Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Marianne Bakketun

[#63350] Oppslag Skjold: gard og ætt

Recommended Posts

Gjest Marianne Bakketun

Er det nokon som har desse bøkene: Østrem, Nils Olav: Skjold : gard og ætt, 1999, 2 b. Lurer på kva det eventuelt står om eit ektepar frå Voss som busette seg i Skjold, på garden Langaarsdalen. Det gjeld Styrk Sjurss og Brita Nilsdtr og iallefall sonen Nils. Nils var fødd i Granvin, der dei budde frå 1824 og iallefall til Nils vart fødd i 1835/36. Sjå 1865-teljinga: Lenke Har ikkje funne Styrk og Brita døde i Skjold. Giftarmål og alle borna fødde i Granvin har eg.Marianne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Johan Arthur Hansen

Kan ikke finne noe om dem i de to bygdebøkene for Skjold. Finner ikke noen gard med navn Langaarsdalen, men den kan ligge under en annen gård kanskje. Finner dem heller ikke i personregisteret. Mvh. Johan Arthur Hansen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marianne Bakketun

Merkeleg! Nils, sonen er busett på same gard i 1900. Då står det under bruk 58. Hjelper det noko?Marianne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marianne Bakketun

Kan nr 58 vera Bjordal? Har kopiert dette frå soknehistorikk: '1929: Grenseregulering; Ved kgl.res. 22.02. ble gårdene Bjordal ytre, gnr. 58, bnr. 1, og Bjordal indre, gnr. 59, bnr. 1 og 2 i Skjold overført fra Skjold sokn og kommune til Vikebygd sokn og kommune i Sveio prestegjeld i Hordaland'Marianne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marianne Bakketun

Andre som har noko framlegg om kva gard denne Langaardsdalen kan ligge under? Har søkt i O. Rygh og garden finns ikkje..... Men både i 1865 og i 1900 bur det folk der.Marianne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Trygve Utne

Hei! Eg har dette: Nils Olav Østrem Gards og ættesoge Skjold II s. 228: ”Anna Størksdtr. andre kona til Samson, var frå Longårdsdalen. Foreldra hennar kom flyttande dit frå Voss, men hadde butt ei tid i Granvin. Svogeren til Anna, stortingsmann Johannes Johannesson Aga, skreiv i 1842 i dagboka si at svigerforeldra hans levde i 'tarvelige kaar med mange små' på garden Bjordal, den gongen i Skjold prestegjeld.”Eg trur det ikkje er bygdebøker for Longåsdalen enno, men eg har funne denne linken på internet: http://home.online.no/~gretevik/longaas.htmMvh. Trygve Utne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marianne Bakketun

Hurra! Dette stemmer på ein prikk. Nils hadde ei syster ved navn Anna og den eldste søstra i flokken vart gift med J.J. Aga. Tusen takk!Marianne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Trygve Utne

Eit par spørsmål. Har du oversikt over foreldra til Brita Nilsdtr.? Og veit du kva som hende med sonen Sjur Styrkson (1825- )?(Det er eit bilete av Anna Styrksdtr. i Skjold II.)Trygve

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marianne Bakketun

Når det gjeld oversikt over foreldra til Brita, så var det svært usikkert heilt til no. Har streva litt med å stadfest kvar ho kom frå. Ho stod nemleg oppført som 37 år då ho gifta seg med Styrk i 1824, men dette kan ikkje stemme. I 1865 var ho 12 år yngre enn mannen, så det stemmer betre med mistanken om at ho kom frå Kvitno i Raundalen, fødd i 1799.Har ikkje sjekka sonen Sjur, nei. Kan det vera han som er nemt som Torjus i den lenka du la ved? Mitt oppdrag var egentleg å finna ut om Brita og Styrk. Anna er heller ikkje så interessant, sånn sett. Men tusen takk likevel.Marianne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Johan Arthur Hansen

Her har du bilde av Anna Styrksdtr. Mvh. Johan Arthur Hansen

bilete5740.-01.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marianne Bakketun

Står det noko om kor gamal dame er her?Marianne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Johan Arthur Hansen

Det står at hun er fotografert som enke etter 1908. Mvh. Johan Arthur Hansen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marianne Bakketun

Fødd ca 1833, så er ho iallefall 75 år og slik ser ho vel ut og. :-))Marianne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marianne Bakketun

Har funne det eg egentleg var ute etter. Har du Trygve opplysningar om Sjur eller er du ute etter opplysningar om han?Marianne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Trygve Utne

Eg manglar opplysningar om Sjur. Mi line går via Guri Styrksdtr. Så Sjur er ikkje så viktig, men har lurt litt på kva som hende med han.Det stemmer nok at Brita var frå Kvitno i Raundalen. Om mine notat stemmar så vart Brita døypt i Vangskyrkja 12. mai 1799. Ho var ikkje lett å finne ut av! Eg har også tidligare funna Styrk og Brita som innflytte i kyrkjeboka (1836?), men kan ikkje finne dei igjen i kveld. Der stod det at Brita var fødd på ”Qvickne paa Vos”.Trygve

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marianne Bakketun

Dei eg prøver å hjelpe, er også etterkomarar frå Guri. Sidan ho stod oppført som 37 år og frå Voll, trudde dei ho kom frå garden Voll, men det stemmer iallefall ikkje. Og ho var nok ikkje 37 år då ho gifta seg. Rart det vart skrive 12 år feil, men det er vel kanskje sånn som skjer? I farten same alder på begge ektemakane?Marianne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Trygve Utne

Ja, det vart vanskeleg å finna ho på garden Voll. Det var vel ikkje alltid alderen vart ført rett.Me heldige som ætter frå Guri og Johannes, for det er mykje informasjon om dei. Guri vart 103 år! Dagboka til far og son Johannes P/J Aga er ei gullgruve!Trygve

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marianne Bakketun

Trygve: Kan det stemma at familien til Brita (og iallefall ei eit år yngre syster, Maritha) var på Grove då jentene vart konfirmerte i 1814 - ei om våren (?) og ei om hausten (?) Har ikkje greidd å verifisere at det er same familien. Det er Grove i Raundalen og det er Grove i Kvitle. Har iallfall ikkje funne nokon som høver med Kvitno, så familien må ha flytta på seg.Marianne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Trygve Utne

Eg er ikkje i stand til å finne tilbake alle mine notat om Brita Nilsdtr. Eg meiner at eg har som far til Brita, den Nils Torgeirson f. 1762, gift med Marta Endresdtr. som me finn i Vossaboki 3 Kvitno i Raundalen bruk 1. Så lenge eg ikkje kan finne notata mine att, veit eg ikkje om det er den rette Brita.I folketeljinga for 1801 er Nils Torgeir ”Raadsmand” på Qvitne. Vossaboki skriv at Nils er paktar på Kvitno i Raundalen ikring 1800 og er truleg son til gardeigaren – Torgeir Torgeirson. Det er vel mykje truleg at familien har flytt, for i 1807 er garden skøyt over til ein ny eigar. Eg meiner å hugse at eg har funne ein tilknyting til ein annan gard, men har ikkje tid til å leite meir no.Trygve

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marianne Bakketun

Visst Brita kom frå Kvitne, som må vera rett, er foreldra dei du nemner - Nils Torgjers og Marita Endresdtr. Brita var truleg nr 2 i flokken og fødd i 1799. Ei eldre syster, Marita, var fødd året før. Må vel prøva å finna ut om familen har budd på Grove/Graave, sidan eg finn tilknytning til to jenter konfirmerte på Grove/Graave, nemleg ei Marita Nilsdtr og ei Brita Nilsdtr.Marianne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marianne Bakketun

Takk for det. Har sett denne og er vel rimeleg sikker på at det må vera Brita frå Kvitne. Det som er misvisande er at ho står oppført som 37 år når ho gifter seg i 1824. Egentleg er ho berre 25 år!Marianne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.