Gå til innhold
Arkivverket

[#64277] Var Andreas Olsen fødd ca. 1822 frå Fræna ?


Gjest Anne Huse
 Del

Recommended Posts

I 1845 fekk ungkar Andreas Olsen på Husøya i Sandøy ei datter som fekk namnet Karen. Andreas er seinare oppgitt å vere fødd omlag 1822. Mora var Christi Olsdt. som var tenestejente på Husøya. Karen og Christi er ikkje å finne i Sandøy seinare.I samband med dåpen er Knut Andreas Olsen på Husøya nemnd. Han er i 1875 nemnd å vere fødd 1801 i Bud. Kanskje han var ein slektning ?Andreas Olsen gifta seg i 1852 med Marte Petrine Nilsdt. frå Stranda på Sunnmøre. Dei busett seg på Ona, Andreas kom bort på sjøen i 1853, og Marte døydde i 1857.Andreas og Marte fekk ein son, Nils Andreas f. 1852, omkom på sjøen i 1876.Mvh Anne Huse

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for innspel Bjørg. Andreas Olsen som vart fødd på Sandøya i 1823, vart gift og busette seg i Orvika i Midsund så han er det ikkje.Der er ein Anders Olsen som blir konfirmert i Bud i 1841, 16 år gamal. Han er då fødd litt seinare. Kanskje nokon har opplysningar om kvar det vart av han.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Der er opplysningar om at den Andreas/Anders Olsen eg leitar etter opphavet til, var vaksinert 20. juni 1824, så han må nok vere fødd 1822-24.Mest truleg kjem han frå ein annan kommune.Anne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.