huslyden:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Erik Hillestad Farvermester g Farveri 1864 Sogn {fødd Hafslo 27.2.1864}Helga Thomine Hillestad hu g 1868 Fredrikstad {fødd Vestre Fredrikstad 10.5.1868 - vigde Jakob, Chra. 10.11.1889}Johannes Hillestad s ug 1890 Kristiania {fødd Jakob, Chra. 28.4.1890}Eugen Hafslo Hillestad s ug 1894 KristianiaSigurd Hillestad s ug 1896 KristianiaBjørn Hillestad s ug 1898 KristianiaRolf Hillestad s ug 25.02.1900 Kristiania {fødd Tref., Chra. 25.2.1900}Bertha Synneva Hillestad d ug 1892 Kristiania {fødd ?, Chra. 31.1.1892}~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Bertha vart konfirmert i Trefoldigheit i 1908, og huslyden budde då framleis i Holbergsgate 27, men eg finn ikkje dåpen hennar. Heller ikkje kan eg finna fødselsdatoar/konfirmasjon for sønene Eugen, Sigurd eller Bjørn.Eg er vorten fortalt at fleire born døydde av TB i ung alder, og dødsmeldingane for Christiania syner:* Johannes Hillestad, teknikar, døydde 14.1.1913* Bertha Synneve Hillestad, døydde 3.3.1916* Sigurd Hillestad, døydde 17.8.1914Elles vert det sagt at Eugen Hillestad skal ha to døtrer som bur i Drammen. Dessutan var det to yngre døtrer:* Dagny Kirstine Hillestad, fødd Trefoldigheit 10.5.1902 - som skal ha vore gift Bjørnsgaard(?)* Nelly Hillestad, fødd Trefoldigheit 7.7.1904 - som skal ha vore gift med Rolf Jensen - ho levde visstnok i Bærum i 1985...Er det mogeleg å finna ut noko meir om lagnaden til denne huslyden, t.d. dødsfalli til Erik og Helga? Fleire opplysningar om borni deira?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for interessant innlegg. Eg finn at Bjorn Hillestad døydde i Cook Co., IL 6.1.1918, so då vart truleg ogso han offer for TB...?Men ei anna interessant opplysning dukka opp i innlegget ditt; bustaden i 1914 var i Huitfeldts gate i Christiania. Kva kyrkjesokn kan det ha vore ein del av?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Carsten Schanche

Det skal være Johannes. Her er konf. til Bjørn Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for nye flotte innlegg! Dette er svært so bra!Eg ser at Helga og sonen Johannes (øvst på same sida) vart gravlagde på Nordre Gravlund, men eg kan ikkje sjå at dei er med i DIS-Noreg sitt gravferdsregister... Kanskje Nordre Gravlund har fleire opplysningar? Ogso om dødsfallet til Erik Hillestad?Dødsfallet til Sgurd i 1914 gav fødselsdatoen hans (10.1.1896), so no manglar eg berre ein fødselsdato i denne søskenflokken, nemlig:Eugen Hafslo Hillestad, fødd 1894 - han er tydeleg ikkje konfirmert i Johannes...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Tommy for kjempefin oppdaging! Då har eg kontroll på heile barneflokken og manglar berre nokre dødsfall...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Solveig Håklev

Dåpen til Nelly i 1904 Oslo fylke, Trefoldighet, Ministerialbok nr. I 7 (1900-1914), Fødte og døpte 1904, side 121. Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=694&idx_id=694&idx_listetype=dp&idx_kjonn=&uid=ny&idx_side=-130>LenkeMen denne Nelly dør i 1908,hun er også f.7/7-1904 ?? Oslo fylke, Gamle Aker, Ministerialbok nr. 13 (1901-1908), Døde og begravede 1908, side 392. Permanent sidelenke:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Solveig for spennande og overraskande opplysningar! Om denne Nelly døydde, so må Erik og Helga ha fått ei ny dotter med same namnet!? Men kva tid var ho fødd, tru?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.