Gå til innhold
Arkivverket

[#65049] Finna etterkomarar ettter 1927


Gjest Jostein Bø
 Del

Recommended Posts

Gjest Jostein Bø

For familien freistar eg å finna ut kva som skjedde med tre jenter og deira eventuell etterkomarar, men problemet er at dei kjem inn i den sperra perioden for skanna kyrkjebøker og er tydlegvis for gamle for å finnast i noverande folkeregister.Desse jentene er: Johanna Thormundsen f. 1.9.07 Eleonora Thormundsen f. 9.11.10 Gudrun Theodora Thormundsen, f. 13.9.12.Dei var døtre av Theodor Thormundsen og Gjørid Olsdotter (Ingebrigtsen) Lunde og dei budde i Elvegt. 9 i Sandviken. Det er etterkomarar etter Theodors uekte born Theodora Sæle som ynskjer kontakt med eventuelle etterkomarar etter jentene.Likeins lurer eg på, sølv om dette er feil forum, kor eg kan finna rettsbøker etc etter tippoldefar min som sat inne for alt frå uekte born, tjuving av ein paraply, knivran og til sist knivdrap.mvhJostein Bø Telavåg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Solveig Håklev

Avisenes dødsannonser kan være en mulighetFinner på DIS-Norge gravlagt på Møllendal: ID 36033 og ID 36034 Gjørid Thormundsen d.1960 og Johanna Thormundsen d.1982

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jostein Bø

Du verden!! Tusen takk Solveig. Ja eg har mykje å læra om bruk av desse arkiva og kjeldene. Eg fann faktisk Gjørid. Ho budde i Teatergaten då ho døydde. Men er det mogeleg å finne om jentene vart gifte og om dei fekk born?Jostein

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jostein Bø

Solveig - eg fann bilete av gravstøtta til ho Gjørid og to av døtrene (same grava), ho Johanna og ho Nora, som du seier, men kvar vart ho Gudrun Theodora av? Fann ei i Kristiansand, men utan fødselsår. Ho kan jo teoretisk vera i live endå 96 år, men då hadde vel dagens folkeregister funne henne. Og kvar vart det av faren Theodor Thormundsen som døydde 18.11.1916, for ikkje å snakka om ho som eg aller helst vil finna, Julia Olsen som døydde knappe 23 år gamal 13.7.04 på Bergen sykehus?Jostein

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jostein Bø

Tommy - Går det an å finna fødselsdatoen ut frå dette? Ho e vel akkurat utanfor rekkevidde for dei opne skanna kyrkjebøkene?Jostein

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars Johannessen

Gudrun Thormundsen d. 17.12.1927 Kildeinformasjon: Bergen fylke, Stiftelsespresten, Kommunepresten, Ministerialbok nr. A 7 (1921-1932), Døde og begravede 1927, side 174. Permanent sidelenke: Lenke Hun var født i 1912, pleiebarn, faren står oppført som avdød repslager Andreas Thormundsen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jostein Bø

Lars - det ser ut til å vera den rette. Men faren var vitterleg reipslagar Theodor Thormodsen og dei budde i Elvegaten i Sandviken. Kanskje Andreas var bror hans. Det trur eg at eg skal greia finna ut sjølv - kanskje.Jostein

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jostein Bø

Jaja. Lika vis eg. Kanskje det er nokre doktarar her som veit kva det er? Men då ser det ut som eg står att med gravplassen til han Theodor og ho Julie Olsen. Gudrun e nok sikkert gravlagd i Sandviken.Jostein

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.