Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Marianne Bakketun

[#64800] Oppslag i Bygdebok for Hol, band IV (4)

Recommended Posts

Gjest Marianne Bakketun

Nokon som har denne bygdeboka og kan slå opp kva det står om Torgeir Knutsen Åker 1872 - 1967, Hol IV side 526, Hallingstad.Truleg er det denne Torger/Torgeir som gifa seg med ei jente/dame på Voss, Brita Styrksdtr, f 1880 på Dugstad, men sidan tilhøyrande på Lirhus.Har ikkje funne giftarmål mellom Torger og Brita. Dei fekk iallefall ein son, Styrk fødd på Voss i 1925. Han har eg kontroll på, men fekk dei fleire born skal tru?Marianne Bakketun

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan H. Trelsgård

Torgeir Knutsen er omtalt i bind VI på side 526:Torgeir Knutson søre øvre Åker f 1873 d 12/11 1967. Var mykje på myljo Halingstad hjå broren Gunnar, og brukte sidan Hallingstad som etternamn, g m Brita Lirhus, Voss, f 17/10 1880 d 5/2 1938, første styrarinna på Hol Gamleheim, 1914-20. Overtok garden Lirhus på Voss i 1927, bruk 3. 1 barn: a) Styrk Lirhus.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marianne Bakketun

Takk så mykje Jan. Bind VI, altså 6. Dei vart vel kjende på Hol? Sidan Brita var styrarinne på Hol Gamleheim. Kanskje ein må leite etter giftarmål i Hol?Marianne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marianne Bakketun

Finn dei ikkje på Hol. Har ikkje funne dei på Voss. Styrk var ekte då han vart fødd på Lirhus i 1925. Kvar har dei gifta seg, skal tru?Marianne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ann-Mary Engum

Utdrag fra lenken:1. Mari Olsdtr. Veslehaugen Åker 22.09. 1825-1890 G 1855 m Knut Gunnarson søre øvre Åker (Hol). Barn: Sunnev 1856- ug. ; Gunnar 1858-1921 på Halingstad gm Margit O. Eggen; Guri 1862- gm Eirik Olson Saastad, Snarum (5 barn); Ola 1867- til Slåtto i Holet, gm Gro Olsdtr. Pukerud; Torgeir 1873- til Voss, gm Brita Lirhus (4 barn). Då dei selde garden Åker i 1873, var tanken å emigrere til Amerika. Men så skifte dei meining og leigde garden Vestreim i Hol frå 1875. http://www.aal-bygdebok.no/060001-.htm

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marianne Bakketun

Interessant lesestoff.Men visst Torgeir og Brita hadde 4 born, kvar og når vart dei 3 andre borna fødd?Har kontroll på Styrk, fødd på Voss i 1925. Han er far til skiskytar Odd Lirhus, verdsmeistar i 1978.Marianne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan H. Trelsgård

Det er mulig at opplysningen i bygdebok for Ål om at ekteparet hadde fire barn er feil og beror på en misforståelse. I bygdebok for Hol er nemlig Styrk Lirhus sine fire barn nevnt sammen med ham, nummerert fra 1 til 4. Bygdeboka for Ål har nok hentet opplysningene fra Hol-boka og blandet barn og barnebarn av Torgeir Knutsen.Min antakelse baserer seg på egne erfaringer fra Ål-bygdebøkene. Samme type feil er nemlig gjort også andre steder med opplysninger som er hentet fra Hol-bøkene.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan H. Trelsgård

Ved hjelp av lenken i innlegg nr. 5 kan du finne epost-adressen til Thor Warberg, forfatter av Aal bygdesoge. Du bør kontakte ham og spørre hvor opplysningene kommer fra.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marianne Bakketun

Takk for dette Jan. Forfattaren, T.W. skriv dette under 'forklaring': Utflutte blir fylgd 1 generasjon. Dvs. det står f.eks berre '(3 barn)' for barnebarna til den utflutte. Styrk hadde minst 3 barn, kanskje 4, så då stemmer vel det med 4 born?Marianne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marianne Bakketun

Henter denne fram att, då eg ikkje har vore i stand til å finna giftarmålet mellom Torgeir/Torger Knuts Hallingstad og Brita Styrksdtr, fødd på Voss. Ho var altså styrarinne på gamleheimen på Hol i tida 1914-1920. Sonen deira, Styrk, vart fødd på Voss i 1925. Har leita i Hallingdal, Drammen, Bergen og på Voss. Dei fekk berre denne eine sonen, men når gifta dei seg skal tru?Marianne Bakketun

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×