Gå til innhold
Arkivverket

[#63224] Godtfred Pihl - kjøpmann i Bergen og gift der 1810 - kvar hadde han opphav ifrå?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Kjøpmann Godtfred Pihl og Margrethe Dorthea (Henriksdotter) Mejer gifte seg i Krosskyrkja i Bergen 26.3.1810 (Lenke).Margrethe var byjente frå Bergen, men eg finn Godtfred korkje i Undersøkingskommisjonen frå 1804 eller i FT1801.Er det nokon med detaljkunnskap om denne ætti som veit kvar Godtfred hadde opphavet sitt ifrå og kven foreldri hans var? Borgarboki for Bergen for denne perioden ser ikkje ut til å liggja ute på nettet...Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten, Kirsti og Johan Arthur for spennande og nyttige innlegg. Ingen tvi om at de har funne rette mannen; det var stavemåten i 1801 som lurte meg...! Problemet er løyst!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Steinar Olsen

heiet lite spørsmål. Er det forbindelse med dem og den Gotfried Pihl som blir gift med en Øllegård Larsdtr f. 1828, som bodde på Steiro i Borge i Nordland. Øllegårds foreldre er fra Hafslo i Sogn.Steinar

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Jau, kjøpmann Godtfred Pihl var far til den Godtfred Pihl som flytte til Borge. Eg veit at Øllegaard Larsdotter (Pihl) døydde som enkje på Steira i Borge 12.1.1913 og kjenner til fem born, tre døtrer frå første ekteskapet hennar med Jacob Olson (Kortnes) og to søner frå andre ekteskapet med Godtfred Pihl. Kanskje du Steinar har fleire detaljar om denne huslyden? I so fall er eg svært interessert!Med venleg helsing,Lars E. Øyane - lars.e.oyane@sdsl.no

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Steinar Olsen

heihar ikke for øyeblikket noe mer om dem, men kan sjekke opp med bygdebok etc.Det som du kanskje vet er at Øllegård Larsdtrs 1. mann Jakob Olsen er sønn av parret Ole Kristensen og Synnøve Jakobsdtr, Svartfjell, Hammarøy som du og spør etter.Steinar

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.