Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Egil Russøy

[#65483] Ane frå Voss - stevna for retten august 1801. Kven var ho

Recommended Posts

Gjest Egil Russøy

I eit brev frå Hans Nielsen Hauge skreve 11. august 1801, går det fram at politiet i Bergen beslagla bokbindarreiskap og stemna han for retten saman med blant andre ei 'Ane fra Voss'. Sannsynlegvis skjedde dette den 9. eller 10. august. I FT 1801 kjem det ikkje fram nokon 'Ane' på Voss, men mange Anne og Anna, så 'Ane' er mest truleg Anne eller Anna.Er det muleg å finne ut kven denne 'Ane frå Voss' er, og evt. få tilsendt gjenpart av avhøyr/rettsak/dom?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Yngve Nedrebø

Jeg har dessverre ikke funnet forhøret i bytingsprotokoll, og heller ikke hos politiretten.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Takk for at du leita.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marianne Bakketun

Det er kan henda at denne Ane var Anna Erlendsdtr Sundsvål, f 1775, gift i 1797 med Øyel Sundve f 1768. Ekteparet var haugianarar. I Ålmenn soge for Voss står det at ein trur Hauge held møte i huset til dette ekteparet.Marianne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Hei Marianne.Takk for opplysningane.Eg veit at Hans Nielsen Hauge var på Voss i månadsskiftet mai/juni 1801, så då var det kanskje der han var.Ikkje mi 'Anne', men då slepp eg i alle fall å lure meir på det.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Hei Egil,Kan den nemnde 'Ane fra Voss' vere den same som seinare gifte seg med Bertel Nilsson Ullaland? Hans og Bertel var jo kjende så det er vel ikkje heilt utruleg?Kona til Bertel var Anne Nilsdtr. Berge (1781-1859).MVH Gisle

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Hei Gisle. Takk for innlegget.Det var dette som og var mitt utgangspunkt for innlegget, dvs. ei kobling mellom 'Ane frå Voss' og Anne Nielsdtr Berge på Voss. Det kan nok hende at Anne i innlegg 4 er ein meir sannsynleg kandidat, men det får vi vel aldri avklart, når det ikkje er nedtegna noko.Eg har god kontroll på Anne Nilsdtr Berge fram til 1801, og på Anna Nielsdtr frå ho gifta seg med Bertel Nilsen i 1810. Det er antatt (og også sannsynleg) at desse to er den same.Utfordringa er å finne ut kva som har skjedd mellom 1801 og 1810 med dei 'to jentene', og om det er muleg å få eit sikkert svar på koblinga. Det var der denne 'Ane frå Voss' dukka opp.Eg trur det er rimeleg sikkert at det er Haugianarrørsla som er koblinga mellom desse to, og truleg er Haugianargarden på Svanøy ein plass der minst ein av dei har vore. I følge kirkeboka budde både Anna og Bertel i Batalden då dei gifta seg. Kan Anna ha blitt med som tjenestejente då Bertel kjøpte garden i Batalden i 1807. Kanskje var det innfriing av gjelda som Hans Nilsen Hauge hadde til Bertel, som blei nytta til å kjøpe garden?Mange spørsmål, men dessverre få svar. Likevel er det ein del sannsynlege koblingar.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Iver Mosvold

At Anne Nilsdatter Berge har tilknytting til Svanø (om ikke selve Svanø-godset), bør vel være sikkert, - hvertfall i tiden fra ekteskapsinngåelsen med Bertel Nilsen i 1810 [url="http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=5&filnamn=vi14371689&gardpostnr=1953&personpostnr=3905&merk=3905#ovre>Lenke og framover.(Men her har vel Egil rimelig god oversikt)Det stiller seg muligens annerledes med Anne Erlandsdatter. Hun ser ut til å ha hatt 12 fødsler, - alle i Voss prestegjeld i tidsrommet 1798-1817, - med Øyel Ingebrigtsen som ektefelle og barnefar. Minst ett av disse barna, (Ole døpt 31.aug.1806

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Takk for innlegget Iver.Eg ser at eg har uttalt meg litt utydeleg i siste innlegg. Når eg tenker på Haugianarrørsla som kobling mellom 'dei to', så tenkte eg på Anna Nielsdtr Berge og Bertel Nielsen, og at det er desse som eg tenker kan ha vore på Svanøy.Likevel ein interessant tanke om det kan ha vore ein større kontakt mellom Svanøy og Voss. (Søstra til Anne Nielsdtr Berge blei jo gift på ein annan gard på Svanøy, kan Haugianarrørsla på Svanøy være koblinga der og?).Iver: Eg blei litt usikker på denne Ole i Eikefjorden. Dersom Anna Erlendsdtr er mor hans, kven er då denne Katle som er nemnd som 'hans moder'.Er det nokon som kan gjere oppslag i Bygdebok for Voss for gardane Brekkhus (Evanger) og Bolstad? Det er noko eg gjerne skulle ha sjekka ut.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Iver Mosvold

Egil har rett, og han trenger slett ikke være usikker vedr. Ole Øyelsen i Eikefjorden. Han er IKKE sønn av noen ANE fra Voss. (Beklager mitt slurv i innlegg 8.)Var det BERGE i hovedsognet (Vossevangen) eller Berge i Opheim sogn som Anne Nielsdatter (Bertel Nielsen Ullaland/Bathalden sin ektefelle) skulle ha kommet fra? (-Eller kan det tenkes at BERGE befinner seg utenfor Voss?)(Det er en smule spesielt at tidspunktet for folketellingen i 1801 ser ut til å være sammenfallende med beslagleggelsen av bokbinderutstyret på Voss.)IM

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Iver Mosvold

Til forrige innlegg:Oppdaget nå at Anna sannsynligvis kommer fra Berge i (Winje og-) OPHEIM sogn. Konfirmasjonen her: LenkeIM

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Anna Nilsdtr var frå Berge i Opheim. Heilt rett. I 1801 var ho i teneste på garden Øvre Opheim. [url="http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=3&filnamn=f18011235&gardpostnr=383&personpostnr=6495&merk=6495#ovre>LenkeMor hennar døde tidleg, og faren gifta seg opp at. I 1798 døde også faren hennar, og stemora gifta seg opp at. Det er 'steforeldra' som bur på Berge i 1801

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Iver Mosvold

Jeg tror vi bør klare å komme til bunns i dette. Hauges reiseruter er godt kartlagt, men detaljene om dette er nødvendigvis ikke med i de Hauge-biografiene som er utgitt.Jeg må bekjenne at jeg har såpass svak kunnskap om vestlandske navnetradisjoner at jeg drister meg til å stille spørsmålet: Om Eiel og Øyel er samme navn?-Eller for å spørre på en annen måte: Hvordan var slektsapet mellom Øyel Ingebrigtsen Sundve (f 1768) og den kjente haugianeren Elling Eielsen Sundve 1804-1883?Jeg har tatt fram Kulleruds Hauge-biografi, men finner foreløpig ingen ledetråd til å identifisere denne Ane. Men ser ut til at han holdt til i Bergen sensommer og høst 1801. Kanskje Ane fra Voss befant seg i Bergen sensommeren 1801 – særlig når hun kalles ”ANE-FRA-VOSS”.IM

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Iver Mosvold

I innlegg 1 siteres det fra en kilde vedr: ”Ane fra Voss'”.Vi bør jo selvsagt gå ut fra at denne kilden referer korrekt, men det finnes i Bergen ei dame som visserlig heter ANE VOSS (men er neppe FRA Voss): [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=5&filnamn=f1801&gardpostnr=40132&personpostnr=581177&merk=581177#ovre>Lenke . Hun inngikk ekteskap med enkemannen Johan Henrich Turau i 1791 Lenke , men ble selv enke allerede 4 år senere Lenke . Ane Voss døde allerede i 1807 Lenke , men ekteskapet resulterte i alle fall i dette barnet (Jacob)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Hei Iver. Takk for innlegga.Nr. 13: Eg kom over ei oversikt over Øyel sine barn, der var ingen Elling der, så han var nok neppe barn av Øyel. Om Eiel og Øyel er same namn, kan hende, men det skal eg ikkje uttale meg om.Nr. 14: Eg har ikkje sett orginalskriftene, kun ei avskrift. Han Nielsen Hauge meistra nok talekunsten betre enn skrivekunsten. Det kan sjølvsagt hende at det er ein skrivefeil/lesefeil, evt. at han som har gjort avskrifta har prøve å rette opp ein antatt feil frå Hauge, så best han kan. Det har han gjort enkelte andre plassar, men då markert dette.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Norodd Hagenson

Øyel og Eiel er samme navnet. Øyel har ved flere anledninger blitt til Eiel i USA.Ættebok for Vossetrand side 188, Sundve 46: Elling Eielson, f. 1804, var sønn av Øyel Ingebrigtson Ytre Sundve 1768 - 1845 g 1797 m Anna Erlendsd Sunsvål 1775 - 1855. I og med at de fikk barn nokså tett: 1798, 1798, 1800, 1801, osv, er det kanskje ikke så sannsynlig at det var Anna Erlendsd. som var i Bergen 1801, selv om dette var en familie som var kjent for sin sterke religiøsitet.En ørliten gjetning angående at familien på Berge godt kan tenkes å ha hatt kontakt med eller hørt til haugianerne, er at min oldemor (Kristi Olsd. Berge f. 1805 eller 1806) som var stesøster til Anna Nilsd, ble boende på Vinje i Tjukkebygda på Voss. Jeg har lurt på hvordan hun havnet der. Tjukkebygda har alltid vært kjent for religiøsitet, og det kan tenkes å være grunnen til å hun kom dit. Det kan passe godt inn, men er bare en løs gjetning.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Eit interessant innlegg Norodd. Sjekka for moroskuld kirkeboka, og finn at Øyel og Anna døyper Synneva 2. juledag 1801. (Siste på Winje) Permanent bildelenke: Lenke Det skulle vel tyde på at Anna var vèl over halvegs i svangerskapet i byrjinga av august. Ser og med interesse at det er ein fadder som heiter Anne Svendsdtr? og ei som heiter Ana Pedersdtr. Det er den første på Voss, som eg kan hugse å ha sett med ein 'n'.Norodd: Dersom du har bydebok som dekker Berge i Opheim, kan du sjekke kva som står om Anna Nielsdtr Berge?mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Norodd Hagenson

Det står kun at Anna er født 1781. Ellers var det en søster Anna som var født 1779 og død1780.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Takk for at du slo opp Norodd.I jakta på Anna Nielsdtr Batalden i Voss, har eg gått gjennom alle Anna/Anne Nielsdtr f. på Voss 1775-1785. Dei fleste har eg ut frå kirkebøker/folketellingar kunne avskreve som kandidater.Anna Nielsdtr Berge f. 1781 er ei av dei eg sat igjen med.I tillegg har eg ei Anna Nielsdtr f. 1779 på Brekhuus (Evanger). Ho òg opplever at mor hennar dør tidleg, og far giftar seg opp at i 1784, og flytter til garden Bolstad (Evanger) rundt 1790. Far dør i 1798, og stemor giftar seg opp at. I 1801 er ho tenestejente hos steforeldra på Bolstad (Brita Johannesdtr og Arne Knudsen). Etter dette har eg ikkje funne noko om ho, slik at eg ikkje har fått avskreve/stadfesta hennar kanditatur.Det som er spennande med denne kandidaten, er at ho har rett fødselsår. Anna Nielsdtr Batalden døde i 1859 - 80 år gamal. Samtidig er vel 2 år innanfor 'normal' feilmargin på dei tide.Dersom du òg har bygdebok som dekker Evanger, kunne eg ha bedt det om å slå opp Brekhuus/Bolstad, og sjekke om det står noko om denne Anna Nielsdtr?mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Norodd Hagenson

Evangerboka, bind 1, side 426 - 27 er nok bare delvis enig med deg. Anna opplevde ikke sin mors død: Nils Askjelson Brekkhus 1749 - 1798 og første kona Guri Gulleiksd Brekkhus 1745 - 1783 hadde bl.a. to Anna, men begge døde små: Anna 1779 -1780 og Anna 1781 - 1782.Jeg finner ikke Anna Nilsd. hos Arne Knutson og Brita Johannesd. på Bolstad i 1801. Derimot finner jeg en Brita Nilsd. hos dem. Og en Anna Nilsd. som er 23 år finner jeg hos Ola Brynjulvson og Anna Isaksd på Bolstad. Har du eliminert henne?Av 20 Anna/Anne Nils. på Voss i 1801 er det bare hun som tjener på Øvre Opheim som er 20 år gammel og ingen som er 21. I eldre tid regnet de alderen etter kommende fødselsdag mens vi regner etter forrige.Vær oppmerksom på at alderen akselererer når folk blir gamle. Oppgitt alder er ofte litt høyere enn faktisk alder.I Knut Bjørgaas: 'Fota-fòr Spraidde minne ùm gammalt kristenliv pao Vossabygdo' forteller læreren 'Gamle-Hol'n', Ola Oddson Hole, f 1838, at Hans Nilsen Hauge hadde fast tilhold hos Øyel og Anna på Sundve når han var på de kanter. Anna er ikke nevnt. En tenkelig grunn er at Anna flyttet vekk fra Voss. Ola var forresten gift med min grandtante, og Anna Nilsd var igjen hennes grandtante, med andre ord stammer jeg også fra Annas Nilsdotters halvbror Knut.Det er strek over n i Ana Persd. Bidne, så det er en dobbel n, altså Anna. Presten har skrevet det slik fordi linja var i ferd med å ta slutt.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Hei Norodd. Takk for at du er våken, for eg ser at eg ikkje har vore heilt våken når eg gjekk gjennom notata mine. (Ei stund sidan eg skreiv dei). Anna Nielsdtr på Bolstad budde hos Ola Brynjulvson, heilt rett. (Det er den same Anna som eg hadde i tankane). Brita Nilsdtr som du nemner, er vel Nils og Brita si yngste datter.Når Anna Brekkhus døde som små, så skjønar eg kvifor eg aldri fann konfirmasjonen hennar. (Ser at eg har sett eit spørsmål ved dette, og om ho kan ha budd andre stadar i konf.alderen. Eg har leita opp konfirmantar både i Hordaland og Sogn og Fjordane, utan å finne nokon som mangla ei forhistorie, og som passa med ho på Brekkhus). Sidan faren flyttar til Bolstad, og det der i 1801 dukkar opp ei Anna Nielsdtr i rett alder, som eg ikkje har funne noko på tidlegare i Voss, så har eg funne at dette må være den same. Når dette då altså ikkje stemmer, så er då spørsmålet kor denne Anna Nielsdtr på Bolstad kjem frå? Ut frå dette, kan eg nok ikkje seie at ho er eliminert, men dersom ho ikkje opprinneleg var frå Voss, så styrker vel ikkje det hennar kandidatur. Eigentleg like greit, sidan eg har blitt instilt på at det er Anna Nielsdtr Berge som er mi 3-tippoldemor. Manglar berre koblinga mellom henne og Anna Nielsdtr Batalden.Takk for avklarande info. om aldersrekning. Dette viste eg ikkje. Eg har berre tenkt at det må være slurv når eg har kome bort i slike tilfelle.Denne boka til Knut Bjørgaas. Er det nemnt noko om Svanøy i denne?mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Norodd Hagenson

Brita Nilsd. er 31 år 1801. Hun er ikke barn av Nils Brekkhus.Alder er ofte unøyaktig, rett og slett fordi folk ikke husket godt nok.Knut Bjørgaas nevner kun personer på Voss i Fota-fòr.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Beklager, då tenkte vi på ulik Brita, eg hadde tilfeldigvis ei oppført i notata mine. Lenke (Nr. 4185).mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Norodd Hagenson

Her var jeg litt for rask. Det er to Brita her i 1801, og vi tenkte på hver vår, og jeg så bare på tausa. Visst etterlot Nils Brekkhus seg en datter Brita som bodde på Bolstad i 1801.En litt interessant opplysning jeg kom over: Anna Erlendsd. Sundve og Anna Nilsd. Berge var søskenbarn; mødrene deres var søstre. Det beviser jo ikke noe som helst, men det sannsynliggjør at de har kjent hverandre godt.Om Ane fra Voss var 'vår' Anna finner vi kanskje aldri ut av.Men at Anna Nilsd. Batalden og Anna Nilsd. Berge er den samme, er jeg temmelig sikker på. I 1814 når det ble lyst for Ingebjørg Nilsd og Gjert Olson Tyvåg, var Annas mann Bertel Nilsson Batalden forlover, og når Ingebjørg og Gjert gifter seg i 1815, er hun kalt Ingebor Nielsd: Berge fra Woss. Senere flytter broren Nils Nilsson til Kinn. At flere søsken flytter til samme område har jeg sett flere eksempler på. Om det var vanlig at nære slektninger var forlovere i Sunnfjord, vet jeg ikke. På Voss var det ofte ikke tilfelle. Derimot var faddere nesten alltid slekt eller naboer. Og dess lengre borte de bodde, dess sikrere kan man være på at det er slekt. Det som kan komme i tillegg her, er at haugianismen kan være et minst like sterkt bånd som slekt.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Koblinga mellom Anna og Anna var interessant. Dette viste eg ikkje, men du har heilt rett. Mor til Anna Nielsdtr. var Ingeri Kieldsdtr f. 1747 mens Gunilda Kieldsdtr var mor til Anna Erlendsdtr, og foreldra deira er Kield Bidne og Anna Knudsdtr Selje. Dei fekk etter mine registreringar to Gunilda, ei fødd i 1740 og ei i 1743. Den første har då truleg død tidleg, slik at det er den i 1743 som er mor til Anna.Når vi først er bort i det, kan du hjelpe meg med ei avklaring til?I tillegg til Ingeri og Gunilda har eg registret som barn av Kield Bidne og Anna Knudsdtr Selje; Kathle f. 1738 (oppkalla etter Kield si første kone?)og Zigri f. 1745.I 1728 får Kield Bidne og Katle Olsdtr tvillingane Arne og Ingeri. Ingeri dør 9 veker gml. Katle dør 1736. Enkemann Kield giftar seg i 1737 med Anna Knudsdtr Selje.Ut frå dette, har eg funne at det er den same Kield Bidne som går igjen her, og at Ingeri (og Gunhilda) er halvsøsken med Arne og Ingeri f. 1728. Kan du stadfeste dette. (Eg veit at eg ber om ein del av deg, så dersom dette ikkje er lett å finne i bygdeboka, så ikkje bruk tid på det. Årstala og namna taler for seg, men ei stadfesting hadde vore greit. Kanskje det finnes fleire barn frå første ekteskap og?)Noko anna som hadde vore interessant, er og å sjekke ut om nokon av søskena til Anna Erlendsdtr. kan ha havna i Kinn? Dersom du har oversikt over desse, og evt. om nokon er 'sakna', så kan eg leite i Kinn.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.