Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Anne Huse

[#64501] Beret Nielsdt., kaarkone, enke, 60 år, på Gule øvre i Bud i 1865

Recommended Posts

Gjest Anne Huse

Denne Beret Nielsdt. er også oppgitt å vere fødd i Agerø.Er det nokon som kan fortelle meg kvar i Agerø ho var frå ?Mvh Anne Huse

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Berit Nilsdatter Husø, Ona f. 1802 d. 1887 på Bergset etter Lars Gule.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Olav Kleppen

Då er ho kanskje datter til Niels Hansen (46 år) og Elen Hansdtr. (27 år) etter FT 1801. Elen var då hans andre kone, og med henne har han barna Anne (3 år) og Berit (2 år).Om denne Berit er ho som hamna i Øver-Gule, er ikkje godt å seie. Etter mi erfaring så er oppgjeven alder i folketeljingar og kyrkjebøker like påliteleg som 'høyvekta på Moss', som dei seier her i traktene. Det betyr at den er 'så som så'. Og her er vel FT 1865 i alle fall ikkje noko meir å rette seg etter enn FT 1801.Mvh Bjørn Olav

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Ho vart gift med Ole Jonsen Bergset (Berset-Ola) (1787 - 1850). Utan barn. Ho hadde før vore gift med Knud Ibsen (Ibesen). I dette ekteskapet hadde dei sonen Johan Knudsen Berget, Bud . 1823.Ho hadde og ei søster Ragnhild Thorhaug.Alt etter Lars J. Gule.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helge Bjerkevoll

Da har vi vel dåp til Berit her. midt på høyre side.Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anne Huse

Mange takk til både John, Bjørn og Helge.Då er mistanken min blitt bekrefta. Det er riktig at ho var dotter til Berit Hansdt. og Nils Pedersen på Husøya.Ho fekk i 1824 sonen Johan, der faren var Knut Ibesen frå Huse. Etter det finn vi henne ikkje nemnt i kirkebøkene for Sandøy.Ho hadde 2 søstre som busette seg i Bud, og dit flytta også sonen Johan seinare. Det var difor ikkje usannsynleg at ho også flytta dit.Då har vi fått på plass Berit Nilsdt.Mvh Anne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anne Huse

Til BjørnDen Berit Nilsdt. frå Husøy som du nemner som var fødd litt før,i 1799, vart gift og budde på Husøya.Anne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Olav Kleppen

Ja, Anne, det ble litt 'fort og gæli' fra mi side (3), og var nok ikkje meir enn eit skot i mørkret. Det forstod eg då eg såg lenka til Helge.Etter at eg tok meg bedre tid og såg gjennom det eg sjølv har registrert, så skjønar eg at dette er mor til Johan Knudsen Berget (f. 15. feb. 1824), guten ho hadde med Knud Ibesen, på Harnes, - eller var det på Huse.Johan var først gift Marie Magrete Hansdtr. Ivergaard (f. 14. feb. 1826), dei vart vigde 3. januar 1856. Dei hadde sønene Peder (f. 1852), Knud (f. 1856) og Hans (f. 1859). Dei har stor etterslekt.Som ein kuriositet kan eg nemne at Hans var den første 'banksjefen' i Bud. Nåja, det var vel ikkje akkurat eit prangande palass han heldt seg med. Han greidde seg med ein skåp og nokre skuffer i nøre kammerset i huset på Stranda der han budde. Men dei seier han heldt god styring med Bod Øre Sparekasse, som var det første namnet ved oppstarten i 1883. Det var kanskje ein slik kar islendingane (med fleire) kunne hatt bruk for i dag.Marie Magrete døydde 5. des. 1860 og Johan vart oppattgift med Sønnev Andreasdtr. Inderhaug (f. 12. des. 1829). Eg veit ikkje at det var barn i dette ekteskapet.Så eit spørsmål til deg, Anne: Veit du om Niels Pedersen kunne vera bror til Steffen (Stephan) Pedersen (47 år) eller til Peder Pedersen (37 år) på Husøya i FT 1801? Begge desse er anene mine.Mvh. Bjørn Olav

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anne Huse

Mange takk for opplysningane Bjørn. Når det gjeld Ibesen-familien, er dei registrert både på Harnes og Huse. Så langt eg har funne, vil det vere mest riktig å plassere dei på Huse.Nei, denne Nils Pedersen var frå Vollen på Sandøya, son til Synnøve Olsdt. og Peder Pedersen. Han bygsla ein plass på Husøya som er kalla Husøyberget. Han var gift i alt 5 gonger.4. kona heitte Ane Olsdt.f. ca. 1776 d. 1830. Ho var enke og oppgitt å vere frå Bud då dei gifta seg i 1826.Mvh Anne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Olav Kleppen

Takk skal du ha, Anne.Eg ser av kyrkjeboka for Sandøy at denne Ane Olsdtr. er oppgitt til å vere 48 år i 1826 og skulle dermed vere fødd ca. 1778. [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16066&idx_id=16066&uid=ny&idx_side=-75>LenkeOg då er det berre ei det kan vere tale om, etter det eg kan sjå. Nemleg Ane Olsdtr. Harøen, døpt 8. feb. 1778, dotter av Ole Semundsen, Ytre Harøy i Bud, og då truleg frå hans første ekteskap. Ole vart oppattgift 25. mai 1779 med Karen Pedersdtr. Haukebøen. LenkeHo er dermed halvsøster til min 3xtipp, Peder Olsen Harøen (1781-1832)Ane gifta seg 17. nov. 1808 (for 200 år og fire dager sidan ;-))med lensmannen for Bud fiskevær, enkemannen Semund Hansen Berget. LenkeSæmund døydde 17. mai 1825. Nr. 4 her

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut Reidar Sande

til (6): Berit og Ragnhild er nemnde. Kven er den 3. søstra?Mvh Knut R Sande

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anne Huse

Dei opplysningane eg har, er at søstra Olina, fødd 1805, død 1884 var gift1. gong med Peder Hansen frå Eikrem i Aukra, busett på Vikene i Bud2. gong med Nils Pedersen frå InderhaugEg vil gjerne ha tilbakemelding om dette ikkje stemmer.Mvh Anne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anne Huse

Og ein ting til:Ei søster Synnøve vart gift 2. gong med Knut Andreas Olsen frå Bud. Vi trur det må vere den Knut Andreas Olsen som er 1 år i 1801, son til Susanna Andreasdt. og Ole Knudsen på Stranden i Bud.Mvh Anne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Olav Kleppen

Det var noko som eg skulle ha nemnt for lenge sida og som eg heldt på å gløyme:John (4) viser til at Lars Jakobsen Gule held Ragnild Torhaug for å vere ei Nilsdotter. Det er ikkje rett. Ragnild Torhaug (f. 1816) var dotter av Steiner (Stener) Knudsen og Mali Mortensdtr på Sandøya (Påshella?).På Berget derimot, i næraste grannelaget til Torhaugen, var det ei Ragnild Nilsdtr. (1798-1884). Ho var dotter av Nils Pedersen og Berit Hansdtr. på Husøya.Ragnild Nilsdtr. vart gift med Søren Andersen Småge 2. sept. 1827 i Bud kyrkje. Av ein eller annan merkeleg grunn er ikkje vigsla innført i Bud Kyrkjebok, men derimot i Sandøy. Dei busette seg på Berget og fekk i 1835 sonen Nils Andreas (det kan sjå ut til at han berre nytta namnet Andreas).Andreas kom bort på sjøen 4. mars 1868 saman med m.a. søskenbarnet Johan Knudsen (som då hadde busett seg på Stranden).Det var mykje kontakt og giftemål mellom buaværingar og særleg folk på Ona/Husøya. Sidan Ragnhild Torhaug er nemnt, kan eg ta med at ho hadde ein bror på Ona, Morten Stenersen. 2 av døtrene til Morten, Synnev og Malina, begge vart gift i Bud og har stor etterslekt der.Mvh. Bjørn Olav

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Olav Kleppen

Eg har slurva med namnet på den kjende garden på Sandøya, ser eg - Påskhella er vel rett skrivemåte ;-)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anne Huse

Takk for innspel Bjørn Olav. Eg har vore på ferie, difor tok det litt tid før eg svara.1. Ragnhild Stenersdt. døydde i 1891, ho er då oppgitt å vere fødd 1816. Enkemann er fiskar Fredrik Ulriksen Thorhaug. Ho var som du skriv, dotter til Mali Mortensdt. og Steinar Knutsen på Sandøya. Denne Ragnhild vart i 1842 gift med Salve Nilsen (38 år gamal) Eg veit ikkje kvar dei budde. Har du meir om desse, når ev. Salve døydde, fødselsåret til Fredrik og når han døydde, tek eg gjerne imot det.2. Ragnhild hadde som du også skriv ein bror Morten som kom til Ona.Foreldra til Ragnhild og Morten budde ikkje i Påskhella, men i 'Steina-garden', det bruket som seinare vart flytta til Purka/Sæterøya. Mvh Anne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Olav Kleppen

Nei, det er tydeleg at vi ikkje maktar å få med oss alt med ein gong, av ulike grunnar. Jaja, betre seint enn aldri.Dette har eg om det du spør etter:1. Eg har sett at Salve Nielsen Nedregotten kom som innflyttar til Sandøya i 1832, frå Haram. Men han var kanskje opphaveleg frå Borgund, er ikkje Nedregotten ein plass der?Eg ser også at dei flytta til Bud 24 juli 1842. LenkeDei kom til plassen Torhaug under Ytre Karlsvig (prestegarden).Salve døydde 8. jan 1856 på Torhaugen.Salve og Ragnild fekk 3 jenter og 2 gutar. To av jentene vaks opp. Dei to gutane, Nils (f. 14. jan. 1843) og Elias Mathias (f. 1. feb 1851) omkom begge (saman med svogeren til Elias) ute i Storsundet ved Bud 26. apr. 1881, då dei var ute for å dra line.Både Nils og Elias har mange etterkomarar.Ragnild Stenersdtr. gifta seg oppatt 22. okt. 1857 med Fredrik Ulriksen Drågen. Han vart fødd på Drågen i Bud 6. apr. 1822. Foreldra var Olava Christendtr. og Ulrik Syvertsen frå Molde. Dei var ikkje gift. Fredrik døydde på Torhaugen 15 jan. 1899. Ragnild og Fredrik fekk berre ei dotter som døydde 2 månader gammal i 1859.Når det gjeld Ragnild så står det i kyrkjeboka for Sandøy ved konfirmasjonen i 1833 at ho er fødd 20. juni 1816.2. Eg skreiv i forrige innlegg at 2 av døtrene til Morten Stenersen vart gift i Bud. Her må eg korrigere meg sjølv: Alle 3 døtrene til Morten kom til Bud.Beret Marta (f. 10. mars 1857) vart gift med Christoffer Elias Larsen Bergseth (f. 5. juni 1854 på Berset i Bud). Dei fekk 10 barn. Christoffer var forøvrig søskenbarnet til Fredrik Ulriksen.Synnøve (f. 5. okt. 1859) - i Bud kjend som 'Synnjau på Strainnj' - vart gift med Knud Andreassen Stranden (f. 5. okt 1852). Der i huset var det nok praktisk med omsyn til fødselsdagsfeiring. Men ikkje for det, dei 11 barna spreidde seg nok godt utover året. Far til Knud, Andreas Nikolaisen, var søskenbarnet til Fredrik Ulriksen og Christoffer Bergseth.Morten Stenersen flytta også til Bud på sine eldre dager. Han døydde på Stranden (der han budde hjå Synnøve og Knud) 7. januar 1896.Den tredje dottera, Malina (f. 12. april 1864 - d. 1. mai 1950) vart 20. mai 1894 gift med Iver Edvart Andreassen (f. på Vestad i Bud 3. okt. 1864, oppvaksen på Berset). Dei busette seg i Mortengjerdet i Bud og tok etternavnet Gjerde. Dei hadde 4 barn.Du skriv at foreldra til Ragnild og Morten budde i Steina-garden og ikkje i Påskhella. Dette har du nok oversikt over. Det var oldebarnet til Morten som meinte at dei kom frå Påskhella, då eg snakka med han tidlegare i år.Når det gjeld Porkå (Sæterøya); veit du kvar Steinagardshusa vart oppsett der? Og kven som budde der etter at dei kom dit?Mvh. Bjørn Olav

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anne Huse

Takk for mykje god informasjon, Bjørn Olav.Etter Mali Mortensdt. og Steinar Knutsen tok Mali si søster Kari Mortensdt. og mannen Knut Olsen over Steina--garden på Sandøya.I samband med utskiftinga rundt 1860 vart 4 av gardane på Sandøya flytta til 'Holmane' som tidlegare var felles utmarks-beite for bruka på Sandøya. 'Frikk-garden' kom til Gåsøya, 'Torgeir-garden' og 'Samuel-garden' til Finnøya og 'Steina-garden' til Sæterøya.I 1875 er Steinagarden blitt delt. Kari og Knut sin son Ola har eine bruket, der Kari og sonen Peder Andreas som var ugift, er registrert i kårhuset. På det andre bruket bur Kari og Knut si dotter Berit gift med Hans Hansen. Dei 2 eldste barna deira var fødd i Fræna.Kari og Knut hadde ei dotter Beret Marta som vart gift med Peder Paulsen i Påskhella. Mvh Anne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.