Gå til innhold
Arkivverket

[#64865] Morten Hansen og Albertine Strømsnes - vigde i Christiania 1904 - ho d. i 1904?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Morten (Karlson) Hansen, fødd i Vestre Aker 13.4.1878, gifte seg i Christiania 25.1.1904 (eg har diverre ikkje notert kva kyrkjelyd...) med:Albertine Severine (Pedersdotter) Strømsnes, fødd i Kinn (Sunnfjord) 23.2.1871.Morten er i 1904 skriven dagarbeidar, medan Albertine var sydame.Dei fekk ein son, Albert Severin Hansen, fødd i 1904 (dato ukjend), og mori Albertine skal vera avlidi i barselseng.Er det mogeleg å finna dødsdatoen til Albertine og fødselsdatoen til sonen Albert Severin?Eg er òg interessert i opplysningar om lagnaden til Morten Hansen.Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...
Gjest Lars E. Øyane

Ein sein, men like hjarteleg takk til Carsten for eit kjapt funn av vigsli til dette paret i Domkyrkja i Christiania.Eg har leitt gjennom avlidne i Domkyrkja for det påfølgjande året, men eg finn ikkje Albertine, so dei har nok høyrt til ein annan kyrkjelyd...?Eg vonar framleis det let seg gjera finna lagnaden til denne huslyden og takkar på ny for alle tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Eg har i kveld lese kyrkebøker frå Christiania, alle soknene fødde 1904 og 1905, men finn ikkje Albert Severin! Berre Vestre Aker ser ut til å mangla bøker for fødde...Dette vert ein skikkeleg ''julenøtt''...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
Gjest Lars E. Øyane

Under ei snøgg vitjing på Riksarkivet i ettermiddag fann eg i dødsmeldingane for Christiania følgjande:* Albertine Serine Hansen, 33 år, døydde på ''Fødselsstiftelsen'' 7.5.1904. Ho let etter seg enkjemann Morten Hansen og ein umyndig son (ikkje namngjeven) busette i STENSGATA 35.Eg finn ikkje kyrkjebøker for noki ''Fødselsstiftelse'' i Christiania, men om me berre visste kva kyrkjesokn Stensgata 35 høyrde til, so kanskje kjem me vidare...?Eg takkar på ny for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anne J. Engmo

Uten at jeg skal si det sikkert,tror jeg fødselsstiftelsen hørte under Oslo hospital.Men der er ikke fødslene scannet for det aktuelle tidsrom.Finner heller ikke Albertine`s dødsfall i de bøkene,men hun kan jo være registrert i den kirken hun hørte til.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.