Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
Guest Lars E. Øyane

[#63327] Torsten Gullikson (1745-1804) frå Torstad i Vang, Valdres - utfordrande huslyd?

Recommended Posts

Guest Lars E. Øyane

Torsten Gullikson, fødd på Torstad i Vang, vart døypt i Slidre 27.12.1745 og gifte seg første gongen i Vang 11.6.1770 med ei Anna Knutsdotter, fødd kring 1738, uvisst kvar. Ho vart gravlagd frå Leine i Vang 10.11.1775, og Torsten gifte seg att i Vang 30.10.1776 med Kirsti Trondsdotter frå Østreim i Vang, døypt i Vang 13.2.1752. Huslyden budde først på Torstad i Vang, sidan på Leine i Vang og so på Hamre i Vang, men kring 1785 flytte Torsten med andre kona Kirsti til Hafslo i Sogn, og der døydde dei, han i 1804 og ho i 1813.Problemet mitt gjeld:* Opphavet til første kona Anna Knutsdotter?* Lagnadane til to av borni:Gullik Torstenson, døypt i Vang 12.11.1775Anna Torstensdotter, døypt i Vang 14.12.1780Dotteri Berit (1783-1836) flytte med foreldri til Hafslo i Sogn og vart gift der, medan dei andre borni døydde unge.Er det nokon med spesialkunnskap om ætter i Vang (og Slidre) som kan hjelpa meg finna lagnadene til Gullik eller Anna? Eg trur Gullik KAN vera identisk med:Gullik Torstenson, gift første gongen i Slidre 23.10.1800 med Siri Knutsdotter og andre gongen i Slidre 14.4.1810 med Cecilia Olsdotter. Dei budde på Beito i Slidre og fekk i alle fall desse borni:- Torsten Gullikson, døypt i Slidre 11.6.1797- Guri Gulliksdotter, døypt i Slidre 16.8.1801- Thomas Gullikson, døypt i Slidre 29.9.1804- Ole Gullikson, fødd i Slidre 26.12.1809- Torsten Gullikson, fødd i Slidre 14.5.1815Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.