Gå til innhold
Arkivverket

[#62774] Georg Koxvold i Christiania (1883-1957) - opphav og biografi?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

FT1900 for Korsgata 25 i Christiania syner denne huslyden:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Gina Koksvold hm e Colonialhandlende 1854 Næs (Romerike)Georg Koksvold s ug Kontorvolontør 1883 KristianiaOlaf Koksvold s ug Skolegut 1885 Kristiania~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~So ser eg at FT1875 for Rosenkrantxgata 28 i Christiania syner denne karen:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Severin Koksvold Logerende ug Snedkersvend 1853 Hedemarken~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Koksvold er ein gard i Stange, men eg ser ikkje Severin der i 1865, og me veit jo heller ikkje om det var han som var far til Georg B. Koxvold...Georg B. Koxvold, fødd i Christiania 9.8.1883, døydde 7.6.1957 og ligg gravlagd på Vestre Gravlund. Han gifte seg (dato og stad ukjend) med Øllegaard Fredriksdotter Fraas, fødd i Hafslo 20.10.1884. Ho døydde 27.12.1960. Dei fekk minst to søner:* Sverre Koxvold, fødd 30.4.1913, døydde i 1939(?)* Leif Fredrik Fraas Koxvold, fødd 10.12.1916, døydde 12.5.1999, kan henda i Valdres(?)Eg er særleg interessert i opplysningar kring opphavet til Georg B. Koxvold, d.v.s. fullt namn både på han og foreldri hans, samt opphavi til foreldri?Finst det elles biografiske opplysningar om Georg Koxvold og huslyden hans?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kirsti Rye

Hei.Her er Georg Bernhard i 1883 Kildeinformasjon: Oslo fylke, Trefoldighet, Ministerialbok nr. I 5 (1881-1891), Fødte barn av dissentere 1881-1883, side 399. Permanent sidelenke: Lenkemvk Kirsti

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Kirsti for kjempebra innlegg. Då var altso Severin Koxvold far til Georg, og med opplysningane frå fødsli har eg identifisert mori Gina Randine Gulbrandsdotter som fødd på Breen i Nes på Romerike.Men kven var Severin Koxvold? Det er fleire Severin'er fødde i Stange i 1853, men ingen på Koksvold. Derimot ser eg ein Severin Olson Kousvoldseige fødd i Stange 3.1.1854, son av Ole Simonson og Bertha Jensdotter (Lenke) Kan det vera han? Men i 1865 bur denne huslyden på ein plass Haugen under ''Næsten og Tretmarkstykket''...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kirsti Rye

Her melder Syverin Olsen Koxvold seg ut av kirken i 1881. Han har samme adresse som i 1883, men er gift med Kristine Kildeinformasjon: Oslo fylke, Trefoldighet, Ministerialbok nr. VI 1 (1878-1890), Utmeldte av statskirken 1881, side 4. Permanent sidelenke: Lenkemvh Kirsti

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Kirsti for dei siste innleggi.Eg ser at far til Severin er oppgjeven som Ole Svendson, og barnedåpen hans er på same side som dåpen eg har synt til under innlegg #3. MEN, han budde i Refsalseiget, og i 1900 finn eg den Severin Olson att som skomakar i Aker med mellom anna ei dotter Helene...!Eg TRUR det må vera Severin Olson fødd i ''Kousvoldseiget'' me likevel skal halda oss til..., eller...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.