Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Jan Frode Johansen

[#63763] HORDALAND: Trenger oppslag i Bygdebok for Tysnes Gården Eldholm bd. 2

Recommended Posts

Gjest Jan Frode Johansen

Jeg trenger et oppslag i Tysnes gards- og ættesoge bd.2Gården Eldholm.Det gjelder Hans Abrahamsen Elholm f.ca. 1729 i Tysnes.Håper noen kan hjelpe meg å finne hans opphav.Med vennlig hilsenJan Frode Johansen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Erling Utne

Eg trur dette må vere faren. E.B.Drange: Tysnes 2 s. 716:Abraham Hansson Eldholm f.o. 1701 d. 1752 vart g. I. m. Anna Nilsdtr. Meling, Austevoll f.o. 1700 d. 1745, g. II. 1746 m. Helga Johannesdtr. Birkeland, Austevoll. Abraham bygsla foreldra sin (attverande halve) del av Eldholm i 1718, men var truleg ungkar endå nokre år frametter. Han sa opp jorda for sonen 1749, og busette seg i Hopssundet (Øvra- Hope, sjå br. 5.), der han fekk meir tid til å driva fiske, som må ha vore hovudnæringa hans. Men han kom vekk på ei reis til Bergen alt 1752. På Eldholm skulle Nils føda 1 ku i året for far sin, «og lade ham bruge af bemelte Jordepart de smaa agerflekker som hand selv har opbrudt». Anna vart gift opp att 1754 m. enkjemann Lars Monsson Sandvikjo, Austevoll (1718-89) og flytta til Sandvikjo. Abraham var militær legdsmann. Born (Anna og Abraham): 1. Ingeborg f. 1725 d. før 1746 2. Nils, sjå nf. 3. Anna b. Tegland br. 6. 4. Hans (1731-1815) vart g. 1756 m. Inger Torbjørnsdtr. Krokeide, Fana, og overtok farsjorda hennar. 5. Abraham (1733-85) vart g. 1755 m. Ingeborg Johannesdtr. Tegland br. 6., gardbr. og fiskar i Kolbeins-vik, Austevoll. Han kom vekk på sjøen. Son Abraham g.m. Marta Larsdtr. Eneset (Vemo). Helga og Abraham sine born: 1. Anna f. 1747, truleg g. I. m. Ola Hansson, b. Haukanes, Austevoll, sidan Bergen, ho g. II. 1786 (76?) i Korskirken m. Ole Olson «Reis» eller Haukanes, f. Reiso br. 3., fiskar, b. Bergen. 2. Mons (1750-1815), gardbr. og fiskar på Meling i Auste-voll, g.m. Eli Andersdt. Otterøyno, Fitjar (no Austevoll). Abraham hadde kan hende ein son utanfor ekte- skapet, Augustus Christian. Ifylgje ein biografi i «Poland and the revolutionary War» (Chicago, Ill.), av Miecilaus Haiman (etter A. K. i Haugesund Dagblad mars 1941), var Augustus Christian Elholm f. 1731 - ein son av Abraham Eldholm soldat i den prøysiske hæren og sidan i Amerika, der han tok del i den amerikanske revolusjonskrigen mot England. Sidan vart han generaladjutant i Georgia. Same stillingen hadde han i Franklin distriet, som han var med å oppretta. Til sist var han sakførar i Augusta (Georgia), der han døydde 1799. Men denne karen er ikkje innført som døypt i Tysnes. I Sunnhorhordland (men og med greiner til Bergen og Sogn) er det elles ein familie med slektsnamnet Elholm på 1700- talet. I våre dagar er mange medlemmar av ætta busette i Austevoll. Søren Sørenson, gjestgjevaren i Vikjo (Kubbervik i Hålands- neset) var av denne ætta og nytta slekts- namnet. Sambandet med garden Eldholm i Tysnes, der namnet truleg må koma frå, er elles ukjent. Men Søren Elholm i Vikjo var truleg sonasonson av Mons Sørenson Kubbervik eller Øvra-Beltestad br. 3. Sønene til Mons, Søren og/eller Kristen, kan ha vore fostra på Eldholm hos Hans Kyppar, sjå ovanfor. Sakføraren i Georgia kan ha vore ein fosterson til Abraham, og av Mons i Vikjo si ætt.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Frode Johansen

Takker så mye for hjelpen. Dette er nok rett mann og rett familie.Jeg siterer ' 4. Hans (1731-1815) vart g. 1756 m. Inger Torbjørnsdtr. Krokeide, Fana, og overtok farsjorda hennar.'Dette stemmer med mine opplysninger.Mvh Jan Frode :)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.