Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
Guest John H. Aarønes

[#63697] Gjert Andersen f. 1725 i Nordfjord - lensmann i Bud - Romsdal

Recommended Posts

Guest John H. Aarønes

Gjert Andersen gift 1760 med enka Inger Nielsdatter Ravnegaard.I Extra-rulle for Sjølægdene i Romsdals fogderi 1768 - 1790 vert oppgjeve at han er født i Nordfjord 1725 og bur i Boe med tittel lensmann.Gjert og Inger budde i hus. nr. 27 i Bud i 1762 og vert då kalla strandsitter og sjølveigar og dei fekk dottera Ane Gjertsdatter (1761 - 1806)Kanskje er det nokon som kan kasste lys over Gjert Andersens opphav?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Erling O. Hagerup

Gjert har eg som fadder for Hans Andersen Kalsnes 09.09.1759. Han har då tittelen 'Skolemester'.[url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16071&idx_id=16071&uid=ny&idx_side=-95>LenkeHan kan då kanskje ha kome til Bud som lærar i slutten av 1750-åra. (Eg har ikkje sett namnet hans i kyrkjeboka tidlegare.) Kan hende var han lærar fram til lensmann Hans Olsen døydde i 1765?Dette sier nok ikkje noko om opphavet hans, men eg håper det kan kanskje gje fleire spor.Gjert ser ut til å ha vore lensmann til han døydde i 1803 ('Lensm. Giert Anders. - 76 aar') - jordfesta 2. søndag i advent(?).

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest John H. Aarønes

Hei Erling!Takk for nok eit innspel.Eg har byrja undrast om lensmannen Gjert Andersen kunne vere ein presteson??Her er første del av ei avskrift etter Jens Collin:'Romsdals geistl. Skifteprt. p. 167 : 1732 12/6 var Prosten Hr. Erich Pedersen Leganger, Hr. Jacob Lund Sognepræst til Agerøen, Hr. Lars Barhauw Medtjener til Vedøen Menighed samlede paa Grytten Præstegaard for at holde Arveskifte efter Velærv. Hr. Andrea Heiberg, Sognepræst til Grytten Kald afdøde Kjereste nu sal. Maren Ludvigsdatter Munthe mellem hendes efterlevende kjereste Hr. Andreas Heiberg og efterladte Børn, nemlig 2 Søner og 3 Døttre. Sønnen Ludvig 9 Aar gl.; Sønnen Giert 7 1/2 Aar gl.; Datteren Sophia 10 Aar gl.; Datteren Karen 4 1/2 Aar gl.; Datteren Ane 2 Aar'Her ser vi at Hr. Anders(Giertsen) Heiberg til Grytten (Født 21.09.1693 - 28.04.1743) etterlet seg ein son Gjert, 7 1/2 år i 1732.Maren Christine Ludviksdatter Munthe var Hr. Anders første kone og då mor til Giert.Hr. Anders foreldre er vel helst Giert Heiberg og Sophie Christensdatter Rønne.Den første av sonene til Hr. Anders og Maren som eg finn døypt i Romsdal ser ut til å vere Christopher i 1726.Veø Kirkebog 1726 - Tirsdag 19/2 døbt (af Hr. Leganger) i Grytten Kirke Hr. Andrea Heibergs Søn Chistopher. tils. min Hustru, Hille Margretha, Ludvig Lem, Hans Engelhard, Olle Sogge.Det kan tyde på at sonen Giert Andersen er født ein annan stad.Veit nokon kvar Hr. Anders kom frå - ein stad i Nordfjord €

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.