Gå til innhold
Arkivverket

[#64657] Brita Pedersdtr. muleg opphav frå Fusa.


Gjest Magnar Hjelmeland
 Del

Recommended Posts

Gjest Magnar Hjelmeland

Hei, Brita Pedersdtr. fødd i Kvinnherad 27/12, 1824 av foreldre Peder Nilsen Tveit og pigen Olina Jørgensdtr. Av fadrane å døma er ho muleg fødd på gardane Boland, Havenerås eller Skaga. Som konfimert budde Brita i Svoldal, Kvinnherad, vart seinar gift til Kysnes og til sist utvandra til Amerika. Denne Peder Nilsen kan mulig vera frå Tveit i Fusa, står fast. Mvh Magnar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Oddvar Søreide

Stemmer dåpen på Brita, finner Peder Nilsen Tveit g. Oline Jørgensdatter gift i 1825. Sjå pkt. 30. Ho er født i Bergen, han oppført under Tveit ett eller annet sokn. Kanskje noen andre som klarer lese dette. Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Fant en 'uekte' Peder Nilsen med mor Brite Pedersdtr fra Tveit og far Nils Christophersen (høgre side): Permanent sidelenke: LenkeFor paret over finner jeg ingen Peder.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Magnar Hjelmeland

Hei, Takk til begge, no trur eg det skal vera muleg å finna ut meir. Har Peder Nilsen noko med Tysnes å gjera, er han nok nemnd i Tysnesbøkene. Brita vart gift med bror av mi oldemor på Kysnes, vart enka og levde under heller små kår på Tegland, Strandebarm, til ho for til Amerika saman med son sin. Mvh Magnar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Magnar Hjelmeland

Hei og takk igjen, Fann ei Olina Jørgensdatr. i 1801 ft. for Bergen. Vår Olina var vel 32 år i 1825,så alderen skulle passa. Mvh Magnar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Magnar Hjelmeland

Hei og takk til både Kjellaug og Oddvar. Fann Peder Nilsen konfimert på Tysnes 1819, han skreiv seg då for Berge. Son av Nils Christophersen Fladrager, så då skulle det vera muleg å finna resten i Tysnesbøkene. Mvh Magnar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Erling Utne

Dette står i Tysnes 1 s. 90:Nils Kristofferson Flatråker (1773-1813) vart g. 1803 m. Brita Olsdtr. Hidlesvikjo, plass Tre f. 1779. Dei b. som leigebuarar i Tre og ho tok over plasset etter verfaren, men flytta derfra etter 1834/35. Born: 1. Ola f. 1803 d. o. 1834, skifte etter han på Flatråkertre. 2. Kristoffer (1806--08) 3. Kristoffer, b. Tre under Epland 4. Guri (1813-93) g. 1844 m. Gjert Larsson Rubbestadneset, Bømlo, gardbr. der, ho g. II. 1869 m. Ola Eirikson Prestbø, Fitjar, der ho d. Nils hadde son f. utanfor ekteskapet, 5. Peder f. 1803, med Brita Pedersdtr. Tveit v/Hovland br. 4.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Magnar Hjelmeland

Hei og takk Erling, Det ante meg at Drange hadde fått dette med seg. Ser at Nils Kristoffersn har hatt mykje å stå i med i 1803, eller kanskje i 1802. Hadde heilt gløymt at der var Tveit på Hovland også. Der har det vel altid vore kort veg over til Ølves sida. Mvh Magnar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.