Gå til innhold
Arkivverket

[#65226] Karen Endresdotter, død Bergen 1819 - ervingane i Sunnfjord - sambandet imellom?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Karen Endresdotter, gift i Bergen 28.6.1812 med Lars Larsen, døydde barnlaus i Bergen 28.12.1819. Der vert ho oppgjevi vera 51 år og fødd i SUNNFJORD.Skiftet hennar frå 1821 syner at buet vart delt likt mellom desse to:* Ingeborg Iversdotter, gift med Peder Hansson* Susanna Jacobsdotter, gift (mannen ikkje oppgjeven)Det står ikkje kvar desse ervingane budde, eller på kva vis dei var i ætt med Karen Endresdotter.Eg er på leiting etter opphavet til Karen Endresdotter!?Hjå FamilySearch, og vidare i dei skanna kyrkjebøkene, finn eg:* Peder Hansson BERGE gifte seg i ASKVOLL 25.5.1779 med Ingeborg Iversdotter SYSTAD. Desse finn eg omskrivne i Hyllestad bygdebok, bd. II under Systad på side 120 der det går fram at arvtakaren Ingeborg var fødd i 1742 som dotter av Iver Iverson og Agatha Olsdotter. Eg finn IKKJE dette parfolket att under Berge i Hyllestad.* Eg finn ikkje noki Susanna Jacobsdotter i Sunnfjord på den tidi.* Eg finn ei Kari Endresdotter døypt frå Sortefoss i Fjaler 31.5.1772, som godt KAN vera ho som vart gift i Bergen, men eg har ikkje bygdebøker for Fjaler...Eg står soleis førebels ''fast'' når det gjeld opphavet til Karen Endresdotter. Ingeborg Iversdotter hadde fleire søsken som òg burde ha vore nemnde i skiftet frå 1821, so eg er ikkje overtydd om at eg har funne den rette...Kanskje er det nokon som er betre kjend i Sunnfjord som kan ha tankar kring dette problemet?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grete Jøraas

Fjaler Bygdebok, Svartefoss: her er ingen med navnet Endre. Brukere fram til 1777 var Kari Olsdatter og Hans Hansen Aven. Ingen av døtrene giftet seg med en Endre. Peder Hansen overtok i 1777.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torodd Kinn

Ekteskapet i 1812 var Karen sitt første: [url="http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=9&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=12442&merk=12442#ovre>LenkeDvs. at ho bør vere å finne i FT1801 som ugift. La oss seie at vi leiter etter ugifte kvinner som heiter Kar... Endresdtr. og er fødde 1758-78. Det er faktisk ingen i Hordaland, heller ikkje i Sunnfjord. Det er éi i Nordfjord og to i Sogn.Ytre Nordfjord: LenkeYtre Sogn: LenkeMidtre Sogn:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grete og Torodd for nye innlegg.Eg forstår det slik at Kari Endresdotter ikkje er nemnd i Fjaler bygdebok under Svartefoss, so då er det ikkje so lett å seia noko meir om ho. Namnet i kyrkjeboki er tydeleg nok...(Lenke).Når det gjeld dei tre kandidatane som Torodd har funne, er vel Kari Endresdotrter på Leikanger både for gamal, og ho bur på feil stad. Eg vil gissa på at ho er fødd i Sogndal (Ylvisaker) i 1761... Og Kari Endresdotter på Torvund indre i Gulen (Lavik) finn eg nemnd i ætteboki for Lavik; ho vart buande der. Selje er vel òg litt for langt borte frå Sunnfjord...?So den beste ''kandidaten'' av desse er framleis Kari Endresdotter fødd på Svartefoss i 1772. Om me berre kunne funne ho seinare...? Eg har lese gjennom sjeleregisteret frå Fjaler frå 1781, og det som er heilt sikkert, er at Kari Endresdotter IKKJE budde i Fjaler det året!Eg ser elles av bygdeboki for Hyllestad under Systad at mor til denne Ingeborg Iversdotter, Agatha Olsdotter, vart enkje i 1767. Kan ho ha fått dotteri Kari kring 1768/1769 med ein Endre? Då ville jo Ingeborg verta ei ''naturleg'' erving...Eg spekulerer og spekulerer...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torodd Kinn

Eg forrekna meg visst på alderen til ho i Leikanger.Men Nordfjord-kandidaten budde ikkje i Selje, men på Oldeide i Rugsund i Davik, no Bremanger: LenkeDet er slett ikkje langt frå Sunnfjord; kjem du sørvest om Hennøya (sjå kartet), er du i gamle Kinn prestegjeld, dvs. Sunnfjord.Så det er ikkje utruleg om ei jente frå Sunnfjord har budd ei tid på Oldeide.Ja, det er sjølvsagt spekulasjon på mi side òg, men eg synest ikkje du skal avskrive Nordfjord-tausa utan vidare, Lars! :-)Problemet er jo at vi ikkje veit kor ho kom frå opphavleg, og dét er forbaska vanskeleg å finne ut av.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...
Gjest Lars E. Øyane

Den delen av manuskriptet mitt der dette problemet inngår, skal snart prentast, og eg står framleis like ''fast'' når det gjeld opphavet til Karen Endresdotter ''frå Sunnfjord''.Hadde det endå vore mogeleg å syna skyldskapen mellom Karen og Ingeborg Iversdotter på Berge i Hyllestad...!?Kanskje nye auge er komne til som vil studera dette problemet nærare?Alle gode tips vert mottekne med stor takksemd!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Svehn Ruskelöv

En kandidat til, ''Kari Endresdtr.'' döpt 17/2-1766 med far ''Endre Hovlandsdahl'' i ''Guddal/ Fjaler'' : LenkeI ''Fjaler bygdebok/Guddal'' under ''Hovlandsdal'' står det mämnt att enkemann ''Endre Ellingsen'' giftet sig 2. gang med ''Marte Arnesdtr.'', en av 7 barn, ''Kari'' födt 1766, alt om henne.Mvh,Svehn.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Svehn for nytt interessant innlegg!Eg lurer på om eg kan ha sett på denne Karen Hovlandsdal før, men sidan ho hadde so mange søsken som ville vera ''potensielle'' ervingar etter ho, og ingen Ingeborg Iversdotter/Susanna Jacobsdotter var mellom dei, so kom eg til den konklusjonen at det ikkje kunne vera ho. Men no har ikkje eg bygdeboki for Fjaler, so kanskje der står noko anna. Kanskje hugsar eg feil?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torbjørn Igelkjøn

Dette var vrient.Men Lars og Karen fekk i 1812 denne dottera, som d. etter 6 dagar: [url="http://digitalarkivet.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=16&filnamn=dp12011668&gardpostnr=19289&personpostnr=56164&merk=56164#ovre>Lenke Lenke Her kan ein merke seg at ein Endre Marcusen er oppgitt som fadder.Karen finst også i 1815-teljinga for Bergen, då var vel kanskje Lars død?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Ikkje enkel denne her.Eg fann forlovelsen mellom Lars og Karen, og her er forlovarane oppgitt, men ikkje nokon som eg klarer å koble til noko. (nr. 2 venstre side) Kildeinformasjon: Bergen fylke, Korskirken, Forlovererklæringer nr. II.5.1 (1776-1816), Lysninger 1812, side 343. Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=4578&idx_id=4578&uid=ny&idx_side=-346>Lenke Permanent bildelenke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars Johannessen

Finner en Endre Jørgensen død i Bergen i 1811, 77 år gammel, på samme adressen som Lars Larsen og Karen Endresdtr. bor på i 1815, 23-75. Han er født i Ytre Holmedal i Sunnfjord! Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars Johannessen

Da kan det være Karen vi finner døpt 26. januar 1759, men det er jo et avvik i alder her, det er den eneste Karen jeg finner i Sunnfjord med far Endre Jørgensen. Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Fjaler, Ministerialbok nr. A 1 (1755-1778), Kronologisk liste 1759, side 42-43. Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8828&idx_id=8828&uid=ny&idx_side=-21>Lenke Permanent bildelenke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Endre og Synneve giftar seg i Ytre Holmedal i 1772. Ho frå Boge (høgre side) Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Fjaler, Ministerialbok nr. A 1 (1755-1778), Kronologisk liste 1772, side 146. Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8828&idx_id=8828&uid=ny&idx_side=-108>Lenke Permanent bildelenke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torbjørn Igelkjøn

Boge i Guddalen, Fjaler. Bilete henta frå bind 3 av Fjalersoga: Synneve Ellingsdtr. g. 1771 m. Endre Jørgenson Steinset.Ut frå kor tid desse gifta seg passar den Kari f. 1772 som er nemnt i byrjinga av tråden godt. Legg merke til at Hans Boge og Brita Boge (syskena til Synneve) er mellom fadrane. Eg trur gåta er løyst!

bilete9795.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Torbjørn, Grethe, Egil og Lars for kjempeflott ''teamwork''. Eg har studert alle dei nye innleggi, og dette ser jo svært so bra ut. Det at Endre Jørgensen budde på same stad i Bergen som sidan Karen og Lars, har overtydd meg!Nok ein skikkeleg stor takk til dykk alle for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.