Gå til innhold
Arkivverket

[#65201] Sonnev/Synnøve Olsd. Notevik f. 1887 i Tinn - til Tønsberg - d. 1946 i Stokke?


Gjest Anfinn Bernaas
 Del

Recommended Posts

Gjest Anfinn Bernaas

Eg prøver igjen: Sonnev Olsdotter Notevik f. på Midgarden i Austbygde i Tinn 8. august 1887 er ved moras (Ågot Persdotter Notevik) død i Tinn i 1929 namngjeven som Synnøve Notevik, busett i Tønsberg. Eg har søkt i gravminne i Vestfold og kyrkjebøker for Tønsberg og Stokke.Eg finn ei Synnøve Andersen f. 8. august 1887, død 14. januar 1946, gravlagt 14. okt. 1946 (ja, datoane står slik) i Stokke. I grava ved sida av henne finn eg Mathias Andersen f. 3. november 1877, død 10. juli 1954, gravlagt 16. juli 1954.Truleg er dette 'mi' Sonnev/Synnøve, men eg ville vera takksam for fleire opplysningar slik at stadfestinga kunne gjerast på eit noko tryggare grunnlag.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gunn Huglen

Er det denne damen du da søker ? Her på plassen Notevig 1900: LenkeDet finnes digital bygdebok for Stokke, så det kan være mulig å finne Mathias Andersen og hustru nevnt der?Mvh. Gunn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anfinn Bernaas

Gunn: Eg kjenner relevant dokumentasjon om Sonnev til eit stykke etter 1900, medan ho enno budde i Tinn. Det er kor ho blei av som er utfordringa.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Sundelius

Hei.... har du sett om 'hu' ble viet i Stokke?( kunne event. trengt gårdsnavn! )= ( 248376 Synnøve Andersen 0808-1887 1401-1946 2110 1946 C2 3 6 Stokke øvre. og 'gubben' har nr 7! ) hilsen Egil S.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anfinn Bernaas

Lei for sein respons.Egil: Eg har sjekka lysingsprotokollane for Stokke i intervallet 1905–1941 utan å finne spor. Så det var nok ikkje der vigsla gjekk føre seg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørg Korsvoll

HeiSynnøve Olsen giftet seg i Tønsberg den 2.3.1913. Se nr. 16 Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1334&idx_id=1334&uid=ny&idx_side=-247>LenkeJeg har funnet at Synnøve og Mathias fikk 4 barn, født i Stokke. Kan være flere barn, men her er de jeg har funnet.Olaf Anton Andersen, konfirmert 1928 i Stokke Se nr. 27 Permanent sidelenke: LenkeMarie Synnøve Andersen, konfirmert 1930 i Stokke Se nr. 4 Permanent sidelenke: LenkeIngeborg Margrete Andersen, konfirmert 1932 i Stokke Se nr.13 Permanent sidelenke: LenkeHarald Marius Andersen, konfirmert 1934 i Stokke Se nr. 12 Permanent sidelenke: LenkeOlaf Anton Andersen, giftet seg i Stokke 12.12.1936 Se par nr. 25 Permanent sidelenke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anfinn Bernaas

Bjørg: Tusen takk for innsatsen din, men om du har bruka mykje tid og krefter på å finne Synnøves giftarmål var det no reint for gale. Eg tenkte vel helst på om nokre skulle slumpe til å kjenne til denne familien, og så melde dette på forumet.Eg fann også Synnøves giftarmål i går kveld, etter mange timars søk i ulike kyrkjebøker. Eg har sett etter i Tønsberg før, men må ha oversett det, sjølv om det altså viste seg at Synnøve var delvis anonymisert ved å ha blitt til Synnøve Olsen.Korleis fann så eg ho? Eg søkte etter foreldra til døypte barn i Stokke frå 1905 og utover til 1912 (dåp i klokkarboka stoppa der) utan resultat. Så gjekk eg på konfirmasjon frå 1920 og framover i same bok, og der var ei dotter; Inga Alette Andersen f. 24. mars 1913 i Ramnes, konfirmasjon 2. oktober 1927, bustad Skjersnes. Foreldre gardsbestyrar Matias Andersen og hustru Synnøve f. Olsen.Derifrå til Ramnes mini 1912–29 der eg fann dåpsinnførsla til Inga Alette 29. juni 1913, foreldre gbr. Matias Andersen og hustru Synnøve f. Olsen, bustad Freste.Neste var søk etter vigsla til foreldra. Eg fann dei også i Ramnes mini 1912–29: 2. mars 1913 blei dei gifte. Fødselsår stemmer på 'mi' Sonnev, likeså fødestad (Tinn) og far. Eg får også vite at vigsla skjedde i Tønsberg. Og da var det enkelt å slå opp i kyrkjeboka frå Tønsberg for å sjå at det stemte. Og det gjorde det jo.Dette tok tid, men sikkert ikkje mindre enn det du har bruka for å finne det same via andre vegar. Og dessutan leverer du ei heil rekkje andre barn frå Matias og Synnøve sitt ekteskap. Takk igjen!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.