Gå til innhold
Arkivverket

[#65213] Hans Erlandsen Moen i Lom, 1721.


Gjest Torbjørn P. Hagen
 Del

Recommended Posts

Gjest Torbjørn P. Hagen

I 1721 kjøper Tjøsel Olsen Kongsli på Fron odelsretten til nigard Korstad(Fron)av Hans Erlandsen Moen i Lom. Er det nokon som har opplysningar om Hans Erlandsen Moen i Lom, hans foreldre og besteforeldre?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jakup Skjedsvoll

Dette må vera den Hans Erlandsson som i Bygdabok for Lom, band 1, s. 285, er nemnt som eigar/brukar av Mo i Vårdalen i Lom. Han levde ca. 1677 - 1751 og gifta seg ca. 1722 med Barbro Sveinsdotter. Han kjøpte odelsretten til Mo i 1721 av ein Ola Rasmusson som var av den fyrste slekta ein kjenner på Mo. Handelen gjekk føre seg på Reistad i Fåberg. Han kjøpte garden same året av Erland Gunnarsson. Om det var slektskap mellom dei to seljarane, går ikkje klårt fram av bygdaboka og er vel ikkje kjent. Hans Erlandsson hadde høgst truleg ikkje livsarvingar. Han selde garden att i 1736(?). Bygdaboka gjev ikkje opp noko om kven foreldra var eller kvar han var frå.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torbjørn P. Hagen

Takk for svar. Dette er sikkert rett person, men dessverre ingen opplysningar om opphavet. Mulig han også hadde kjøpt odelsretten til Korstad og såleis ikkje var i slekt med tidlegare eigare der.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...
Gjest Odd Annar Tangen

Hans Erlandsen Mo er nok sønn av Erland Gunnarsen. Det var skifte på Mo i Vårdalen 1698 etter Gunnar Erlandsen der farbroren Bersvein Erlandsen er formynder for Erlend Gunnarsen.Gunnar Erlandsen var gift med Eldri Halvorsdatter (1656-1737).Det er en teori om at ovennevnte Bersvein Erlandsen er far til treskjæreren Jacob Bersnendsen Klukstad.Dette fra en artikkel i ' Heim og Bygd', 'Kven var Jakob Bersvendsen Klukstad' av Jon Kolden.V.h. Odd Annar

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.