Gå til innhold
Arkivverket

[#64499] Olaf Olson Melland, f. i Stryn 1879 - til Amerika 1884 eller 1891 -kven var han?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Olaf Olson Melland var ifølgje dødsattesten frå Amerika son av Ole og Anne Marie Melland. Han skal vera fødd i Stryn i 1879 - dødsattesten seier 22.9.1879, medan registerkortet til første verdskrigen seier 22.12.1879. Ei kjelde seier han utvandra i 1884, medan ei anna kjelde oppgjev 1891 som utvandringsår.Eg finn ikkje denne fødsli i Stryn, og ikkje finn eg Olaf som emigrant over Bergen!Finst det nokon med lokal kunnskap som kan kasta ljos over dette problemet? Kven var Olaf Melland?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Odd Brede for spennande innlegg. Veit eit første blikk kan dette godt vera same huslyden, men vert ikkje mori Anna litt i eldste laget...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Bergesen

Jeg har sett igjennom alle Kb etter en Olaf, men ingen Olaf er født ca 1879 i Stryn eller Innvik, og heller ingen Olaf er utvandret fra Stryn/Innvik iflg Kb eller databasene jeg har. Ole Johnsen Meland har ingen søn Olaf og de er som du antyder for gamle til å få barn i 1879, Ole dør i 1879. Men der er jo mange Melland på Vestlandet, så der er mange muligheter. Rune

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Rune for siste innlegg. Det vert opplyst frå Amerika at Olaf var fødd i Stryn, men det er jo heilt klart at han ikkje kan vera det...! Kanskje far hans kom frå Stryn og budde ein annan stad, t.d. austafjells, og utvandra derifrå til Amerika?Første gongen eg finn han nemnd i Amerika er i FT1900 for Cormorant township, Becker Co., MN. Der er han farmarbeidar og fødd i Noreg Sep. 1879, men utvandringsåret manglar. Han vert der kalla Olof Mellon.Han er ikkje i Minnesota i 1905 (og for North Dakota manglar FT1905). I 1910 er han farmar i Sheridan Co., ND, men der er han sagt vera fødd i Minnesota av norske foreldre! Derimot er han både ved FT1920 og ved FT1930 (båe i Clay Co., MN) sagt fødd i Noreg og utvandra i 1884/1888. Nekrologen er visstnok kjelda mi for utvandringi i 1891.Eg vil undersøka litt nærare hjå ættlingane i Minnesota for å sjå om nye fakta kan leggjast fram...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Odd og ikkje minst til Arne for kjempeflotte innlegg! Eg er imponert! Du Arne har løyst heile problemet for meg, og er berre svært so takksam! Korleis Åfjord er vorte til Stryn, veit eg ikkje, men det kan tenkjast at Åfjord har vorte forveksla med NORDfjord, og at dette har leia oss til Stryn...?Uansett, problemet er løyst!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.