Gå til innhold
Arkivverket

[#63145] Ekrøien i Øksendal (Sunndal) - oppslag bygdebok kring 1900? - Kyrkjebøker?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

FT1900 for garden Ekrøien (Ekkerøen) i Øksendal på Nordmøre syner denne huslyden:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Ole O. Øien hf g Gaardbruger S 1846 Øksendalen RomKristiana Larsdatter hm g Gaardmandskone 1843 Sogn NBKristine O. Øien d ug Husgjerning 1871 Øksendalen RomIngeborg O. Øien d ug Husgjærning 1882 Øksendalen Rom~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Ole Olson var fødd på Gravenes i Øksendal 6.4.1846 og gifte seg i Øksendal 30.6.1868 med Christiane Larsdotter, fødd i Sogndal i Sogn 9.1.1843.Eg finn kyrkjebøker på nettet for Øksendal fram til 1885, og der finn eg, ved eit raskt gjennomsyn, fire born:* Kristine, fødd innerstbarn Lien 7.10.1871* Eli, fødd husmannsbarn Lien 20.2.1876* Lars, fødd gardbrukarbarn Jordal 1.1.1880* Ingeborg, fødd gardbrukarbarn Ekkerøen 8.9.1882Etter dette kan det sjå ut som om Ole og Christiane busette seg på Ekrøien kring 1881, men mangelen på kyrkjebøker gjer at eg ikkje kan finna dødsfalli deira!Er det nokon med lokalkunnskap og/eller tilgjenge til ei lokal bygdebok, som kan fortelja meg:* Dato og stad for dødsfalli til Ole og Christiane på Ekrøien?* Kor mange born fekk dei i alt?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Endre Holten

Lars E !Ivar Seljedal skriv i Sunndalsboka, bind 5, side 101 og 112 om desse folka. Lars Eielson Sundve frå Voss, vart som enkemann gift i 1859 med enka Guro Jonsdotter Bruset i Øksendalen på Nordmøre. Dottera hans Lars, Kristianne Larsdotter, (1843-1925)vart gift 1868 med Ola Olson frå Liaplassen under Lien i Øksendalen (s. 73) (1846-1933)Dei hadde fem born: a)Ola, f. 1867, b)Kristine, f. 1871, gift 1904 med Anders Andersen Meisal, f. 1873. Dei tok over plassen Ekkerøya.c) Eli, f. 1875, d)Lars, f. 1876 og e) Ingeborg, f. |882. Mvh. Endre.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Endre Holten

Lars E !Ivar Seljedal skriv i Sunndalsboka, bind 5, side 101 og 112 om desse folka. Lars Eielson Sundve frå Voss, vart som enkemann gift i 1859 med enka Guro Jonsdotter Bruset i Øksendalen på Nordmøre. Dottera hans Lars, Kristianne Larsdotter, (1843-1925)vart gift 1868 med Ola Olson frå Liaplassen under Lien i Øksendalen (s. 73) (1846-1933)Dei hadde fem born: a)Ola, f. 1867, b)Kristine, f. 1871, gift 1904 med Anders Andersen Meisal, f. 1873. Dei tok over plassen Ekkerøya.c) Eli, f. 1875, d)Lars, f. 1876 og e) Ingeborg, f. |882. Mvh. Endre.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan O.K. Johnsen

Ivar Seljedal gir i Sunndalsboka – bind 5 ytterligere informasjon (s 101 og 102). Ole Olsen var oppsitter av plassen i tidsperioden 1879-1912. Videre: ”Ole Olsen var f. 1846, sønn av Ole Olsen Liaplassen og pike Eli Jonsdatter Gravem. Ble gift 1868 med Kristianne Larsdatter Sundve, f. 1843 i Hafslo (Sogn), datter av Lars Eielsen Sundve, der som enkemann i 1859 ble gift med enken Guro Jonsdatter Bruset i Øksendal. Ole Olsen fikk bygslet plassen i 1875. I 1879 fikk han kjøpt den for 1000 kr. og fikk den matrikkulert. I 1912 overlot han bruket til en svigersønn for 2000 kr. Konen Kristianne døde 1925, og Ole Olsen i 1933.” Nyere kirkebøker (etter 1885) for Øksendal og Ålvundeid er dessverre ikke mikrofilmet eller skannet. Jeg har i flere år purret på kirkekontoret i Sunndal for at de skal foreta seg noe i sakens anledning da de aktuelle kirkebøkene oppevares ved kontoret, men så langt har ingenting skjedd (?). Jeg foreslår derfor at du tar kontakt med kirkekontoret for å få nærmere opplysninger om dødsfallene.

bilete5727.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...
Gjest Magnar Husby

Knut H Sæther frå Øksendal (opphaldsstad Sogndal) har skrive eit supplement til Sunndalsbøkene og spesielt undersøkt fødslar på 1800-talet. Han har heller ikkje funne fleire barn enn det som no er nemnt ovanfor (5). Farmora til Ole Olsen g.m. Kristianne Larsdotter Sundve er mi tipptippoldemor, så eg har arbeidd ein del med denne slekta. Eldstesonen til Kristianne, Ole Olson f 1867, emigrerte 1888 til USA, gifta seg der med Anna Tofte og fekk 10 born. Somme av etterkomarane har vore på Ekkerøya. Kristine f 1871 d 1925 g.m. Anders Andersson Meisal tok over Ekkerøya, og etterkomarane deira sit med bruket Ekkerøya den dag i dag. Søstrene hennar, Eli og Ingeborg var og til USA, men kom tilbake og var begge gifte og busett på Bolsøya ved Molde (eg har vore i kontakt med etterkomarar/familie). Lars f 1880 emigrerte i 1901 til USA. Også han vart gift og budde i 1910 same stad som broren, men eg veit førebels ikkje noko om etterkomarar. Viss du vil vite meir om kva eg har av opplysningar, både om forfedrar og etterkomarar, må du berre ta kontakt på e-post eller telefon (magnarhu@c2i.net, 71265854/90849997)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Magnar Husby

Ved kontroll av innlegget mitt ser eg at eg og Endre Holten har noko forskjellige fødselsår på barna Eli og Lars. Eg har og mine frå Sunndalsboka, men kanskje ei anna utgåve enn Endre si? Dette krev ei nærare kontrollundersøking. Avstanden mellom dei oppgjevne fødselsåra for Lars, 1876 og 1880, kan tyde på at det kan ha vore to med namnet Lars.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Magnar Husby

Ein sjekk i Mb for Øksendal kyrkje viser at Eli var fødd 20.februar 1876 og Lars 17.februar 1880. Det er ikkje oppført andre med namnet Lars eller Eli frå 1875 til 1880. Til slutt om farmora deira Eli Jonsdotter. I Sunndalsboka bVs101 er påført namnet Grevem. Det må vere feil for Graven. Plassen Gravanes låg under Graven b1. Faren hennar bygsla plassen i 1828. Ho var fødd på Skrondal i Øksendal.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.