Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#64594] Peder Olson på Hustad i Bud (1804-1875) og huslyden hans - ei utfordring?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Eg har vanskar med å finna ein del detajopplysningar om denne husyden som flytte frå Hafso til Bud i Romsdalen. Er det nokon som med lokal kunnskap kan bidra med hjelp?~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Peder Olson Hustad, frå Smedegard under Alme [Hafslo], vart døypt i Hafslo 25.11.1804 og gifte seg første gongen i Hafslo 25.10.1831 med Britha Olsdotter frå Barsnes i Sogndal. Ho vart døypt i Sogndal 16.4.1805. Men Britha d. som husmannskone i Kvam, Hafslo alt 4.1.1837 og Peder gifte seg att i Hafslo 31.1.1838 med Ingeborg Nilsdotter frå Dvergedal i Sogndal. Ho var f. i Sogndal 10.5.1816. Peder var husmann på Halseteigen under Kvam i Hafslo til han og andre kona Ingeborg i 1845 flytte til Bud i Romsdalen. Der finn me dei att som plassfolk på Hustadkammen under garden Hustad. Peder d. som husmann på Hustad 1.11.1875, medan Ingeborg d. som husmannsenkje på Hustadkammen 28.5.1882. Peder fekk i alt åtte born, eitt frå første ekteskapet og sju frå det andre:a. Britha, kjend som Berit Pedersdotter, d.e., f. i Hafslo 8.10.1835, kan ha vorte oppali hjå morsfolket sitt i Sogndal, men flytte sidan til far sin i Bud. Ho d. som kone på Bjørnsund nordre i Fræna 18.2.1897. Berit gifte seg i Fræna 15.1.1865 med Johannes, kjend som Johan Johnson frå Bjørnsund nordre i Fræna, f. i Fræna 1.12.1835. Han d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? - e. 1903!)Johan og Berit slo seg ned som strandsitjarar på Bjørnsund nordre i Fræna og fekk tre born i lag.b. Bertha Pedersdotter, f. i Hafslo 3.1.1839, d. truleg kort etter fødsli.c. Britha, kjend som Berit Pedersdotter, d.y., f. i Hafslo 5.9.1841, flytte òg til Bud med foreldri i 1845 og d. som husmannskone på Hustadkammen i Bud 13.4.1902. Ho gifte seg første gongen i Fræna 15.11.1863 med Andreas Danielson, f. på Løsetsneset under Løset i Fræna 1.8.1834. Andreas og Berit fekk ta over ein del av heimeplassen hennar på Hustadkammen under Hustad i Bud. Men Andreas d. som husmann på Hustad 29.7.1871, og 20.11.1876 gifte Berit seg att i Bud med Ole Angrimson, f. på Ugelstad i Kvernes 18.7.1847. Han d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? - e. 1903)Berit og Ole vart buande som plassfolk på Hustadkammen under Hustad i Bud. Berit fekk i alt fem born, tre frå første ektesdkapet og to frå det andre.¤¤¤¤¤ (sjekka om talet på born stemmer?)d. Olina Pedersdotter, f. i Hafslo 18.2.1844, flytte likeins med foreldri til Bud i 1845 og d. som gardbrukarkone på Sporseim i Aukra 19.8.1895. Olina gifte seg første gongen i Aukra 8.11.1870 med enkjemannen Ole Hansson, opphavleg frå Jenset i Aukra. Ole var f. i Aukra 25.4.1818 og d. som gardbrukar på Sporseim 14.8.1882. Olina gifte seg so att i Aukra 3.1.1884 med Sivert Knutson frå Eikrem i Aukra. Han var f. i Aukra 16.5.1852 og d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? - kring 1916 - ikkje før 1917!)Både Ole og Sivert var gardbrukarar på Sporseim i Aukra. Olina fekk tre born, som alle var frå første ekteskapet.e. Ole Andreas Pederson, f. i Bud 17.10.1846,¤¤¤¤¤ (konf. i Bud 1861 - ikkje funnen gift/utflytt! - lagnad?)f. Anne Martha Pedersdotter, f. i Bud 13.1.1850,¤¤¤¤¤ (konf. i Bud 1865 - ikkje funni gift/utflytt! - lagnad?)g. Inger Bergitte Pedersdotter, f. i Bud 4.5.1854, d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)Inger gifte seg i Fræna 27.6.1886 med Peder Paulson frå Bjørnsund nordre i Fræna, f. på Raknes i Aukra 17.9.1860. Han d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans?)¤¤¤¤¤ (yrke og bustad? - ikkje funne FT1900!)¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer?)h. Peder Pederson, f. i Bud 29.4.1857, d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans?)Peder gifte seg første gongen i Bud 28.6.1880 med Maria Johannesdotter frå Langøen i Kornstad, Kvernes, f. i Kvernes 4.6.1855. Men Maria d. som husmannskone på Hustadkammen i Bud 21.10.1894, og Peder gifte seg att i Bud 7.10.1895 med Hanna Nikoline Styrkersdotter frå Bergset i Bud, f. i Bud 14.11.1853. Ho d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? - e. 1900)Peder vart husmann og fiskar og budde på Hustadkammen under Hustad i Bud, rimelegvis ein del av heimeplassen hans. Han fekk i alt seks born, fem frå første ekteskapet og eitt frå det andre.~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørg Hukkelberg

Olina Pedersdtr er omtalt i Bygdebok for Aukra II,Sporsem gnr 9, bnr 6 og 7. Der står Sivert død ca 1916. I Kirkeboka finner jeg han heller ikke.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Carsten Schanche

Inger og datter Jensine flytter til Amerika i mai 1888 Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut Reidar Sande

Det er rett det Carsten skriv, Inger Bergitte og mannen var innsitjarar på N Bjørnsund. Dei fekk ei dotter der, Jensine Emilie f 26.10 1886, dei reiste til Chicago 1888.Anne Martha fann eg gift 1878 med ein Simen Olsen frå Råstadeie Permanent sidelenke: LenkeVidare skjebne har eg ikkje undersøkt.Elles fann eg Johannes Jonsen død 26.9 1905 på Bjørnsund.Knut R Sande

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut Reidar Sande

Det er rett det Carsten skriv, Inger Bergitte og mannen var innsitjarar på N Bjørnsund. Dei fekk ei dotter der, Jensine Emilie f 26.10 1886, dei reiste til Chicago 1888.Anne Martha fann eg gift 1878 med ein Simen Olsen frå Råstadeie Permanent sidelenke: LenkeVidare skjebne har eg ikkje undersøkt.Elles fann eg Johannes Jonsen død 26.9 1905 på Bjørnsund.Knut R Sande

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Bjørg, Carsten og Knut Reidar for spennande og nyttige opplysningar.Etter meldingi til Carsten har eg sete og plundra med lagnaden til Inger Bergitte og Peder i Amerika, men fann dei omsider att i McHenry Co., ND der Peder døydde i 1927. Kjempeflott!!No vil eg sjå litt nærare på opplysningane til Knut Reidar!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg finn att Simon Olson og Anne Martha i FT1900 som plassfolk under Kammen i Bud:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Simon Olsen hf g Husmand m J & fisker 1852 Vaage i Gudbrandsdalen KrsAnne Marta Pedersdatter hm g Husmandskone 1854 Bud RomAnna Simonsdatter d ug* Husgjerning 1885 Bud Rom~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Då vert neste utfordring å finna att dødsfalli til desse to i tillegg til talet på born som dei fekk...?Nok ein gong takk til Knut Reidar for denne oppdagingi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg oppdaga nettopp at Kammen var namnet på husmannsplassen Simon og Anne Martha budde på. Denne plassen ligg under garden Hustad i Bud.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut Reidar Sande

Hanna Nikoline Styrkersdtr døydde på Hustadkammen som husmandskone 22.4 1926. Mannen husmann Peder Pedersen var i live i 1926.Knut R Sande

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Knut Reidar for dette dødsfallet frå 1926. Eg fann ikkje dødsfall for Hustad sokn på Digitalarkivet lenger enn til 1919, so om du har tilgjenge lenger utover, so finn du kanskje dei andre me manglar ogso, Peder Pederson, Ole Angrimson, Simon Olson og Anne Martha Pedersdotter? Dei ser alle ut til å vera avlidne på Hustadkammen etter 1919...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut Reidar Sande

Eg har opplysningar om døde i Hustad fram til 1926, men ikkje seinare. Eg fann Simon Olsen død 7.4 1924. Dei andre var truleg i live til etter 1926.Mvh Knut R Sande

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helge Hålåsæter

Råstadeie er nær Vågåmo, så det stemmer.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Knut Reidar og Helge for dei siste innleggi!Eg har i dag motteke nekrologen til Inger Bergitte frå North Dakota desember 1931, og det syner seg at ho vart etterlevd av ''ein bror i Noreg''. Denne broren må vera Peder Pederson på Hustadkammen, som altso døydde etter desember 1931. Samstundes kan ein gå ut ifrå at søsteri Anne Martha Pedersdotter på Hustadkammen må vera avlidi mellom 1927 og 1931..?Utanom desse manglar me elles berre dødsfallet til Ole Angrimson på Hustadkammen etter 1926.Og sjølvsagt er det frameleis eit godt spørsmål kvar det vart av broren Ole Andreas Pederson (Hustad), fødd i Bud 17.10.1846. Han vart konfirmert i Bud i 1861, men er ikkje å finna i FT1865...!?Nok ein gong hjarteleg takk for hjelpi med denne huslyden!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Det går etter kvart mot prenting av manuskriptet som omhandlar denne huslyden (band IX i bygdebokserien for Luster), og eg vil gjerne få syna fram kva eg veit pr. idag og kva som framleis manglar:~~~~~~~~~~~~~~~~~~Peder Olson Hustad, frå Smedegard under Alme, vart døypt 25.11.1804 og gifte seg første gongen i Hafslo 25.10.1831 med Britha Olsdotter frå Barsnes i Sogndal, døypt i Sogndal 16.4.1805. Men Britha d. som husmannskone i Kvam alt 4.1.1837 og Peder gifte seg att i Hafslo 31.1.1838 med Ingeborg Nilsdotter frå Dvergedal i Sogndal, f. i Sogndal 10.5.1816. Peder tok over som husmann på Halseteigen kring 1834 og dreiv plassen fram til 1845 da han med andre kona Ingeborg flytte til Bud i Romsdalen. Der finn me dei att som plassfolk på Kammen under Hustad. Peder d. som husmann på Hustad 1.11.1875, medan Ingeborg d. som husmannsenkje på Hustadkammen 28.5.1882. Peder fekk i alt åtte born, eitt frå første ekteskapet og sju frå det andre:a. Britha, kjend som Berit Pedersdotter, d.e., f. i Hafslo 8.10.1835, kan ha vorte oppali hjå morsfolket sitt i Sogndal, men flytte sidan til far sin i Bud. Ho d. som kone på Bjørnsund nordre i Fræna 18.2.1897. Berit gifte seg i Fræna 15.1.1865 med Johannes Johnson frå Bjørnsund nordre i Fræna, f. i Fræna 1.12.1835. Han d. som enkjemann på Bjørnsund 26.9.1905. Johannes og Berit slo seg ned som strandsitjarar på Bjørnsund nordre i Fræna og fekk tre born i lag.b. Bertha Pedersdotter, f. i Hafslo 3.1.1839, døydde truleg i ung alder.c. Britha, kjend som Berit Pedersdotter, d.y., f. i Hafslo 5.9.1841, flytte òg til Bud med foreldri i 1845 og d. som husmannskone på Hustadkammen i Bud 13.4.1902. Ho gifte seg første gongen i Fræna 15.11.1863 med Andreas Danielson, f. på Løsetsneset under Løset i Fræna 1.8.1834. Andreas og Berit fekk ta over ein del av heimeplassen hennar på Kammen under Hustad i Bud. Men Andreas d. som husmann på Hustad 29.7.1871, og 20.11.1876 gifte Berit seg att i Bud med Ole Angrimson, f. på Ugelstad i Kvernes 18.7.1847. Han d. som kolportør på Hustad 29.1.1924. Berit og Ole vart buande som plassfolk på Kammen under Hustad i Bud. Berit fekk i alt seks born, tre frå kvart av ekteskapi.d. Olina Pedersdotter, f. i Hafslo 18.2.1844, flytte likeins med foreldri til Bud i 1845 og d. som gardbrukarkone på Sporseim i Aukra 19.8.1895. Olina gifte seg første gongen i Aukra 8.11.1870 med enkjemannen Ole Hansson, opphavleg frå Jenset i Aukra. Ole var f. i Aukra 25.4.1818 og d. som gardbrukar på Sporseim 14.8.1882. Olina gifte seg so att i Aukra 3.1.1884 med Sivert Knutson frå Eikrem i Aukra. Han var f. i Aukra 16.5.1852 og d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? - kring 1916 - ikkje før 1917!)Både Ole og Sivert var gardbrukarar på Sporseim i Aukra. Olina fekk tre born, som alle var frå første ekteskapet.e. Ole Andreas Pederson, f. i Bud 17.10.1846, d. på Hustad 14.11.1865.f. Anne Martha Pedersdotter, f. i Bud 13.1.1850, d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – truleg Hustadkammen i Bud e. 1926/før des. 1931!)Anne Martha gifte seg i Bud 22.7.1878 med Simon Olson frå Råstad i Vågå, f. i Vågå 22.7.1851. Han d. på Hustadkammen 7.4.1924. Simon var fiskar, og han og Anne Martha var plassfolk på Kammen under Hustad i Bud. Dei fekk fire born i lag.g. Inger Bergitte Pedersdotter, f. i Bud 4.5.1854, gifte seg i Fræna 27.6.1886 med Peder Paulson frå Raknes i Aukra, f. i Aukra 17.9.1860. Peder utvandra i 1887 til Amerika, og kona Inger følgde etter i 1888. Under namni Peter og Enger Paulson slo dei seg ned som farmarar i Berwick township, McHenry Co., N.D. Peter d. i Berwick, N.D. 5.12.1927, medan Enger Paulson d. hjå ei dotter i Malta, Mont. 13.12.1931. Dei fekk fire døtrer i lag.h. Peder Pederson, f. i Bud 29.4.1857, d. som enkjemann på Hustadkammen i Bud 14.1.1942. Peder gifte seg første gongen i Bud 28.6.1880 med Maria Johannesdotter frå Langøen i Kornstad, Kvernes, f. i Kvernes 4.6.1855. Men Maria d. som husmannskone på Hustadkammen 21.10.1894, og Peder gifte seg att i Bud 7.10.1895 med Hanna Nikoline Styrkersdotter frå Bergset i Bud, f. i Bud 14.11.1853. Ho d. som husmannskone på Hustadkammen 22.4.1926. Peder vart husmann og fiskar og budde på Kammen under Hustad i Bud, rimelegvis ein del av heimeplassen hans. Han fekk i alt seks born, fem frå første ekteskapet og eitt frå det andre.~~~~~~~~~~~~~~~~~~So det er ikkje so mange ''hòli'' i dette manuskriptet, men eg vonar framleis at dei kan tettast...?Eg takkar på ny so mykje for all hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjell Ove Hattrem

Jeg vet ikke hvilken politikk du fører på skrivemåte av stedsnavn, men ''Sporseim'' er vel verken fugl eller fisk?Det offisielle er Sporsem, og har vært det i over hundre år, mens noen familier kalte seg Sporsheim.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Kjell Ove for interessant og nyttig innspel! Eg er ikkje lokalkjend i Romsdalen, so eg set stor pris på slike innspel! Sporseim vert retta til Sporsem!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Sivert Perry Nerland

Anne Martha Pedersdatter f. 13/1 1850, død 20/12 1930. Mannen Simon Olsen f. 22/7 1851, død 12/4 (ikke 7/4) 1924. De skrev seg da for Fjeldset eller Fjellset. Fjellset på Hustad i Fræna er idag gnr. 91, bnr. 34 (utskilt fra bnr. 1 i 1908). Peder Pedersen (1857 - 1942) bodde også på Kammen som var den andre husmannsplassen på samme sted, under gnr. 91, bnr. 1. Ole Angrimsen (1847 - 1924) bodde på plassen Skidnekammen på Hustad, under gnr. 91, bnr. 11, 14 og 16. Denne eiendommen ble 1904 utskilt som Solberg av Hustad, gnr. 91, bnr. 30.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sivert Perry for kjempeflotte og nyttige opplysningar. Med dette føler eg at det meste av denne huslyden er komplettert i manuskriptet mitt; hadde me endå finne dødsfallet til Sivert Knutson på Sporsem i Aukra...!?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Sivert Perry Nerland

Hei Lars. Jeg har naturligvis prøvd å søke en god del vedr. Sivert Knutsen Sporsem på Aukra i Romsdal, og det står i Bygdebok for Aukra av Johan Julnes, bind II, side 309, at han flytta 1913 til Ringerike, ilag med den neste brukeren Hans Elias Olsen (1872-1953). Sivert skal være død ca 1916, og han skal være gravlagt i Nes, Norderhov prestegjeld, Buskerud. Dette har jeg desverre ikke vært istand til å finne ut av. Er det noen lokale som vennligt kan hjelpe Hr. Øyane her ??

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sivert Perry for siste innlegg!Det einaste Nes eg kjenner til på Ringerike eller i Norderhov prestegjeld, er Nes i Ådalen, men eg kan ikkje sjå dødsfallet til Sivert Sporsem innført nokon stad i Norderhov korkje i 1915, 1916 eller 1917...Men som du òg seier, kanskje einkvan lokalt kan greia dette betre enn eg...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for kjempeflott innlegg! Nes i Norderhov var altso Gomnes i Hole!!Med dette er denne huslyden komplett i manuskriptet mitt!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×