Gå til innhold
Arkivverket

[#65568] Kven var mor til Annar Helgesen Holme fødd Trondheim? 1880


Gjest Egil Russøy
 Del

Recommended Posts

Gjest Egil Russøy

Annar Holme (fødd 1880 i Trondheim?) er oppført som son til Helge (Andersen) Holme fødd Hosanger i 1846. Helge var gift med Elen Oline Jahnsdotter frå Batalden, seinare nemnd som Oleane Jahnsdtr Holme.Helge og Oleane fekk to barn i Batalden (Kinn) før dei flytta til Trondheim: Julius Arents (1870)og Rinna (eller Rikka) Josephine (1872). Dei flyttar til Trondheim/Strinda i 1874. (Rinna/Rikka har eg ikkje funne opplysningar om etter at dei flytta til Trondheim, så opplysningar om ho vil og være kjærkomne).I kirkebøkene frå Trondheim finn eg som døypte Nils (1875), Helge (1877, fødd 1876) og Daniel 1882. Alle Barn av Helge Holme og Oleane Holme.I Folketellinga 1900 finn eg Oleane Holme innlagd på ”sindsygeasyl” i Trondheim. Julius Holme finn eg på gården Rød i Tune i Østfold, saman med broren Daniel. Nils og Helge finn eg at i Råde i Østfold.Helge Holme finn eg i 1900 i Kristiansund. Der står han oppført som gift, og med sonen Annar (fødd Trondheim 1880, står og oppført med sykdom ”Aa”) og dattera Sara (fødd Kristiansund? 1885). Han har og med seg ei tjenestepige: Susanna Desideriusen fødd 1860 i Kinn.Sara har eg funne konfirmert i Kristiansund i 1901. Ho skal være fødd i Løkkemyr i Brendnes(?)Der står denne tjenestepigen oppført som mor.LenkeEg har ikkje funne Annar Helgesen Holme registrert som fødd eller konfirmert i nokon Kirkebok. Er det nokon som har opplysningar om dette, og evt kven som var mor hans, og kor han blei av?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Solveig Håklev

HeiDette må vel være dåpen til Annar Georg i 1879 Sør-Trøndelag fylke, Bakklandet (Bakke), Ministerialbok nr. 604A09 (1878-1892), Fødte og døpte 1879, side 44. Permanent sidelenke: LenkeMvh Solveig

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Solveig Håklev

Annar Georg dør 20 april 1902 Møre og Romsdal fylke, Kristiansund i Kristiansund, Ministerialbok nr. 6e (1901-1916), Døde og begravede 1902, side 14. Permanent sidelenke: Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.