Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#64601] Gjertrud Jørgensdtr (1728-1791) - frå Hafslo til Balestrand - komplisert lagnad?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Gjertrud Jørgensdotter (Quam), fødd i Hafslo kring 1728, gifte seg i Balestrand 7.7.1754 med MIKKEL Knutson KRINGLEN.Ved eit skifte i 1771 er det sagt at Gjertrud var gift med PEDER Knutson HAUGEN i Tjugum skipreide.Eg finn ikkje noki vigsle mellom Peder og Gjertrud i Balestrand, og eg finn heller ikkje nokon Peder Knutson som døyr (og som høver med alder).DERIMOT finn eg Gjertrud Jørgensdotter FETEN som vart gravlagd TO gonger i Balestrand i 1791, 5.6. og 31.7.!Og i basen hjå Fylkesarkivet er nemnd ein Mikkel Knutson HANKEN som vart avliden i september 1773 (og gravlagd 1.4.1774).Under garden Feten i Balestrand finst ein plass kalla HAUGEN. Det skal òg vera ein plass KRINGLEN i Balestrand, men den veit eg ikkje kvar er. Heller ikkje kan eg plassera HANKEN (om det då ikkje er feilskrive for HAUGEN?).Finst det einkvan med lokal kunnskap i Balestrand som kan klara opp i dette for meg? Kvar er Hanken og kvar er Kringlen?Eg kan forresten heller ikkje sjå at Mikkel og Gjertrud fekk BORN...!?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jon Sværen

Lars !Hanken var gard nr 21 iflg gardsnavn frå Oluf Rygh, sjå Fylkesarkivet i SF. I Balestrand II frå 1991, er Lunde gard nr 20 og Ytre Farnes nr 22.I Hefte nr 5 frå 2006, har Gudmund Balvoll på s. 43 skreve ein del om Hanken, bl.a om ei rettssak i 1699 mellom futen Hans Blix og 2 eigarar av Tjugum. Futen seira, sjølvsagt ! I ei skøyte frå 1861 skal ein gard på Vangsnes m/ løpenr 194 eiga 1/6 part av Hanken.Du fann Michel Knudsen Hanken som døydde 1.9.1773 ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ottar Solberg

Lars. Kringla (Kringlen) er ein plass i Fjærland, visstnok under Våtevik. Det vart fødd ein Mikkel Knutson Våtevik i 1707. Mikkel Knutson som gifta seg med Gjertrud Jørgensdotter i 1754, er oppgjeve som fødd i 1724, men dette kan vera feil. I kyrkjebøkene på den tid er brudgommen alltid 10 år eldre enn brura.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jon og Ottar for nyttige og avklarande innlegg. Eg tek etter kvart få lite vetta oversikt over dette parfolket og trur det ikkje kan vera noki anna løysing enn følgjande:Mikkel Knutson frå Våteviki og Gjertrud budde kan henda ei kort tid på Krigla, men vart nok plassfolk på Hanken i 1750-åri (NB: Laberg har ingen brukarar der på den tidi!), og som enkje flytte Gjertrud so til Feten. Dei var nok barnlause...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.