Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
Guest Knut Reidar Sande

[#63088] Knud Knudsen Opsal, Sekken. Hjelp til å lese.

Recommended Posts

Guest Knut Reidar Sande

Her Permanent sidelenke: Lenkemeiner eg å lese at ein Knud Knudsen Opsal får døpt sin son Knud. Høgre side, ca midt på. Er det nokon som kan lese kva som elles står om denne dåpen i 1743. Kona sitt namn ønskjer eg. Knud gifta se oppatt 1745, så kona må vere død ikkje lenge etter at ho fødde.Knut R Sande

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Ivar S. Ertesvåg

Det er døypt ein Knut 21 Mars i 'Veedøe kirke', men her er Knud Knudsen Opsal fadder, ikkje far. Faren er Anders Halvosen Vestrestrand (eller Vestastrand?). Mora er ikkje nemnd.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Knut Reidar Sande

Her er kanskje Knud Knudsen Opsal sin son døypt:LenkeSamme spørsmål som ovafor.Knut R Sande

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Knut Reidar Sande

Like under dåpen til Knud, står noko vedr Knud Knudsen Opsal. Er det kona som blir gravlagt?Knut R Sande

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Dagrun Dyrkorn Heimland

Hei Knut Reidar Sande, Jeg er enig med Ivar Ertesvåg at Knud Knudsen Opsal er fadder i lenka du la inn først.I den andre lenka finner jeg at Knud Knudsen Opsals Drenge Barn er døbt - Søndag mellom 11. og 19. Julii 1744. 'Knud Knudsens Drenge Barn, Kaldet Knud.' Faddere: Ingebor Knudsdat. fra ...., Lina / Sina Samuelsdatter Sekkesæther, Farbr. Olsen Sekkesæther, Halvor Halvorsen, Ole Pedersen Kidalstjønn.Navnene må tas med ei klype salt - for utenforstående - lokalkunnskapen om navnene må korrigere min tolking.Og ja, det er nok kona som blir gravlagt: 'blev begravet i Weedøe Kirkegaard Knud Opsals quinde.' Det er ingen tvil om at det er mora til barnet som blir begravd. - sannsynligvis samme søndag som barnet ble døpt.Jeg har faktisk funnet noe av det samme - i min slekt - Barnedåp til tvillinger fant sted samme dag som jordfestelsen til mora fant sted, dette så sent som i 1882.Skrifta i bøkene du må bruke er ikke helt enkel, så om noen vil korrigere det jeg har tolket, kan det være helt på sin plass!Dagrun

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Ivar S. Ertesvåg

(3): Ja det stemmer. 8.s.e.trieining (19. juli) i Veøy. 'Knud Opsals Drenge Barn kaldet Knud.' Faddrar opplista, mora ikkje nemnd. Feretter følgjer ein annan dåp, før 'Same dag den 19de Julii blev begravet i Wedøe Kirchegaard Knud Opsals Quinde'. Namnet er ikkje nemnt.Etter reglane på denne tida, skulle born døypast innan åtte dagar.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Dagrun Dyrkorn Heimland

Hei Ivar Jeg visste ikke at det fantes en slik regel. Takk for denne opplysninga!Den kan være god å ha i bakhodet for å fastsette sånn noenlunde barns fødsel, for oftest er bare dåpsdato angitt på 1700-tallet.Dagrun

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Ivar S. Ertesvåg

Dagrun (7): Kristian Vs Norske Lov, 2.bok 5. kap. 6.art http://www.hf.uio.no/PNH/chr5web/chr5_02_05.html(5) Du kom før meg....: Faddrane les eg som 'Enbor Knudsdat / ter Væstia, AnnA Amnunds datter Sæche Søter, Peder Olsen Sæchesætter, Anders Halversen / Vestadstrand og Ole Pedersen Vidalshouen' [ / = linjeskift]

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Ivar S. Ertesvåg

(8): her vart det litt mange skriveleifar, ny freistnad: 'Enbor Knudsdat / ter Væstia, Anns Amunds datter Sæche Sætter, Peder Olsen Sæchesætter, Anders Halversen / Vestadstrand og Ole Pedersen Vidalshouen'

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Ivar S. Ertesvåg

(9)...jaja: det skulle vere '.. Anne Amunds datter...'

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Knut R Sande

Takk for fin hjelp.Namna Sekkesæter og Vestadstrand gir god meining. Då er det namnet til kona eg manglar. Eg kan gjere forsøk på å finne kva tid dei gifta seg.Knut R Sande

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Helge Bjerkevoll

Om Knut Knutsen er døpt i Veøy, så er det i følge FS/IGI 5 kandidater jeg kan finne viet etter 1730:KK gift 23/1 1732 med Marte Børgesdtr. Titulert som soldat i kirkeboka.KK gift 1/1 1733 med Ingebor Søfrendtr. Knut Knutsen Våge soldat.KK gift 5/6 1737 med Ingelev Knutsdtr. Soldat Knut Knutsen Slemmen i kirkeboka.KK gift 11/1 1739 med Elen Kristendtr. Knut K Dalset i kirkeboka.Og denne karen på linje 9: LenkeGift 3/7 1741 med Karen Eriksdtr.Men om kona var fra Grytten eller andre prestegjeld så kan han jo være viet der?vh Helge

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Jonny Lyngstad

Dette var ei fantastisk flott handskrift. Det er mengden lesing som gjør at man etter hvert synes at den er grei.Så var det faddrene:'Inbor Knudsdatter Næssie, Anne Amundsdatter Sæche Sæter, Peder Olsen Sæchesæter, Anders Halvorsen Vestadstrand og Ole Pedersen Vidalshouen'Lykke til med vider leiting.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Ivar S. Ertesvåg

(12): Regelen - dvs. framleis Kristian Vs lov (2.bok 8.kap 5. art) - var at 'Trolovelser og Vielser skulle ej holdis i andet Sogn, end Fæstemøen, eller Qvinden er, og sig opholder udi, uden det skeer med hendis Sognepræstis Samtykke'. Så det kan godt vere at han var gift i eit anna sokn.Er det ikkje slik at FS ofte utelet gardsnamn? Dvs at originalen kan innehalde meir informasjon.Sidan det var umyndige arvingar, skulle det vere offentleg skifte etter henne. Det vart rett nok synda mot regelen, særleg når det ikkje var noko å skifte. Dersom skiftet finst, står det kanskje noko om slektskap til formyndarane. Og dersom det finst ei bygdebok, har kanskje forfattaren lest i skifteprotokollen?(13): Ja, skrifta er litt uvand i byrjinga, men nokså regelmessig og med lite 'kluss'. Så med litt øving skulle ein kunne tyde det meste.Eg er samd i at det første gardsnamnet er 'Næssie'; når eg samanliknar med 'Niels-' (fleire tilfelle) nokre linjer nedanfor er det same førebokstav. Men eg ser ikkje heilt korleis fornamnet kan verte 'Inbor'. Det er fleire Inger, Iwer og Ingebor (og John og Johan - I og J er same bokstav) på desse sidene, alle er så godt som heilt like, og liknar ikkje på byrjinga av det første faddernamnet. Eg finn ingen Erich eller Elisabet eller andre E-namn, så eg vil ikkje vere skråsikker på framlegget om E heller. Den fjerde siste bokstaven kan vere ein u (før '-bor', som er greitt nok); det er noko som kan vere ei slynge over u. 'krusedullen' framom der igjen kan vere ein h. Utfordringa er at det skal gje meining som eit namn; på den andre sida er det mange -borg-namn, og dette kan vere eit lokalt som er uvant for oss. Kva med Thubor(g)? Det er ikkje ein klar T-, men det har ein krøll nede til høgre som liknar.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Dagrun Dyrkorn Heimland

Hei igjen Ivar E. Jeg er så imponert over henvisningene til Kristian V´s lov. Er det noe du slår opp i på nettet eller ei bok du har hjemme?Kommentar til debatten: Både Nesje (Nesjestranda) og Sekkeseter (Sæche Sæther)er kjente navn i Romsdalen / Grytten.Når vi sier Ingebor / Ingeborg i dag, kan gammel dialekt i Romsdalen uttales som Inbor - palatalisert n. Men navnet er likevel en forvrengning / dialektutgave av Ingeborg.Kirkeskriverne, prest eller klokker, skrev så godt de kunne, og samme navn kan finnes med mange ulike skrivemåter ved vielse, ulike barns dåp, konfirmasjoner etc.Thubor synes noe 'søkt' i den lokale navnetradisjonen, jeg har aldri hørt det, (har nære slektsrøtter fra Romsdalen) mens Inbor derimot kan synes som en dialektisk skrivemåte av Ing(e)bor(g).Som du sier er utfordringa at navnet skal gi mening som navn, og det vil oftest komme igjen i flere generasjoner. Det var vanlig å 'oppatkalle' barn etter forrige generasjon, Andrea etter Andreas etc. Barna skulle oppatkalles etter noen, ikke en lov etter Kr. V, men min mors utsagn, pr. kommende nov. - 88 år.Dagrun

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Ivar S. Ertesvåg

Dagrun (15): Kristian Vs lov ligg på nettet-i avskrft med latinske bokstavar, sjå lenkja i (8). Klikk på 'Til registeret' så kjem du til innhaldssida.Det stemmer det du skriv om Inbor/Ingeborg. Men eg finn det altså vanskeleg å tolke akkurat denne skrifta til å verte 'In(g)bor'. Som Jonny og eg var inne på, er dette ein prest som skriv tydeleg; - om enn noko uvant (for oss).Namneskikken har endra seg svært mykje frå 1745 til 1920 (og i dag). Du vil t.d. neppe finne nokon som heitte Dagrun, Jonny eller Reidar i 1745 - for å halde oss til denne tråden. Knut (Knud) og Ivar (Iver) var derimot mykje vanlegare enn no. Midt på 1700-t finn vi jentenamn som Helvig, Larissa, Kanutte, Alet, Femia, Borni, Stenanne og Sirene (desse er frå Volda 1741-60). Dei var ikkje vanlege, men dei fanst.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Else B. Rustad

Jeg leser denne fadderen som Gubor Knudsdatter Næsseie.Mvh Else B.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Ivar S. Ertesvåg

(17): Det kan vere. På 3.s.e.tr er det ein fadder Guttorm (siste fadder), og 4.s.e.tr er det ei Guri (første barn, andre fadder). Desse G-ane er ikkje heilt like det vi ser i -bor-namnet, eg trur det er det næraste vi kjem. Det kan hende skriftbiletet vert forstyrra av gjennomslag frå baksida også. Det er overgangen frå H til a i 'Hans' ('Døbt af hr. Hans Friis.....'). Gu(d)bor(g) er eit namn som har vore i bruk.'Næsseie' trur eg nok vert i feil landsdel; det er vel helst 'Næssie'. Sør-Nesje og Nord-Nesje er grannegardar til dei andre gardane som er nemnde her.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Else B. Rustad

Ja, Ivar, du har rett. Her ble det nok en e for mye. Næssie skal det være.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Dagrun Dyrkorn Heimland

Hei igjen,Jeg forsøker fortsatt å forstå folketellingslista for Haram. Der står det på enkelte av personene. Navn (uvesentlig i denne sammenhengen) alder, sivilstand, etc. Under Yrke er anm. 'Af landlægden' eller 'Af søelægden', men bare på en del av personene, ikke alle.Hva tolker dere dette til å bety?Dagrun

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Dagrun Dyrkorn Heimland

Neiiii........... Innlegget kom i feil debatt! Dette kan dere se bort fra. Dagrun

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Jonny Lyngstad

Flott Else.Det er Gubor. Man lærer så lenge man lever. Her var jeg for snar og tenkte for mye i de samme banene som de foran.Men Næssie er det.Da fikk vi alle navna korrekt.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.