Gå til innhold
Arkivverket

[#64810] Karl Angel Kristiansen på Vik i Steigen (1864-1941) - oppslag i bygdebok?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Karl Angel Kristiansen, fødd på Vik i Steigen 26.2.1864, døydde, rimelegvis òg på Vik i Steigen, 9.9.1941. Han gifte seg i Buksnes 3.7.1892 med Lisa Petrine Nilsen, fødd på Apenes i Buksnes 8.11.1867. Ho døydde 20.4.1947, rimelegvis òg på Vik i Steigen.FT1900 syner Karl som husmann og fiskar på Fagerbakken under Vik i Steigen, og ifølgje DIS-Noreg er det gravlagde på Furumoen i Steigen.Eg har funne fire born:* Arne, fødd i Steigen 1891 (finn ikkje dåpen)* Sofie Kvam, fødd i Steigen 27.12.1893* Marta Karoline, fødd i Steigen 15.2.1897* Kristian Arnulf, fødd i Steigen 15.4.1903Er det nokon med lokal kunnskap, eventuelt med tilgjenge til bygdeboki for Steigen, som kan svara meg på følgjande:* Kan det stadfestast at Karl og Lisa budde levetidi ut som plassfolk på Fagerbakken under Vik i Steigen og at dei døydde der?* Stemmer talet på born, eller fekk dei fleire?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Hill-Gunn Jensen

Klippet fra Steigenboka:Karl Angel Kristensen (14,3) 26/2.1864 gm Lise Petrine Nilsdtr. 1867 1. Sofie Kvam 27/12 1893 – 2. Marta Karoline 15/2 1897 – 3. Kristian 16/4.1903 – 4. Karoline 13/6 1907Arne sin dåp i Hol i Buksnes LenkeMvh Hill-Gunn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Hill-Gunn for spennande opplysningar. Då fekk dei med andre ord eitt barn til.Men står desse opplysningane under Fagerbakken, Vik, eller kvar? Vart Karl kan henda sjølveigar?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Hill-Gunn Jensen

HeiKarl står oppført under Vik i boka som er fra 1955 Har ingen lokalkunnskaper om stedet, men ser at han var husmann på gården Fagerbakken i 1900 [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=5&filnamn=f01848&gardpostnr=182&merk=182#ovre>Lenke som lå under bruk 1 Lenke Hvorvidt han ble selveier eller ikke, vet jeg ingen ting om. Du kan jo kontakte Steigen historielag og høre om de vet noe mer http://www.steigen-historielag.org/Ser at Karl sine foreldre bodde på Fagerbakken (Fagrebakken) i 1875 Lenke og trolig også i 1865

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.