Gå til innhold
Arkivverket

[#65507] Johannes Torsteinson Kvigstad på Husmo


Gjest Arvid Skogseth
 Del

Recommended Posts

Gjest Arvid Skogseth

Eg har denne teksten så langt vedr. garden Sundsbø i Lindås:Johannes Torsteinson Kvigstad f. 1748 Vestre Toten i Oppland d. 1830 g.m. Anna Torsdtr f. 1751 d. 1823. I folketeljinga 1801 budde familien på Husmo i Alstadhaug, Nordland, han var 53 år og ho 50 år gl. Han var då nemnd som skreddar. Skøyte i 1807 på eit bruk på Sundsbø i Lindås. I 1826 vart eit delebrev etter Anna tinglyst, der bruket vart taksert til 100 spd og utlagt på enkjemannen Johannes. Dessutan åtte dei ein part på 1 pd 16 mk fisk i garden Husmo, som vart utlagt på dottera Ingeborg for taksten 100 spd. Johannes døydde i Bergen, nemnd som gjestgjevar. Det vart då opplyst at han var fødd i Toten prestegjeld. Barn: a. Ingeborg Margrete f. 1789 (12 år gl i 1801) d. 1850 g. 1813 Lindås m. Karl Olson Lindbom f. 1787 Torsnes i Jondal d. 1846, korporal, sidan arbeidsmann, bustad Bergen.Takknemlig for utfyllande opplysningar, f.eks. om opphavet til Anna Torsdtr. mvh Arvid

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjell-Arne Mellum

Bare et vilt skudd i blinde. Ifølge bygdebok for Jondal.skal Karl Olson Lindbom f. 1787, foreldre være svensken Ola Janson Lindbom 1747-1826 og Kari TOREsdtr. 1757-1837.Kan Anna Torsdtr. 1751-1823 være søster til Kari Toresdtr 1757-1837?Da burde det finnes ekteskapsbevilgning ved vielsen mellom Ingeborg Margrete og Karl Olson Lindbom i 1816.I 1808 sverger Ola Janson Lindbom troskap til norskekongen og forteller at konen hans og barnene er født i Norge. Han har bodd i Norge i 36 år, 20 år på Torsnes i Jondal som husmann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arvid Skogseth

Takk for gode innspel! Det står ingenting i kyrkjeboka for Lindås i 1813 då Ingeborg og Karl gifta seg om at dei hadde fått løyve til ekteskapet, og det burde dei vel ha hatt om dei var søskenborn. Eg fann giftarmålet til Johannes og Anna i kb for Alstahaug/Alstahaug i 1787 (Dom 15 p Trin, fol 45, venstre side). Der er ho nemnd Dahre (synest eg det står). Ved dåpen til dottera Ingeborg i 1790 er ho nemnd Dovie (?). Kan ho vera av Darre-slekta? Ved dåpen til Anna Torsdtr i 1751 står det '1751 Dom 2 Adv døbt Tor Jensen Hestøen hans uekte barn Anne'. Hestøy er i Tjøtta sokn i Alstahaug. Det er usikkert om det er den same Anna som giftar seg i 1787.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arvid Skogseth

Jo, er samd i at det mest sannsynleg skal vera Dovre. Men det er ingen gard som heiter dette. Kanskje nokon kjenner til dette namnet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.