Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#64136] Peder Olson Bruland (1804-1870) - gardbrukar Førde - hjelp med oppslag bygdebok?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Peder Olson Bruland (1804-1870) og kona Ingeborg Pedersdotter (1809-1882), vigde i Hafslo 1837, flytte i 1844 til Førde der me finn dei att som gardbrukarar på garden Bruland. Eg har det eg treng om Peder og Ingeborg og to born som døydde unge, men tre attlevande born bør vera nemnde i bygdeboki for Førde (og eventuelt Gaular):~~~~~~~~~~* Kari Pedersdotter, fødd i Hafslo 3.7.1840, døydde etter 1900 - truleg på Kusli i Førde - dato og stad for dødsfallet hennar?Kari gift første gongen 1869 med Ingebrigt Christenson, fødd på Hamre i Jølster 5.6.1826, døydde kring 1875/1890? - truleg på Kusli i Førde - dato og stad for dødsfallet hans?Kari gifte seg att med ein Ole Olson, fødd i Førde kring 1839 - døydde etter 1900 - truleg på Kusli i Førde - dato og stad for vigsli deira? - kva gard var Ole Olson ifrå? - dato og stad for dødsfallet hans?Talet på born fødde av Kari i to ekteskap?~~~~~~~~~~* Ole Pederson, fødd i Førde 26.12.1845, døydde etter - truleg på Bruland i Førde - dato og stad for dødsfallet hans?Ole gifte seg i 1872 med Malena Christiane Ingebrigtsdotter, fødd i Førde 17.1.1844 - døydde etter 1900 - truleg på Bruland i Førde - dato og stad for dødsfallet hennar?Talet på born fødde av Ole og Malena på Bruland?~~~~~~~~~~* Anna Pernille Pedersdotter, fødd i Førde 27.9.1849, døydde etter 1900 - trueg på Sande i Gaular - dato og stad for dødsfallet hennar?Anna gifte seg i Førde 1877 med Ludvig Andersson, fødd på Vie i Førde 22.1.1850 - døydde etter 1900 - truleg på Sande i Gauar - dato og stad for dødsfallet hans?Talet på born fødde av Anna og Ludvig?~~~~~~~~~~Eg ville setja stor pris på hjelp med oppslag i bygdebøkene for Førde og Gaular for å finna svar på desse spørsmåli og takkar so mykje på førehand for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk ti Terje for flotte opplysningar. Sjølv har eg nettopp lese igjennom klokkarbøkene etter 1900, og eg fann dødsfalli til Ole Olson Kusli (1919) og Kari Pedersdotter Kusli (1924). Soleis manglar eg no, når det gjeld Kari si grein, berre talet på born fødde av Kari og dei to ektemakane hennar...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arne Solås

Sande, bruk 1 1885 - 1921:Ludvig Andersson f. 1850 på Vie i Førde, d. 1938 på Sande. Gift 1877 med Anna Pernille Pedersdotter f. 1849 på Bruland, d. 1911 på Sande.Born:a. Albert f. kr. 1878. Utfl. til Canada.b. Astrid f. kr. 1880. Utfl. til Canada, gift med Sigurd Sande.c. Inga f. 1881. Gift med Mads Johannesen. Bst. Sande.d. Peder Mattias f. 1884, d. 1961 på Sande. Neste brukar.e. Lovise Tomine f. 1886, d. 1899 på Sande.f. Karl Olai f. 1887, utfl. 1904 til Amerika.g. Maria f. 1889, d. 1952 på Sande.h. Anna f. 1891, d. 1892 på Sande.i. Andreas f. 1894, utfl. 1912 til Bergen.Kilde: Bygdebok for Gaular, Sande sokn.Mvh. Arne.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Arne for flotte opplysningar frå Gaular. Då har eg funne den nøyaktige dødsdatoen for Anna Pernille, og datoen til Ludvig får eg vel hjå soknepresten...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Kenneth! Svaret låg mykje nærare enn eg tenkte...Eg har no ogso funne dødsfallet til Malena Bruland i 1920, so etter dette manglar eg berre følgjande detaljar frå FØRDE:* Talet på søner og døtrer fødde av Kari Pedersdotter i to ekteskap på Kusli?* Dato og stad for dødsfallet til Ole Pederson Bruland (etter 1920)?* Talet på born fødde av Ole Pederson og kona Malena på Bruland?Eg takkar på ny for framifrå hjelp med denne huslyden!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Odd Brede

Frå Førde Bygdebok I under Kusslia - bruk 3:1865-1881:Ingebrigt Kristianson f. 1826 på Ålhus i Jølster, død 1878 på Kusslia. Gift 1. 1869 med Kari Pedersdotter f. 1839 i Hafslo, tente på Bruland. Kari blei seinare gift med Ole Olsen. Ingebrigt og Kari hadde pleiedottera Anna Olsdotter f. 1872 på Bruland, gift 1898, bst Kusslia (Jeg ser av senere brukere at Anna Pernille Olsdotter f. 1872 på Bruland ble gift 1898 med Sjur Martinius Olsson f. 1867 på Furebøen død 1917 på Kusslia. Anna døde 1943 - de hadde en datter Olga Marie født 1899 som ble eier etter foreldrene)1881-1907:Ole Olson f. 1839 på Fletene - gift 1883 med Kari Pedersdotter , bst Hafstad, født 1839 i Hafslo. Karivar enkje etter Ingebrigt Kristianson. Barn: Inga Karoline f. 1884 - død 1893Odd Brede

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Odd Brede

Frå Førde Bygdebok I under Bruland bruk 7 Heggebruk:1870-1928Ole Pederson 'Per-Ola' f. 1845 på Bruland. Gift med Malene Kristiane Ingebrigtsdotter f. 1844 på Kinna. Born:a. Anna Pernille f. 1872 vigd 1898 på Bruland med Sjur Martinius Olson Furebøenb. Inger f. 1874c. Peder f. 1877 utflytt til Amerika 1896d. Inga Karoline f. 1880e. Nikoline f. 1883Odd Brede

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Odd Brede for nyttige og spennande opplysningar. Då er denne biografien heilt komplett, berre med unntak av dødsfallet til Ole Pederson på Bruland. Har ikkje bygdeboki teke med dødsåri?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Odd Brede

Hei igjen - nei, bygdeboka har ikke med dødsår her. Men dette er vel dødsåret til Ole Pedersen Bruland LenkeOdd Brede

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Odd Brede for denne opplysningi, som soleis gjer denne manuskriptdelen min 100% komplett! Kjempebra!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.