Gå til innhold
Arkivverket

[#65352] Volden - i Hordaland eller Rogaland


Gjest Jan Sæthre
 Del

Recommended Posts

Gjest Jan Sæthre

Ein slektning av meg, fødd på Manger, gifter seg med ei dame som er fødd på/i Volden. Lenke ( scanna kyrkjebok for Bergen Nykirken 1905-1913 side 39 nr 12. Bak namnet til Anna Gurine står det Lieskar og Volden. Kvar er det? Ekteparet flytter til Haugesund der dei m.a. får ein son Gunnar Albert fødd 20.07.1907.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Yngve Nedrebø

Det er nok verken Hordaland eller Rogaland. 'Volden' er den gamle skrivemåten for Volda, og 'Liaskaret' er gnr. 14 i Volda, Møre og Romsdal.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest sol høydalsvik ulvestad

Anne Gurine Albrigtsd. Liaskar er dotter til Albrigt Gabrielson Liaskar f. 1852 frå g.nr. 14.3 Liaskar i Volda. Han var gift med Marta Hansdotter Nordal. Dei budde nokre år på Liaskar, men flytte til Ålesund. Meir står det ikkje om dei i den gamle Voldasoga, bind 1. Bind 4 av den nye busetnadsoga for Volda kjem etter nyttår 2009 og der står kanskje litt meir om familien til Albrigt

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Sæthre

Yngve: Det stemmer nok at det er Volda ja. Fann fødselen til Anna Gurine i scanna mini for Volda. Sol: Der går det fram at mor hennar heitte BERTHA Martha Hansdatter

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.