Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
Guest Lars E. Øyane

[#62839] Anna Haugen - fødd 8.9.1849 - utvandra 1873 - Spink Co., SD - ei skikkeleg nøtt?

Recommended Posts

Guest Lars E. Øyane

Ingebrigt Jensson Hillestad, fødd i Målselv 29.7.1850, utvandra til Amerika i 1872 og fór då til Chicago, IL, men alt i 1880 hadde han teke ''homestead'' i Cornwall township, Spink Co., SD. Han gifte seg kring 1881, uvisst kvar, med:ANNA HAUGENAlt me veit om bakgrunnen hennar, er at var fødd 8.9.1849, og folketeljingi 1900 fortel oss at både Ingebrigt og Anna utvandra til Amerika i 1873.Ingebrigt og Anna fekk fire søner i lag:* Leonard Julius Hillestad, f. Spink Co., SD 10.6.1883* Oscar Albert Hillestad, f. Spink Co., SD 8.4.1887* Martin I. Hillestad, f, Spink Co., SD ?.2.1889* Anton Emunial Hillestad, f. Spink Co., SD 9.1.1891Me veit at far hans heitte Jens, og om dei var ''flinke'' til å nytta oppkallingsreglane, so KAN far hennar ha hatt eit førenamn som tek til med L.Eg har søkt gjennom utv andringsbasane for Trondheim og for Oslo/Christiania, og dersom Anna hadde ein L... til far, so har eg funne berre EIN sannsynleg person:Utflytte Christiania:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~8230 1873 233 9 789 1 02.05.1873 02.05.1873 Anne Larsd. Romsberg Tj. Pige k 24 Ringsaker Sioux City Iowa~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Denne Anna Larsdotter frå Ringsaker er fødd 9.9.1849 (Lenke), og ho utvandra i 1873. Det einaste er; korleis kan ho i tilfelle ha fått namnet Haugen i Amerika? Her er huslyden i 1865 (Anna tente då åpå Dæhli i Ringsaker...):~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Lars Thorsteensen Husfader e Gaardbruger og Selveier 1820 Ringsaker Prgj.Oline Larsdatter hans Datter ug 1852 Ringsaker Prgj.Thorsten Larsen hans Søn ug 1855 Ringsaker Prgj.~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Er det nokon som kjenner til denne huslyden på Ringsaker, eller som har andre forslag til identifikasjon av Anna Haugen i Spink Co., SD?Eg takkar so mykje på førehand!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Carsten Schanche

Side 292 i Brøttumsboka: Lars Torsteinsen Olasvehaugen, f.1819, døde 1877, eier 1849-62, gift 1) 1846 med Mari Olsdtr. Korsviken, f.1822, døde 1864. Barn:Eline, f. 1846, reiste til Amerika i 1870Anne, f. 1849Oline, f. 1852Johannes, f. 1858, døde 1858Lars Torsteinsen ble gift 2. gang 1867 med Mari Olsdtr. Kløvstad, f.1822

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for eit svært so spennande innlegg. Der har me i alle fall ''Haugen'' (Olasvehaugen), so kanskje er ikkje teorien so heilt på jordet likevel...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Ann-Mary Engum

Etterlysning, fra RootsWeb:Gudbrand Thorsteinsen Olasvehaugen født 1823. (En bror av Lars Thorsteinsen Olasvehaugen)Lenke

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Lars E. Øyane

Eg trur at problemet er løyst! Og det er den rette Anna Haugen eg har funne på Ringsaker:Her er fødsli til søsteri Oline Larsdotter i juni 1852 (Lenke), og FT1900 for Lincoln township, Spink Co., SD syner at Oline (''Uline'') Einan var fødd i Noreg i juni 1852 og utvandra i 1879. Jentenamnet hennar var HAUGEN då sonen Matto Ludvik Guttenberg vart fødd i Spink Co., SD 30.4.1889.Anna Haugen fødd sep. 1849 og Oline Haugen fødd juni 1852 busette i same kommune (County) i South Dakota kan ikkje vera berre eit samantreff...!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.