Gå til innhold
Arkivverket

[#64177] Svein Olsson Strand f. 1877 i Tinn, død i Numedal?


Gjest Anfinn Bernaas
 Del

Recommended Posts

Gjest Anfinn Bernaas

Svein Olsson Strand f. 11. mai 1877 i Tinn, er oppgjeven som busett i Numedal ved brorens død i 1919 og farens død i 1929.Eg har ein tanke om at det kan vera Uvdal, men er ikkje sikker. Gravminne for Uvdal ligg ikkje på nett, og utan andre trådar spør eg her om nokon kan gje meg noko meir handfast om hans liv og lagnad.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnulf Pedersen

Den Svein Olsen som Anne Tonby nevner, blir kalt Svein Olsen Svimbil fra Tinn, f. 1877, i Uvdalsbøkene. Han døde 11.12.1952. Han og Barbro Olsdtr. Snarheim fikk 4 barn og bodde på Nordre Slåtta i Uvdal.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anfinn Bernaas

Anne Tonby og Arnulf Pedersen: Takk så mykje! Dette må vera rett Svein. Far hans er nemleg Ola Toresson Svimbil slik det står i kyrkjeboka ved vigsla til Svein. Det vil seie Ola og huslyden hans var på stendig flyttefot heile livet så eit fast etternamn i moderne forstand hadde han aldri. Men i folketeljing 1900 er han og familien på Svimbil på Heie i Austbygde.Svein er likevel ikkje med dei da, så han er nok på det tidspunktet reist ut. Eg finn han ikkje i folketeljinga 1900 korkje i Tinn eller elles i landet, som Sven(d) eller Svein. Konfirmasjonsåret 1897 til Svein, slik det går fram ved vigsla, stemmer med det eg finn i kyrkjeboka i Tinn.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.