Gå til innhold
Arkivverket

[#65620] Einer Nilsson (Tuftene), fødd Sogndal 1744 - budde i Danmark 1766/1772 - lagnad?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Einer Nilsson, fødd på Tuftene i Sogndal kring 1744, flytte i ung alder til Danmark, rimelegvis var han faren som soldat i samband konflikten i Holstein i 1760-åri, og han vart buande der, men KVAR i Danmark? Og er det mogeleg å finna noko meir om lagnaden hans der nede?Er det ikkje so at fleire folketeljingar frå Danmark ligg ute på dansk nett?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...
Gjest Lars E. Øyane

Eg ønskjer i dag å ta opp att denne tråden, då eg framleis ikkje har funne noki løysing på problemet. Eg takkar deg, Grethe, for linken til DDD; eg har freista søka FT1787 etter Einer Nielsen i ulike namnevariantar, men finn ikkje nokon som høver... Kanskje gjer eg noko feil?Det kan sjå ut til at Einer busette seg i København, men kanskje er namnet for vanleg til at det let seg gjera finna han att der nede?Men kanskje det er ''von i hangande snøre''...?Eg ville vera svært takksam for tips om lagnaden hans!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

So har eg oppdaga ein feil i dette namnet! Han heitte ikkje Einer Nilsson (Tuftene), men EINER LARSSON, son av Lars Torkildson og Britha Augundsdotter på Tuftene i Sogndal. Og to skifte frå 1766 og eitt frå 1772 oppgjev alle at han budde i KØBENHAVN!Men uansett kva farsnamn eg nyttar på han, eg finn han ikkje i København i 1787!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.