Gå til innhold
Arkivverket

[#65546] Ny historisk kalender


Gjest Jan Oldervoll
 Del

Recommended Posts

Gjest Jan Oldervoll

Som somme av dykk sikkert har sett dukka det på julafta opp ein historisk kalender på Digitalalmenningen. Den har no også fått lenkje i dei vanlege blåe stripene. I kaldenderen kan du velja månad og år frå 601 til 2200 og finna kva vekedag kvar dato kom og også datoar for bevegelege heilagdagar. Også dei mest vanlege nemningane for søndagar i kyrkjeåret er med. Om det er noko du synest manglar eller er feil, meld frå her.Eg tenkjer meg også at kalenderen skal fungera som ei felles dagbok for oss alle. her kan du leggja inn gode historiar eller kva det no kan vera som er knytt opp til ein gjeven dag. Enklaste måten er at du skriv historien i det vnalege tekstbehandlingsprogrammet ditt. Vekedagsteksten for dagen det gjeld er ei lenkje. Trykk på den og du kan lasta opp historien din. Målsetjinga er å få ein historie for kvar dag i året frå t.d 1700 til i dag. Men det tek meir enn ein dag, vil eg tru.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnfrid Mæland

Hei Jan og god romjul,Eg skulle ynskje at vi kunne skrive inn på same vis som når vi legg inn bilete i FT 1900, altså rett i skjemaet du ahr laga.Tenkte eg skulle legge inn Slaget på Vågen i 1666, men då eg såg at eg først måtte laga eit dokument, vart det ikkje noke av.Elles lurer eg på kva som blir ståande i kalenderen på den aktuelle datoen. Eg kunne ikkje sjå at det skulle lagas noko 'tittel'.Mvh Ho Arnfrid

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Det siste kan sjå om du t.d. slær opp på februar 1801. Det står berre Vis dagbok i kalenderen. Grunnen til at eg har laga det slik at folk kan lasta opp dokument er at folk på den måten kan formatera historiane sine slik dei vil. Men eg kan gjerne laga ein enkel versjon også. Men det blir ikkje i natt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Takk til Håkon Brun. Han har lagt inn ei historie om 11. februar 1849. Nett slike var det eg vona me skulle få mange av.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Godt nytt år, Jan - og takk for ei fin jolegåve! Her kan det koma mykje kunna - langt ut over 'Marimessa um våren' - som etter Juel Lund i Valle, var i '7-ande veke etter Kynnelsmessa' (han nemnde den som 2. februar). Vår Herre må vita kva som er rett! Lund nytta primstaven - og ein av dei har eg kopi av, attåt boka hass.Eg har no lagt inn ei sak på 11.3.1822 som eg i si tid fekk til fritt bruk frå SAB. Men den eg la ut, er henta frå ein htm-fil med gul bakgrunn og lagt ned til word, for så bli bli henta opp i kalenderen. Då synte det seg at bakgrunnen vart gul (noko han ikkje var i word), og fyrste lina fekk ein blå strek under. Dette går eg ut frå at du kan blanka. Men ei par spurmål, før eg går vidare i oppfyllinga av ynskjet ditt:Er det høve til berre å leggja inn ei lenkje til artilkar som ligg t.d. på DA/SAB?eller lyt ein leggja inn heile teksten i kalendersystemet?Eg spør avdi der ligg mykje på utstilligane til DA/SAB som har relevans til datoar i kalenderen. Men altså, er det naudsynt å gjenta teksten, eller er det nok å lenkje dei opp?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Eg har ordna gulfargen og streken din. Når det gjeld lenkje går det ikkje no, men eg skal ordna det i morgon slik at du kan skriva inn ei lenkje og få sida direkte.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Eg har ordna gulfargen og streken din. Når det gjeld lenkje går det ikkje no, men eg skal ordna det slik at du kan skriva inn ei lenkje og få sida direkte.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnfrid Mæland

Hei igjen,Før eg evt byrjar å legge inn hendingar har eg to spørsmål:1. Nokre hendingar langt tilbake i tid er ofte ikkje datofesta. Skal ein då leggje dei inn på 1.1.?2. Andre kan ha ny dokumentasjon vedk ei hending som allereie er lagt inn. Kan dette ordnas med redigering, lik Wikipedia, eller med ny tekst (dokument)? Det skal jo ikkje vera ein debattstad, meiner eg... Kva er best?3. Vonar det lar seg gjere å leggje inn lenker.Mvh Ho Arnfrid

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

1. Det synest eg er ei god løysing.2. Eg er samd med deg i at det ikkje bør vera ein debattstad. Men samstundes synest eg originalforfattaren skal få behalda skriftstykket sitt. LØysinga er at ein må leggja inn ein tilleggstekst. Men då synest eg det skal vera viktig ny informasjon.3. Eg har starta på lenkje- og innskrivingsproglemet så om ein time eller to, om eg ikkje blir innkalla til kaffi eller liknande.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Me snakkar nok om to forskjellige ting når det gjeld lenkjer. Lenkjer inne i dokument er det forfattaren sitt ansvar at dei fungerer; eg gjer i det heile ikkje noko med lenkjer. Fungerer dei i word-dokumntet fungerer dei i kalenderen. Eg skal sjå kva eg kan gjera med tekstane dine.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

No kan du skriva inn teksten direkte. Du får i utgangspunktet tre val; enten å lasta opp ei doc-fil, skriva inn teksten direkte eller oppgje ei adresse der teksten finst.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Men kva då, om ein artikkel finst t.d. inne i ei utgåve av t.d. Bergensposten? Der finst det ikkje høve til å lenkje (i pdf) til rett stad. Det tek til på topp - og ein lyt søkja sidene derifrå.Elles trur eg Astrid kom meg i forkjøpet med høvet til å leggja lenkjer i hytt og pine. Eg meinte ikkje at alt og alle (wikipedia-normen) skulle vera målet, men eit i alle høve nokonlunde faktakontollert/sannsynleg innhald i det som vert servera her. Difor nytta eg omgrepa Bergensposten og Arkivverket sine publikasjonar og utstellingar - eller det som dei t.d. hadde gått god for - som døme.Rett nok finst det ingen generelle reglar for nettpublikasjonar. Men det vil tene kalendaren til æra om slike finst for den - i alle høve.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Mykje vil ha meir. Sidan det i ein pdf-fil ikkje finst eit system, så vidt eg veit, utanfrå å lenkja til eit punkt i filen er det nok klipp og lim-metoden som må brukast for å få ein artikkel i Bergensposten inn i kalenderen.Når det gjeld lenkjer i historier er det enkelt. Skriv ein historien i Word og skriv/limer inn ei adresse, vil den bli tatt vare på og koma fram i kalenderen. Skriv ein inn teksten direkte kan ein også gjera det same og lenkja vil bli vist som i debattforuma. eg trur ikkje dette er staden for å etablera nettreglar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnfrid Mæland

Uansett så må vel hendinga som Aase har lagt inn gjerast noko med 01.01 1992Her ser det ut for at det er kopiert hyperlenker og dei vil jo ikkje virka.Mvh Arnfrid

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnfrid Mæland

her er en tekst som kan legges inn 01.01 1992Nyårsorkanen i 1992 var det kraftigaste uvêret som er registrert i Noreg sidan målingane starta i 1867. Lågtrykket trefte kysten frå Nordfjord til Helgeland tidleg på morgonen den 1. januar 1992. Målt i tapte verdiar er han den største naturkatastrofen som nokon gong har råka landet.Meteorologisk Institutt har rekna at ein så kraftig orkan statistisk sett berre vil treffe Noreg kvart 200. år.Den anslegne sterkaste vinden under orkanen var 45 m/s i gjennomsnitt over ti minutt. Sterkaste vindkast blir anslege til 65 m/s. Uvissa kjem delvis av at ein heil del måleinstrument braut saman på grunn av den store påkjenninga. På plattforma Statfjord-B i Nordsjøen vart det målt vind oppe i 75 m/s. Nyttårsorkanen ville på Saffir–Simpson-skalaen vore ein kategori-3-orkan.Orkanen gjorde skade på mesta 34 000 private eigedommar og kosta forsikringsselskapa 1,3 millardar kroner. I tillegg utbetalte Statens naturskadefond 200 millionar kroner til for skadar på 6000 eigedommar som ikkje var brannforsikra. Eitt menneskeliv gjekk tapt.Uvêret råka óg store delar av Nord-Skottland, og på Shetland vart det målt vindkast på over 65 m/s.Kilde:http://nn.wikipedia.org/wiki/NyårsorkanenNå ble den lenka kanskje så lang at den forsvann, men det fiksar vel du Jan.NB! Det er fortsatt Aase si, og ikkje mi, hending.Mvh Arnfrid

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Det er godt vi har folk som ryddar opp etter oss. Oppryddinga etter Nyttårsorkanen var nok ikkje så rask - her hos oss låg m.a. 3000 m3 skog flat!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Der ligg nok enkelte busker igjen enno, men dei er nok halvrotne etter 17 år, så eg tenkjer vi let dei ligge!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnfrid Mæland

God kveld Jan,Eg trur det må lagas ein søkefunksjon i kalenderen. Når det etter kvart fyllest opp med historiar blir det uråd å ta seg fram til interessante hendingar.Mvh Arnfrid

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.