Gå til innhold
Arkivverket

[#63373] Ole Olsen Los f. ca. 1699 på Karlsnes i Bud kvar vart han av?


Gjest John H. Aarønes
 Del

Recommended Posts

Gjest John H. Aarønes

Ole Olsen Lods (1699 – e. 1752)Foreldra hans var: Mali Larsdatter Gule og Olle Larsen Indre Karlsvik (1641 – 1710)Barna deira var: a. Anders (1683 – 1728) til Vestadb. Peder (1689 – f. 1752)c. Ole (1699 – e. 1752) los i Budd. Iver (1700 – f. 1710)e. Erik til Håsetf. Beret g. m. Nils Hannibaldsen Tungen (1707 – 1763)g. Inger d. før 1752h. MargreteOle Olsen los hadde desse døtrene:26/11 1741 døbt Olle Loses barn nafnlig Barbro Olsdatter. Faddere Erich Jensen, Christen Erichsen, Erich Olsen, Martha Erichsdatter, Malene Steffensdatter, Berit Olsdatter.1746 Bapt i Boe Ole Olsøn Lodses B: Elisabeth. Fidejus: Iver Odensøn, Joen Hendriksøn, Mette Susana Tostrup, Ane PedersD:, Mali JonsD:Dom 16ta 1744 var han sponsor i Bud då enkemannen Joen Hendriksøn trulova seg med pigen Ane PedersDatter.Eit skifte i 1752 viser at han var i live då.Men kvar vart det av Ole Olsen los etter 1746?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Erling O. Hagerup

Om Ole los har eg ikkje meir enn det du nemner ovanfor. Men eg har notert at Ole los var fadder ved dåpen av Tron Larsen Vestad 17.03.1776. (Dåpsbarnet 'Troen' var son av Lars (Tronsen Julbøen) Vestad og Eli Pedersd. Skarset.) I kyrkjeboka står rett nok ikkje Ole Olsen los, men 'Ole Indre Carlsvig'. Kan dette vere nokon annan?Det skiftet som du nemner frå 1752, går eg ut frå er skiftet starta 21.01.1752 etter Peder Olsen og hans arvingar og enkja Trin Pedersd. Dette skiftet har eg ikkje heilt greidd å forstå. For dette er vel skifte etter Peder, bror til Ole los? Kvifor arva då ikkje søskena hans alt etter han? Kvifor kjem fjernare slektningar i morsætta inn som medarvingar?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

Hei!Takk for innspel! Den innførsla har eg ikkje merka meg før.Såvidt eg kan forstå er dei andre fadrane under 50 år, Ole Los vil vere rundt 77 år. Men han kan vel vere fadder for det?Det er merkeleg med Ole Olsen los. Eg finn ikkje innført i kyrkjeboka som daud, eg finn ikkje døtrene konfirmert i Bod. Dette tyder kanskje at han har flytta ein annan stad?Ellers har eg også undra meg over skiftet i 1752, men synest det er flott å få så mykje slektsinformasjon.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Erling O. Hagerup

Første avsnitt i #3 var forhasta. Det er vel som du seier: Mykje talar for at han kan ha flytta til eit anna prestegjeld.Dersom Ole levde enno i 1776 hadde han ein slik alder at han i alle fall ikkje kunne vere eit 'naturleg' val som fadder. Eg har også søkt etter dødsfallet i kyrkjeboka for Bud i tida 1776-1801 utan å finne det. Det er vel berre å konkludere med at nemnte fadder mest sannsynleg var ein annan. (Ein Ole Johansen hadde 2v 9m i Kalsvig indre i 1766, men garden var etter Lars Gule øyde i 1769.)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

Eg hadde vona at dåpen til dei to døtrene ville gje spor å gå vidare etter. Diverre seier det meg svært lite.I dåpen hennar Barbro er det påfallande at mest alle har Erich, enten som døypenamn eller farsnamn.Kan nokre av desse vere slektningar av Ole Los si kone?I 1774 er det skifte etter Erich Sæmundsen (ca. 1707 - 1763) i Boe - enka er Elisabeth Olsdatter. Dei hadde ikkje barn saman. Erichs søsken var hans arvingar, nemleg Iver, Marithe g.m. Erich Bing og Kari.Skal tru kven denne Elisabeth Olsdtr. er?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Erling O. Hagerup

Fadrar ved dåp 1741: Nokre av namna gjev meg assosiasjonar til Juul-folka på Haugen, men eg veit ikkje om dette kan vere noko å vurdere nærare. Christen Erichsen (Juul) Haugen (1715-1773), gift med Ingeborg Sæmundsdatter (1718-1757) kan kanskje vere eit alternativ. Far til Christen Erichsen var Erich Jensen Juul (som etter Lars Gule var gjestgjevar og største skattytar i Bud). Eg veit ikkje om han levde i 1741.Malene Steffensdatter kan kanskje vere dotter av Stephen Olsen Bersæt (1686-1752) og Kristi (ca 1687-1750)? Eg har notert at denne Malene/Margrete levde 1712-1752.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

Takk nok ein gong!Ja - det kan kanskje vere Juul-folk. Erich Jensen Juul var etter det eg kan sjå i live 1728Romsdal Skifteprt. N6 p. 477 : 1728 12/6 Skifte efter sal. Jens Aagesen Find i Bue - hvor Jens Hansen Juul 12-3-20; - og Erich Jensen Juul - 10-2-20.Truleg er det han som er nemnt i Romsdal Skifteprt. 6 p. 566 : 1729 28/2 Skifte efter Stephen Erichsens Hustru - hvor Iver Iversen og Erich Jensen - Vurderingsmænd.I 1747 ser eg at ein Erich Jensen er daud 76 år gl., men eg veit ikkje om det er den same som stod fadder.Christen var vel nettopp gift då han stod fadder.Martha Erichsdatter - kan det vere ei Juuldatter også?Kan dette vere slekta til Ole los si kone?Erich Olsen (Håset) og Berit Olsdotter (g.m. Niels Hanibaldsen på Tungen kan kanskje ver søskem av Ole los?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Erling O. Hagerup

Fadrane 'Christen Eriksøn i Boe' og 'Jens Eriksøn ibid.' var også fadrar ved ein dåp i Bud kyrkje i 1744 (2. søndag etter epiphania, som vel må vere 19 januar?). [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16071&idx_id=16071&uid=ny&idx_side=-15>LenkeDei var fadrar for Ane Cathrina Morsing, dotter av Erland Iversøn Vigene. Erland døydde 1757.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Erling O. Hagerup

Om dei andre fadrane ved dåpen 1741 (#1, skal vere 26.11.1740?) har eg dette:Erich Olsen: Dette må vel tvillaust vere bror av Ole los, Erik Olsen Håset?Martha Erichsdatter: Om henne har eg ingen opplysningar om opphav eller slektskap. Eg har notert at ho i 1740 var fadder for desse 3 (i tillegg til Barbro): Tolle Olsdatter (1. mai), den 6. (8.?) juli for Jon Engebretsen, og 1. november for Erich Christensen.[url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16071&idx_id=16071&uid=ny&idx_side=-4>LenkeBerit Olsdatter: Det kan vel ikkje vere grunnlag for tvil om at dette var søster av Ole los, gift med Nils Hannibalsen Tungen (og død 1771 - jordfesta 21. april, Niels Hannibalsens Enke, 78 år))?Om fadrane ved dåpen 1746 har eg nær sagt ingen opplysningar. - Mette Susanna Tostrup gift seg 1745 med Nicolai Olufsen Davgaard.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

Hei - flott å få hjelp!Elisabeths dåp - fadrar:Joen Henrichsen er innflyttar frå Engen (Rauma). Det er skifte etter ham i Bud 1752 - enka er Ane Pedersdatter. Desse to var fadrar ved dåpen hennar Elisabeth.Anne kan vere datter av Peder Bjørnsen (1650 - 1704) og Mali Jørgensdatter Haugen. Mali var først gift med Steffen (Andersen Stranden?) i følgje Lars Gule. Mali må vel helst vere dotter av Jørgen Jørgensen Haugen.Peder Bjørnsen og Mali Jørgensdatter hadde også sonen Jørgen Pedersen Haugen var gift medSønnøv Paulsdatter. Som enke gifta ho seg oppatt med Aslak Olsen.Aslak Olsen var verge for enka Ane Pedersdatter ved skiftet i 1752.Jon Henrichsen var morfar til Ole Alvsen.Iver Odensen (Viderø) var kanskje frå Molde, son av Oden Odensen på Reknes og prestedottera Maren Iversdatter Helt. Iver var gift med Margrethe Nielsdatter Cimber. 1748 1/7 Skifte i Bue Fiskevær efter afg. Gjertrud Tungen, hvor Iver Odensen har til gode for 1 Td. Malt - 1 Rd. 3 ort - og er der skeet Udleg til Iver Oudensens Enke. Han er altså daud før den datoen, men var i live 3/9 1747 og i full aktivitet.Ja - Barbros dåp var i 1740.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

I skattemanntalet for Bud fiskevær 1741 er Ole Olsen Lods nemnt som husmnann, i 1748 står han ikkje i skattemanntalet for Bud.Sidan dottera Elisabeth vert døypt i 1746, kan det vel tyde at han har reist frå Bud mellom 1746 og 1748.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

Ole Indre Carlsvig som var fadder 17.03.1776 må vel helst ver Ole Pedersen Indre Karlsvik som er i skattemanntalet 1774 som utan formue.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...
Gjest John H. Aarønes

Romsdals Pantebog 2 pg. 123 : Fosund 7/11 1738 bestaar Sorenskriver Johan Harboe Nordmør at Msr. Hans Em boende udj Boe med den Summa 660 Rdlr, 3 ort 22 sk. har indfriiet og betalt det Udlæg som mig paa Arveskiftet efter sal, Christopher Mülenfort dj. 15/6 1735 blev tillagt Anna Dorothe Christophersdttr. Myllenforts i hans Bo indestaaende Mødrenearv etc. : Samme udlæg bestaar i Christopher Møllenforts forhen iboende Huse med Grund og Hauge i Boe, Ole Peders., Ole Jørgens., Hans Anders., Ole Christians., Elias Peders., Ole Lodses, Povel Lassesens i Ole Pauls., Sæmund(?) eriks., Madam Bastian Erichsens paaboende Grunder i Boe 1 Vog 1 pd. 3 mrkl. fiskes leje med bøxel i Sunde, 20 mrkl. fisk med Bøxel i Kalsvigen, og 4 mrkl. med Bøxel i Kalsnes samt 1 jægt., med alt tilhørende Redskab formelle Hans Em og Hans Hustru og deres arf herefter tillige med løsøret og det øvrige Udlæg efter omhandlede Skiftebrevis Udvis, hvilket ei her som Vidløftighed kan nævnes Skal have nyde bruge og benytte til evindelig Odel og Eiendom upaavirket af mig eller nogen Anden herefter paa madm. Anne Dorothea Christophersdatter Mylenfort Vegne eftersom og herved er bleven indfriet den pante Obligation som forbemelte Christopher Mulenphort til Sikkerhed for denne hans datters og Myndlings Midler givet haver. 28/3 1733 hvilken merbemelte Em nu paategnet kvittering overstrykes (Kjelde: Jens Collin)Her ser ein at Ole Lods budde på ein av desse grunnane. Diverre er det vanskeleg å plassere staden i Bue nærare då grunnane nemnt i panteboka var spreidd. Eit par av husmennene kan under tvil knytast til Vike, ein til Kleppen, Vigene mm. Hadde ein vore i stand til å plassere plassen Ole los budde på kunne ein kanskje spore han opp.I 1749 solgte Hans Ehm den plassen med hus som Ole los budde på til Hans Olsen som var høgstbydande.Lars J. Gule skriv i sine notatar at Hans Olsen i 1749 kjøpte ein plass på Sunde, som han selde vidare til Bud kirke. Kva for ein Hans dette er veit eg ikkje- Hans Olsen Inden for Haugen g. m. søskenbarnet til Ole Los, eller den nygifte lensmannen Hans Olsen (Tungen - men han busette vel seg på Kipperberget) kan vel vere kandidatar.Er det nokon som er så godt kjende i Bud på 1700-talet at dei kan plassere dei grunnene Hans Ehm fekk hand om?Ole los budde framleis i Bud i 1749, skal tru om han no måtte finne seg husrom andre stader enn Bud?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Erling O. Hagerup

Til nr. 9, 10 og 11 – om Martha Erichsd. kan vere av Juul-familien: Eg har fått opplyst få Arve Hammerøy at Martha Erichsdatter Juel, enke, og sonen Iver Erlandsen, i Extra schatten for Vaagøe kirchesogn 1762 til 1773, er førte opp som busette på Bjørnsund, under hus nr. 12 (Daniel Stephensens Gods). Av dette går fram at ho brukte namnet Juul.Korreksjon til innlegg 10: Martha Erichsdatter Juel (i innlegg 10 skrive Marit Eriksdatter) må ha gifta seg med enkemann Erland Iversen Vigene i tida mellom 1733 og 1743 (skifte etter første kona hans, Beret Pedersdatter, 06.06.1733). Borna Iver, Ane Cathrina og Erland må då vere frå hans ekteskap nr. 2 med Martha Erichsdatter.Til 12 (Joen Henrichsen): Ole los var forlovar (saman med Jon Jonsen = Jon Jonsen Svenske?) då Jon Henriksen trulova seg med Ane Pedersd. 13.9.1744.[url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16071&idx_id=16071&uid=ny&idx_side=-18>LenkeEit sidespor: Ole los var (som så mange andre på denne tida) offer for prestetukt i 1742. Presten meinte visst at han tok inn for mykje flytande føde: Trinitatis (20. Mai) 1742 blei han for 3. gong åtvara av presten ”om sin ondskab at aflade”. Presten brukte sterke ord og skriv at Ole los var ”een bekandt Dranker”.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

Takka vere god hjelp har in fått klarlagt at Ole Olsen Los var daud i september 1752 då det vart halden offentleg auksjon på husa til Ole Olsen Lods i Bud. Han var nemnt som arving med ein brorpart i eit skifte der registrering fann stad 23/1 1752.Eg kan ikkje finne noko skifte etter han i den tida - og det burde det jo vere dersom han hadde barn i live som var umyndige.Det er eit skifte 5/6 1754 (etter Marius Sandviks avskrifter) etter Ole Olsen Vågen Han g.1746 m. Christi Ravaldsdatter. Her er ikkje Ole Olsens sivilstatus oppgjeven hadde han vore enkemann ville det kanskje stå?Dessutan står Permanent sidelenke: Lenke han ført som gravfæstet 1753, 36 år. Skal det høve med Ole Lodses død, skjer gravfæstinga 1 år etter.No kan visstnok føringa av gravfesting i kyrkjebøkene vere upålitelege. Ole Los skulle vere omlag 20 år eldre. Kan avvika vere så store?Dessutan står korkje Barbro Olsdatter eller Lisbet Olsdatter nemnt som barn av Ole Olsen Vogen ved skiftet i 1754. Ikkje har eg sett dei ført som daude før 1754 heller.Kor påliteleg er eigentleg kyrkjebøkene? Er det riktig som det vert sagt at kyrkjehandlingane først vart ført på lause lappar og sidan ført inn i kyrkjeboka når presten fekk tid?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

Ja - det er nok rett at det vert ført på lappar i eldste kyrkjeboka for Bod også. Ser presten skriv ein gong etter at 'årsrekneskapen' er gjort opp med antal døypte, døyde, vigde o.l. at han har gløymt å føre over ein dåp frå seddelen.Men når det gjeld Ole Olsen Vogen har nok kyrkjeboka innførslar som ein kan stole på.Ved skifte 1754 etter Ole Olsen Vaagen i Bue etterket han seg barna Ole 8 år og Berith 2 år. I 1764 er det skifte etter Ole Povelsen. I skiftet vert nemnt som arving:2. Ole Olsen død: Barn: Ole og Bridt.Det skulle difor vere svært sannsynleg at far til Ole Olsen Vaagen er denn Ole Povelsen som det er skifte etter i 1764.Så får eg berre halde fram med leitinga.Eg ser at ei Lisbeth Olsd. Kleppen vert konfirmert i 1765. Dotter hans Ole Lods vil vel då vere 19-20 år - kanskje i eldste laget for å verte konfirmert?Eg kan ikkje finne nokon Ole som høver som far på Kleppen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.