Gå til innhold
Arkivverket

[#63298] Anders Syverson ''Andrew Simpson'' (1855-1917) - ei utfordring i Chicago, IL?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Anders Syverson/Sjurson - i Amerika kjend som Andrew Simpson, er oppgjeven fødd i Noreg 4.7.1855 og skal ha utvandra til Amerika i 1871 (ref. FT1910) eller i 1875 (ref. FT1900). Han er å finna i FT1880 for Chicago, IL, då ugift spannkøyrar (''teamster''), men han gifte seg sidan to gonger, først med ei jente¨med bakgrunn frå Hafslo i Sogn og sidan med ei enkje frå Mecklenburg. Han døydde i Chicago, IL 29.4.1917.Dette er ikkje mykje å gå på, men kanskje ein eller annan dreg kjensel på namnet og kan hjelpa meg finna det norske opphavet hans?PS: FT1900 oppgjev Sverige som fødestad både på Anders og foreldri hans, men dette veit me er feil. Kanskje kom han frå grensetraktene på Hedmarken?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.