Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Paul Bakkmyr

[#63906] Carl Nilsen Øen og hustru Rasmusdatter, Hitra, 1736

Recommended Posts

Gjest Paul Bakkmyr

Spørsmålet mitt er for så vidt todelt: Kan noen hjelpe meg å tyde fornavnet til Carls hustru? Se øverst til høyre på side 2 i kirkeboka fra Hitra 1736: LenkeDe to hadde et barn til dåpen i januar 1736, se side 1 i samme boka. Her hadde flere 'prominente' personer stilt opp som faddere: Rasmus Parelius og hans kone Karen, Rasmus sin bror Claus Parelius, og ei Mille som jeg ikke klarer å tyde etternavnet til, men hadde ikke de to brødrene ei søster med det fornavnet? Har noen kunnskaper om denne Rasmusdatter kan være av samme slekt som disse Parelius- kanskje gjennom Rosingfamilien? (har ikke tilgang på skifter, har heller ikke sjekket Hitraboka) Paul Bakkmyr

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Det kan vera at kona heitte Regitze. Når det gjeld fadderen, Mille, så trur eg det står Haandnesset som etternamn. Det var vel der ho budde. Synes å hugsa at Hondnesset var kapellangard ei tid på Hitra?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

i følgje Fuglsøys si bok; Hitra II, øya og folket, så budde lensmann, Gjerløv Ovesson Nettelhorst ei tid på Honnes. Han døydde før 1701 for då var det skifte etter enkja, Mille Bernhoft (Hansdotter?). Det kan altså ikkje vera denne Mille som var fadder i 1736.Gjerløv og Mille hadde i følgje same kjelde, ei dotter som heitte Beate. Sistnemnde vart gift med faren sin ettermann, lensmann Rasmus Pettersson Høier. Rasmus og Beate skulle ha to dotrer i følgje Fuglsøy, nemleg Elise og Mille. Elise er vel identisk med henne som eg kalla Regitze i forrige innlegget mitt, medan Mille Haandnesset nok er søstra på Hondnesset. Ikkje rart det var mykje 'fint folk' samla når slike døypa borna sine.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Ser ut som Pauls si lenke har slutta å virke. Prøver å leggja inn ei ny ei Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Odd Roar Aalborg

Når Mille Honneset her er fadder for et barn døpt Beate, er det vel helst hennes niese, siden Mille nok er identisk med Mille Rasmusd. Høyer, datter av Beate Gjerløvsd. Nettelhorst, som er datter av Mille Hansd. Bernhoft. Sistnevnte er datter av prestedatteren Berit Mikkelsd. (Kristensen) fra Hemne, som sannsynligvis er datterdatter av hr. Torkel Sjursen og Berit Jakobsd. i Hemne. Berit kaller da opp datteren Mille etter sin stemor av Aspaslekten, men hun er ikke selv av den. Siden navnet Beate kun brukes av den her aktuelle grenen av Bernhoft, tyder det på at den ved navn ukjente datteren til hr. Torkel som nok er hr. Mikkel Kristensens første kone, muligens kan hete Beate.Anetavlen til Mille Rasmusd. Høyer omfatter i tillegg til Austråt-slekten også som nevnt Bernhoft og hr. Torkel Sjursens og hans kones slekt, som har tilknytning til Trøndelag, Sunnmøre og Tromsø, men vel å merke ikke Aspa, som det ellers ikke sjelden blir påstått.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Paul Bakkmyr

Takk Finn for intressante opplysninger! Ikke første gangen jeg har fått ny lærdom inn i skallen fra den kanten! At det står Regitze ser jo også jeg når jeg får det fortalt. Og at navnet har blitt til Elize - Elise gjennom en del ledd kan vel være mulig. Ser jeg må av sted å låne Hitraboka igjen! Også mange takk til Odd Roar, her er det mange ting å ta tak i. Aspaslekta er forøvrig godt representert i andre greiner av slektstreet...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Ja, hei Paul og takk for sist!Eg veit ikkje om du finn så mykje meir om dette i Hitraboka enn det eg alt har teke med i eit tidlegare innlegg. Kanskje B. I har supplerande opplysningar. Under garden Øen, står det lite, eller ikkje noko om eldre tilhøve enn 1800 i B. II.Om ein studerer skrifta til namnet åt kona til Carl Nilsson Øen, så ser ein tydeleg at det er ein R først i namnet om ein samanlikanr med første bokstaven i Rasmusdotter. Heilt like er dei ikkje, men like nok til å stadfesta at det er ein R. At det då vert Regitze er det liten tvil om. Fuglsøy har nok feillese namnet til Elise.Elles byrjar det å verta nokre år sidan eg prøvde å plugga litt lærdom inn i hovuda dykkar på skulen i Aure no. Så vidt eg hugsar var det eit jubileum i fjor sommar for framhaldsskulen, og det måtte vera 40-årsjubileum. Eg hadde det så travelt på den tida at eg gløymde heile jubileet. Då eg spurde ein av deltakarane i ettertid korleis det hadde vore, kommenterte ho at det hadde vore så mykje gammalt folk der. Merkeleg....????. Om ungdommar som eg og du hadde vore der ville nok ikkje det ha vore inntrykket som hadde festna seg ;-))

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Paul Bakkmyr

Ja synd du ikke var der, da hadde jo innslaget av oss ungdommene blitt doblet! Men morro var det lell!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.