Gå til innhold
Arkivverket

[#63818] Lindøy oppdr.anstalt - kirke for konf.?


Gjest marit. elisebet totland
 Del

Recommended Posts

Gjest marit. elisebet totland

Mange gutter var på Lindøy oppdragelsesanstalt til de ble konfirmert. De fleste dro kanskje hjem til det sognet foreldrene tilhørte for å konfirmeres, men det var også en del barn der som ikke hadde noe hjem å dra tilbake til. Hvilket sogn kan disse ha hørt til? Kanskje det sognet som øya tilhørte under ellers vanlige omstendigheter?Det dreier seg om den første perioden i skolen sin eksistens, altså ca 1880-90.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Solveig Håklev

HeiSer det er endel gutte-konfirmanter i St.Petri,Stavanger med bopel Lindøen,disse guttene har fødested div.andre steder.De kan jo selvsalgt ha brukt andre kirker også.Mvh Solveig

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ove-Kjell Sakseid

Ser du har ein del oversikt over guteheimen på Lindøy. Eg reknar også med at du har oversikt over plasseringa av institusjonen sidan du har namn frå Moster. Lindøy ligg like vestom Sakseid. Heimen var i drift rundt hundreårsskiftet. Ein del opplysningar finn ein i eine Bremnesboka. Heimen vart flytta frå Lindøy til Mæland nord for Bergen.Kan hende det er ein del protokollar å finna der? Ove-Kjell

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest marit. elisebet totland

Til nr 2 Solveig; Takk, då må eg sjå nærare på andre kull frå Petri.Til nr 3 Ove-Kjell Sakseid; Du gjorde meg verkeleg nysgjerrig. Meiner du det var ein guteheim vestfor Sakseid? Eg har jo budd 20 år på Bømlo, men dette er ukjend for meg.(Har flytta no).Det var nok Lindøen ved Stavanger som var i mine tankar, men eg vil gjerne vita meir om Bømlo-heimen..

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ove-Kjell Sakseid

Går du med båt gjennom Kuleseidkanalen, kjem du ut på Vornesosen. Svingar du då nordover, vil du gå inn mot Sakseidvågen. Men du vil gå mellom fleire øyar som ligg berre eit steinkast frå utmarka til Kuleseid og Sakseid. Ei av desse øyane var bebygde. Først var det gardsbruk der, men så vart eigedommen kjøpt til heim for gutar utan far. Eg hugsar enno folk som arbeidde der ute. Eg vaks opp på Sakseid, og gjekk i kortbukse frå slutten av 40-talet då kjolen vart lagt bort (eg var bukseturr). Lindøy vart seinare kjøpt av gamlelensmannen, Henrik Robberstad. Husa på øya står enno. Nokre år vart dei nytta som feriehus, men står til nedfalls no. Elles trur eg nok me kan vere i slekt. Kjenner du Jon Anglevik? Eg trur gjerne du var borti gamlelæraren min då du gjekk på skulen på Skimmeland, Han Harald (gråtopp) Gjerde. Eg har meir opplysningar om Lindøyno og guteheimen, men eg må finna han fram. Kan hende eg har lagt han inn på heimesida mi sakseid.no

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest marit. elisebet totland

Dette må eg lesa meir om. Var ein tur med båt mellom desse holmane i strålande solskin i somar. Gjekk vestom Espevær og nordom Brandasund i vindstille og 25 grader. Fantastisk!Eg kjenner Jon Anglevik, men mitt etternamn er faktisk frå Nordfjord. Totland finnest i Midthordland, Nordfjord og Bømlo.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ove-Kjell Sakseid

Og eg som hadde vona på å finne meir slekt i Kvinnherad. Akk ja. No har eg lagt inn på heimesida mi noko eg sende bror min eingong. Det er henta frå bygdeboka for Bremnes. Guteheimen heitte Fredheim. På båtturen vestover gjekk de forbi området der ein del av steinen til gamlakjørkjo vart henta. Men skal du til Lindøyno, må du ta nordover like før eller etter Vornesholmen. Ove-Kjell

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Brynhild B Person

Hei! I Petrikyrkja var det Oftedal som var sokneprest , viss han ikkje var på Stortinget då. Dei sosiale tilhøva i Stavanger og omegn var mildt sagt elendige i den tida grunna folkeauke og tilflytting. Han starta difor Vaisenhuset som ligg/ låg i Berjelandsgata, og Emmaus barneheim nær Rosenlid. Kvekarane hadde også skule og tok seg av vanskelegstilte born. Stavanger by var berre det som no er sentrumskjernen. Områda kring høyrde til nabokommunen Hetland. Storhaug og Østre bydel samt øyane, t.d Buøy, Vassøy og Hundvåg, Riskalandet/ Usken (med forbehold) høyrde til Hetland. Hetland kyrkje og Johannes kyrkje ligg i Østre Bydel, det er kanskje eit forsøk verdt å leite der.Kan tenkja meg at fleire av konfirmantane kom frå dette området. Veit du kven det var som dreiv og stod bak tiltaket på Lindøyna? I denne boka står det mykje om utviklinga i Stavanger: Anders Haaland ”En by tar form. Stavangers bebyggelse 1814- 1940”, Wigestrand forlag. Dessverre utseld frå forlag. Ser at det er planlagt fleire bybøker. Dette var berre nokre tips, håpar du finn ut av detMvh.Brynhild

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest marit. elisebet totland

Begynner etter hvert å få et bilde av hvordan Stavanger by har utviklet seg. Har hørt om boka du nevner, og må nok skaffe meg den. Ellers har det lykkes meg å finne ut at gutten jeg søker gikk på Johannes skole en kort tid, det stemmer med kirken han ble konfirmert i og gården fosterforeldrene bodde på. At han var på Lindøen kan også stemme med Johannes kirke til konf. slik jeg har forstått, siden det ikke finnes noen sikre tegn på at alle guttene der ble konfirmert samme sted. Det stemmer også med det du, Brynhild B Person, sier.Jeg har i alle fall funnet så mange indisier på at gutten var på Lindøy og ble konfirmert i Johannes, at jeg kan gå videre å sjekke brevjournaler og kopibøker for fattigvesenet i Hetland og oppdr.anstalten for å få bekreftet min teori. Grunnen til at jeg må sjekke videre, er at navnet på gutten på Lindøy som er oppgitt i folketellingen derfra på aktuelle tidspunkt ikke stemmer helt. Men erfaringer har vist at navnene i folketellingene er 'overlevert muntlig' og ingen har korrekturlest listene akkurat.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Brynhild B Person

Berge Furre karakteriserar Stavanger som ' ein trusmetropol'Det var dissentarar av mange slag, hadde borna på Lindøy særskild tilknytning til statskyrkja? mvh.Brynhild

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest marit. elisebet totland

Arbeidet på Lindøya blei starta av Lars Oftedal som høyrte til i statskyrkja, men gutane som kom dit, kom nok frå ulike samanghengar. Det var i alle høve ikkje slike tilhøve som var avgjerande for om dei kom dit. Det var deira eiga åtferd eller det at foreldra ikkje kunne ta seg av dei, som førte dei til Lindøen oppdr.anstalt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Brynhild B Person

Du arbeiar med saka til ein gut. Var uviss på om Oftedal starta institusjonen på Lindøy. Eg tenkte meir generelt,- i og med at mange i befolkningen sto i andre trussamfunn,er det ikkje sikkert at alle gutane skulle konfirmerast. Dette vart ei avsporing i saka di. Du ser, for ein del år sidan skreiv eg ei oppgåve om Engøyholmen,no Kystkultursenter, tidlegare sildesalteri/hummaroppkjøp/hermetikk produksjon. Fleire av eigarane der hadde større eller mindre grad tilknytning til kvekersamfunnet i Stavanger.Difor leste eg om sosiale kår i Stavanger.Lukke til vidare med arbeidet ditt! Brynhild

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest marit. elisebet totland

OK. Då forstår eg vinklinga di. Eg starta med konfirmasjonen, for så å finna opphaldet på Lindøy. Dermed visste eg at han var i statskyrkja.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.