Gå til innhold
Arkivverket

[#64453] Anders Magnussen Wahlberg


Gjest Jesper Thommesen
 Del

Recommended Posts

Gjest Berit Knudsen

Konfirmasjonen: Peder Magnusen Aaseth, men etter dåpsattesten Peder Andersen, f.1816 Vaagens sogn, Agerøens prestegj., Romdahl provsti. Faderens navn opgivet at være Anders Vahlberg, en svenske, hviss opholdssted .. ... og moderen Siri Rasmusdatter Aaseth.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest arnvid lillehammer

Når eg ser bort frå prestens karakteristikk av konfirmanten (som var positiv), les eg følgjande: 'Peder Magnussen Aaseth, men efter Daabsattesten Peder Andersen f. 1816 Vaagens Sogn, Agerøens Prestegjeld, Romsdahls Provstie. Faderens Navn opgaves at være Anders Vahlberg, en Svenske, hvis Opholdssted ikke vides, Moderen Siri Rasmusdr Aaseth. ..... Foreldrene angaves at være Ægtefolk'. Peder var av det reisande folket. Far hans heitte Anders Andersen Valberg og mora, som nemnt, Siri Rasmusdatter. Anders Andersen fortalde ein gong at han var født i 1772 i Ringsaker prestegjeld (men eg har ikkje funne han døypt der det året). (Etter ei aldersoppgåve frå 1821 (52 år) kan han ha vore født ca 1769). Far hans heitte Anders, ein omreisande kopparsmed som reiste både i Norge og Sverige, og mora heitte Karen Eriksdatter som, etter det han sa, døydde då han var ganske ung. (Det er mogleg at Anders var bror til ein annan reisande s0om skreiv seg Rasmus Valberg). Anders Andersen Valberg kom saman med Siri Rasmusdatter seinast ikring 1812. I 1813 døypte dei dottera Ane Katarina i Byneset/Børsa utanfor Trondheim. Då er han berre kalla svenske. Kanskje var det denne dottera (eller ei to år yngre dotter) som i 1828 vart døypt 13 år gamal i Hosanger. Dette 13 år gamle jentebarnet si mor (Siri) let seg i 1828 ikkje spora opp, fordi faren (Anders) hadde lete henne etter seg som lite barn i Bønestangen, og etter nokre dagars opphald hos gjestgjevaren der, Hansen, tok Anders Haldorsen og Anna Andersdatter Haustveit henne til seg, mest som deira eige barn slik at ho 'hos dem nød en øm faders og moders omsorg og kjærlighed'. Så må Anders og Siri altså ha fått sonen Peder i 1816 eller deromkring. Eg har ikkje sjekka hans eventuelle dåp det året. Siri Rasmusdatter var enke etter ein mann som heitte Torkild Olsen då ho slo seg i lag med Anders Valberg. I von om at dette kan vera av interesse: Vennleg helsing Arnvid L.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.