Gå til innhold
Arkivverket

[#63188] Gjert Gregoriusson Hovland


Gjest Gaute Losnegård
 Del

Recommended Posts

Gjest Gaute Losnegård

Eg prøver å finne ut litt meir om Gjert Gregoriusson Hovland, ein av dei tidlege utvandrarane til Amerika, og skaparen av den litterære sjangeren amerikabrev. Han blei døypt i Askvoll i 1794, og i 1801 budde han og familien i Bergen. I følgje bygdebok for Askvoll vart han gift i Avaldsnes med Joren Hallsteinsdotter Jordal av Odda sokn i Ullensvang, 30 år, og dei to oppheldt seg hjå Ole Olsen Stangeland, Karmøy, Avaldsnes. Det har ikkje vore råd for meg å verifisere denne sistnemnde informasjonen. På digitalarkivet har eg gjennomgått listene over vigde i kyrkjebøkene for Avaldsnes frå 1825-31 (det året Gjert utvandra), men utan å finne noko om dette giftarmålet. Kan nokon hjelpe meg?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Johan Arthur Hansen

I bygdebok for Stangeland og Kopervik står det følgende: Gjert Gregoriusson f.ca 1795, frå Nedre Folkedal i Askvoll. I 1821 g.m Jorunn Hallsteinsdtr. f. ca 1791, frå Jordal i Kinsarvik Barn: Gregorius f.1826. Gjert og Jorunn var begge i teneste hos Ola Olson på Stangeland da dei gifta seg. Dei er kalla strandsitjarar då dei fekk sonen i 1826. Side 221, nr. 41 Mvh. Johan Arthur Hansen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Utflyttinga står nederst på høgre sida, og med er også ein son (Gregorius) på 5 år.Kildeinformasjon: Rogaland fylke, Avaldsnes i Avaldsnes, Ministerialbok nr. A 5.2 (1825-1841), Inn- og utflyttede 1830-1831, side 365.Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1577&idx_id=1577&uid=ny&idx_side=-65>LenkePermanent bildelenke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gaute Losnegård

Ingrid Semmingsen (Veien mot vest, Oslo 1942) og fleire andre har skrive om han, og det finst brev av han som er lagt ut på nett. Han og familien søkte seg til den første norske kolonien i Kendall, N. Y., men reiste vidare til Illinois etter nokre år. Kjem tilbake med meir informasjon seinare.Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gaute Losnegård

Ho finst i alle fall ikkje under Jordal, der familien hennar budde. Faren var jordlaus husmann og smed, kan kanskje forklare at ho laut tidleg ut og tene.Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.