Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#63197] Knarvik i Lindås - kva kyrkjesokn var no det ein del av i 1920?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Eg har problem med virvaret av gamle og nye prestegjelds- og soknegrenser i Nord-Hordland. Eg har fånyttes leitt etter denne fødsli:* Arnold Ingvald Iverson Hillestad, fødd på Knarvik i Lindås 15.5.1920 (døydde i Høyanger i 1970)Foreldri var Iver Ingebrigtson Hillestad frå Hafslo og Marie f. Bryn frå ??Bruvik??Eg vonar at einkvan som er lokalkjend i området kan hjelpa meg finna:* Fødsli til Arnold Ingvald?* Eventuelt vigsli til foreldri (Arnold var første barnet deira...)?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Yngve Nedrebø

Knarvik var gnr. 121 i Lindås sokn i Lindås prestegjeld i Nordhordland.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Yngve for geografisk avklaring!I mellomtidi har eg funne vigsli til dette paret på Voss i 1919. Ogso der står Knarvik som bustad, men utan prestegjeld...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Marianne for siste nye innlegget om denne huslyden. Dotteri til Maria Brun fortalde meg at far hennar hadde vore på Voss på ''eksis'en'' og trefte mori der, so Maria må ha vakse opp på Voss, men eg er ikkje i stand til å finna bakgrunnen til desse foreldri, Lars Haakonson Bryn og Brita Arvesdotter. Dei er ikkje gifte på Voss, og ikkje heller finn eg dei i FT1900! Merkeleg...!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Det er vel Brita som blir født her 16/12-1868 og døpt i februar 1869, har problemer med å komme inn på kirkebøkene: Lenke Foreldre Arvid Rasmussen og Marjo Magnesdtr

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Det er vel Brita som blir født her 16/12-1868 og døpt i februar 1869, har problemer med å komme inn på kirkebøkene: Lenke Foreldre Arvid Rasmussen og Marjo Magnesdtr

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten og Kjellaug for nye spennande innlegg.No er opphavet til Maria Bryn etter kvart kome på plass. Det einaste eg i grunnen saknar, er kvar Lars Haakonson eigentleg voks opp? Han nytta namnet Mo i 1900, men eg kan ikkje sjå noko prov på at han nokon gong budde på Mo i Kvam (Vikøy). Derimot var mori Synneva frå Mossefin på Voss...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Kan det være han som er fosterbarn her i 1875? Fødestedet er ikke rett, men det har vi jo sett tilfeller av før. Alderen passer akkurat. Lenkemvh Kjellaug

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Kjellaug for siste innlegget. Dette må vera ''vår mann'', for Arne og Ranveig var besteforeldri hans, og dei var plassfolk under Mossefin!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marianne Bakketun

Du har framleis ikkje funne dåpen til Arnold Ingvald?Marianne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marianne Bakketun

Må rette deg ang besteforeldra til Lars. I fylgje Vossaboki vart Arne vart gift to gonger. I 1841 med Marta Olavsdtr Nesthus og hadde to born der, Knut og Synneva. Synneva er mor til Lars. Andre giftarmål i 1847, med Rannveig. Altså er det Marta som er den rette bestemora til Lars.Marianne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Marianne for oppklaring av opphavet til Lars Haakonson!Nei, eg har ikkje funne dåpen til Arnold Ingvald, MEN søsteri hans har fortalt meg at dei budde på SOTRA og ikkje på Lindås, før dei i 1921 flytte til Høyanger, so Arnold må vera fødd på knarrevik i Fjell!Problemet er soleis løyst!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marianne Bakketun

Har du funne han? I tilfelle ja, må du legge ved lenke, så me får sjå. :-))Marianne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hagen

Hei Lars!Eg vart so heldig å få eit barnebarn i nov. dette året, tilhøyrande på Askøy.Sjølvsagt starta eg opp med slekti has på morsida.Starta så gromt på dette arbeidet, men så enkelt var det ikkje? Som du seier: Eit virvar av gamle og nye prestegjelds- og soknegrenser i Nord-Hordland.Eg sette meg ned og katalogiserte prestegjeld og sokn ut i frå FT-1801 og FT-1865. Eg tok føre meg frå Fjell (Bergen med) og nordover til og med Askevold for å ha det på eit ark. Det blei for tungvint å hoppe ut og inn av dei forskjellige digitale databasar.Dersom du ynskjer det, så sender eg dette til deg for seinare arbeid du måtte koma bort i.Eg trenger di epost addresse.Mvh. Terje Hagen, Årdalstangen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Terje for nytt innlegg. Jau, eg ville setja stor pris på ei slik oversikt so du nemner. Eposten min er: lars.e.oyane@sdsl.noGod romjul!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.