Gå til innhold
Arkivverket

[#63377] Janniche Sophie Jensdotter Schouboe, fødd i Bergen 1833 - lagnaden hennar?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Janniche Sophie Jensdotter Schouboe var fødd i Domkyrkjesokni i Bergen 18.2.1833 (Lenke).Janniche gifte seg i Domkyrkja i Bergen 9.5.1869 med Jacob Andersen, fødd i Bergen 5.6.1830, døydde i Bergen 26.11.1870.Janniche fekk to døtrer (som eg kjenner til):* Petra Elisabeth, dotter av Janniche og matros Peder Eliassen, var fødd i Domkyrkjesokni 11.1.1861.* Marie Thomine, dotter av Janniche og etemann Jacob Andersen, var fødd i Domkyrkjesokni 12.2.1870.Men kvar vart det av Janniche og borni hennar etter mannen døydde i 1870? Eg ser Marie Thomine i 1875 som pleiebarn (frå fattigstellet) hjå ein Søren Hansson Næs i Bergen (23. rode, nr. 10a), medan Petra Elisabeth i 1875 var pleiebarn (frå fattigstellet) hjå Elling Kindeim frå Voss, busett i Bergen (11. rode, nr. 114).Eg har so langt ikkje funne dødsfallet til Janniche i Bergen, og ikkje heller finn eg ho i dei ulike folketeljingane i Bergen. Kvar kan ho ha ''gøymt'' seg?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Berit for spennande og nyttige opplysningar! Eg såg denne Jannike som hadde feil fødestad i databasen, men tenkte ikkje på å sjekka originalen...Men no er problemet løyst, og eg er svært so takksam!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.