Gå til innhold
Arkivverket

[#64894] Mannskapsliste Frøy 17.5.1895


Gjest Jostein Bø
 Del

Recommended Posts

Gjest Jostein Bø

Er det nokre skips- og sjøfarthistoriske kløpparar her som kan sei om det finnes, og i såfall kvar, mannskapsliste for barken Frøy, som den 17. mai 1895 forliste i Nordsjøen på veg frå England til Sverige? Etter det eg veit vart heile mannskapet berga ved dette forliset.Med venleg helsingJostein Bø Telavåg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jostein Bø

Hei! Ja det er nok den!! Det eg er på jakt etter er om ein kar ved navn Christian Christiansen var ombord då den forliste. Karen emigrerte seinare og vart omreisande prest i Illinois. Han spelte også ei viss rolle i planlegginga av Vemork/Rjukanaksjonane (Heltane frå Telemark)Jostein Bø

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Reidar Oddløkken

Store farkoster disse barkene også, 107 m lang og 27 m bred, og når det står dyptgående 15 m, betyr det at den stikker 15 m under vannflaten? Litt 'hebraisk' dette for den som bor langt til fjells. mh Reidar

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jostein Bø

Ja Reidar, dyptgåande e kor djupt båten stikk. 15 meter var no gruseleg djupt då. Sjøl om eg bur i Telavåg heilt vest i havet og har vore på fiske eit år, er eg eigentleg landkrabbe, oppvaksen på Voss og tildels Finse, synes eg 15 meter høyrdes ut til å vera altfor mykje, men men.mvh Jostein

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gunnar Sigdestad

Når Noregs største fregatt, Kong Sverre, med eit deplasement på nær 3500 tonn, hadde eit 'dyptgående' på 7,2 m, vil eg tru at det her er snakk om fot. 15' vil vel tilsvare omlag 5 meter. Til samanlikning har barken 'Statsraad Lehmkuhl' eit 'dyptgående' på 5,2 meter.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Reidar Oddløkken

Jostein, hvis du har noen grunnopplysninger om denne Christian Christiansen som. f. dato etc. er det sikkert sjanse for at det er folk i forumet som finner ut noe mer om ham. Jeg så at det var mange med dette navnet i Hordaland. mvh Reidar

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jostein Bø

Arnfrid - Nei han for, etter det oldebarnet seier, ei gong etter 1895 - trur ho. Men som ho seier so reid han rundt i Illinois som prest på århundreskiftet. Men ho har førebels ikkje fått avklart med tanta når han for, eller når han er fødd.Jostein

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnfrid Mæland

Men det er noe jeg ikke forstår. Han var på Frøy i 1895, si at han da har vært ca 20 år. Så emigrerer han og er prest i Usa, for så å komme hjem igjen for å være i motstandsbevegelsen under 2. verdenskrig, han må jo da ha vært ganske voksen. Eller er alt dette bare fantasi.....??Dette med Hosanger...., hvor kommer det fra?Det drar noen karer fra Hosanger i 1911. Christian Christiansen fra Tvedt i Hosanger, gm Maria. Han er 50 år i 1911, så da vil han være ca 80 år i 1940, så han kan det vel ikke være....Så drar det en 22 årig Christian Christiansen fra Bergen i 1900.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jostein Bø

Arnfrid. Nei det er ikkje slik. Det er ikkje sikkert at han var på Frøy då den forliste, men han beskriv ein dramatisk hendelse der dei frykta for livet og difor leiter eg etter mannskapslista for det skipet. Han var mannskap på Frøy, men kva av skipa Frøy han var på er uvisst- Iflg sjøfartsmuseet i Bergen var det og eit dampskip ved navn Frøy, heimehøyrande i Bergen som var nær ved å forlisa oppe i Nord Norge ein plass, men det var i 1929 etter det eg hugsar. Så var det eit skip, også ein bark, som gjekk mellom Norge og Island på den tida, heimehøyrande i Sandnes. Men det er og mogeleg at det har skjedd noko med det skipet han reiste over til Amerika med. Det er ikkje oldebarnet sikker på, for han snakkar norsk på lydopptaket. Christian kom aldri heim att til Noreg. Han var i Amerika før,under og etter krigen og døydde som nemd i Gardner IL i 1947. Fyrst etter at han var død, fekk familen takkebrevet frå Kong Haakon. Truleg er det ein kopi som finnes i fengselet i Gardner. Eg skal innom der neste sumar så då får eg sjå.Jostein

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnfrid Mæland

Betyr dette at han like godt kan ha emigrert før 1895, så bor der noen Christian og Lina Christiansen i Gardner Village, Grundy, IL i 1900. De har da vært g i 17 år. Han er født i Norge i 1859, er 40 år, emigrerte i 1881 og han og Lina giftet seg i 1883.Men der er jo 100-vis av andre kandidater. Men hvis Barbara er på min alder 50 pluss, så vil jo hennes oldefroeldre etter all sansynlighet være f mellom 1850 og 1870, tenker jeg.Men denne Barbara må jo vite hvor og når deres barn var født? Alt dette finnes jo på Ancestry.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jostein Bø

Arnfrid - Ja dette kan faktisk stemma. For han vart gift med ei Lena eller Lina og som sagt veit eg ikkje når han for. Det er mogeleg eg får litt meir på mandag frå oldebarnet. Men at han var mannskap på eit av Frøyskipa er sikkert. Så det kan jo han skjedd noko med emigrantskipet på turen over. Det der ancestry com greiene har eg ikkje prøvd. Er litt gamaldags (50 ) so eg har helst brukt stensilar og handskrivne papir etter far min.Jostein

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnfrid Mæland

Men ærlig talt, Jostein. Du får ta kontakt med Barbara igjen. Hun må finne ut når han var født, og helst hvor. Dødsprotokollene på Ancestry har med fødselsdato, i hvertfall de fleste protokollene. Jeg fant forøvrig ingen som døde på den adressen du oppgav i 1947 med navnet CC.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jostein Bø

Arnfrid! Ja eg ventar på svar frå ho over helga så får vi sjå, men han skulle vera ca. 87 år då han døydde i 1947. Ho veit iallefall at han er gravlagd i Gardner.Jostein

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnfrid Mæland

Så vidt jeg kan se var Frøy fra Sandnes oprativ fra minst 1868 ril minst 1901, så da kan det jo ha vært på den han har vært. Ser ut som den hadde Englandsfart, stort sett på Hull.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jostein Bø

Kor i all verda finn du alt dette Arnfrid?? Den Frøy som forliste var frå Lillesand trur eg. Den frå Sandnes vart iflg museet seld til Island, men årstall hugsar eg ikkje. Den gjekk vesentleg med sild og salt mellom Noreg og Island.Iallefall. Eg er imponert over alle opplsyningane eg har fått i kveld både om dette og Julie frå Hatten. Har halde på med ættegransking nokre år no, men visste ikkje om dette digitalarkivet og forumet før for kort tid sidan.Jostein

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnfrid Mæland

Du må gå inn på det andre forumet, Arkivforumet. Du finner det i rullgardinen oppe under Brukerforumet. Der legger du inn forspørsel om mannskapslister eller mønstringsopplysninger. Du må selvsagt ha fødselsopplysninger om vedkommende først, og også hjemsted / fødested.Så, når du vet fødselsdatene så legger du inn et nytt tema her på dette forumet der du starter med 'USA;...' så det vesentligste, f eks Christian Christiansen f.xx.xx.xxxx i xxxx prestegjeld / sted. Mal: LenkeLykke til! Ja jeg har mine kanaler....Mvh Arnfrid

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jostein Bø

Då tenkjer eg at eg ganske sikkert har denne ukjente, stillferdige krigshelten. Han var nok ikkje på den Frøy som forliste 17.5.95 for han utvandra i 1881. Om han var på Frøy var det truleg den som var heimehøyrande i Sandnes og gjekk mellom Island og Noreg. Veit ikkje om dampskipet Frøy vart nytta til emigrantfart. Christian Christiansen var fødd i Sandnes - Høyland prestegjeld 18.10.59 - plassen heiter muligens Torridal. Han var son av Christian Sivertsen og Bertine fødd Aarstad. I Amerika fekk han fyrst privat undervisning av ein kandidat teolog før han i 84-85 deltok i eit theologisik seminar i Chicago. 86-87 var han prest i Den evangeliske frikirke i Danway Il, 87-97 i den Forenede kirke i Gardner Ill, 1897-07 Washburn Wisconsin, Ashland Wisconsin 1910, Han var og medlem i Gardner Scoolboard i 5 år, medlem av Washburn Schoolboard og formann i samme. Han var og noko som heiter visitator i 1914. Han vart i 1883 gift med Lina Larsen og døydde i 1947.Jostein

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.