Gå til innhold
Arkivverket

[#65623] Lars Larsson Walter i Hjelmeland (f. 1770) hjå kaptein Weltzien - kva skjedde?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

FT1801 for garden Soppland i Årdal sokn i Hjelmeland, Ryfylke syner huslyden til kaptein Mogens Wilhelm Weltzien og kona Judith Helene Munthe med fleire born.Mogens Weltzien og Judith Munthe gifte seg i Sogndal i Sogn 1785, men flytte kort etter til Hjelmeland. Hos dei i 1801 budde denne drengen:* LARS LARSSON (Walter), døypt i Sogndal 3.11.1770, ugift i 1801.Hovudspørsmålet mitt er følgjande:Kvar vart det av denne drengen? Vart han kan henda gift og busett i Hjelmeland?Eg ser av kyrkjeboki for Hjelmeland at ein Lars Larsson Yttrevold og Kari Olsdotter Tveit gifte seg 30.6.1805 ([url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15781&idx_id=15781&uid=ny&idx_side=-74>Lenke).Ein brudgom med same namn, Lars Larsson Yttrevold, gifte seg òg i Hjelmeland 28.10.1806 med Ingeborg Pedersdotter Rentland (Lenke).Ein Lars Larsson Fyllandsvig gifte seg med Britha Sjursdotter Meland 14.7.1807 (

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Hei Lars!Har ingen nye opplysninger i saken, men her er lenke til tidligere tema om samme familien - det er vel foreldre og søsken til Lars Larsson Walter #36087: LenkeGrethe

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hei på deg, Grethe og godt nytt år!Jau, dette temaet har forsovidt vore framme før, men utan resultat. Eg tenkte at kanskje ei fokusering på Hjelmeland og Ryfylke kan gje betre resultat....?Og eg vonar framleis at einkvan dreg kjensel på denne huslyden. Dei kan jo ikkje berre ''forsvinna''...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hei til Grethe!Jau, det har seg slik at Lars Larsson (Walter) var fødd i næraste nabolaget til staden der Judith Munthe voks opp i Sogndal, so dei var nok godt kjende, men dei var ikkje i ætt med kvarandre etter det eg veit.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Inger Elise Bøe

Har forstått det slik at det er Lars Larsson Yttrevold dette gjeld, som blei gift med Ingerborg Pedersdtr. Tjentland. Jeg har sjekket i Hjelmeland Gardar og folk, vol. II og III. Her er det lista opp mange Lars Larsen'er, dei fleste fødd i nyare tid, men desverre ingen som kan passa med fødselsdato oppgitt her. Ser i kjerkeboka med vielsen at ein Iver Ullestad er forlovar? Det er fleire Iver'ar i Munthe-familien. F.eks. Iver Gerhardson Munthe, brukar nr. 11 på Ø. Fevoll. Han er fødd 1758 i Sogndal. Gift med Marie Sofie Jensdtr. Munthe fødd i prestagarden i Hjelmeland i 1760. Han var son av Gerhard Munthe i Sogn, ho dotter av bror til Gerhard, sokneprest Jens Munthe. Iver var løytnant. Hvis eg skal gissa logisk, så har Lars Larsen vært i militæret og har fått løytnant Iver til vera forlover i bryllaupet sitt. Garden Soppaland (skrives med a) var tilholdsstad for militæret. Kaptein Mogens Wilhelm Weltzin, som overtok garden Soppaland, var yngste son (av 9 sysken) av Løytnant Johan Ludvig Weltzin, fødd i Brandenburg i Tyskland, gravlagd i Årdal i 1764, hadde budd Lyngdal før Årdal.Ein annan son overtok garden Nesvik i 1812, på andre sida av fjorden, det kan og vera at Lars Larsson har tenestegjort der, men det har eg ikkje fått sjekka fordi eg ikkje har Vol. I av Hjelmeland Gardar og folk. Denne boka finn eg berre på biblioteket i Stavanger og den er ikkje til utlån. (gamal og fillete) Hjelmeland kommune har ikkje planar om å utgje han på nytt (sa dei i fjor) Fleire offiserar på dei militær-gardane i Ryfylke hadde s.k. tenarar, ofte med offisersgrad, kanskje dei fins i militære ruller?mvh Inger Elise

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Inger Elise Bøe

Vedr. navnet Ullestad, så er dette eit plass under Fuglestein. Dette fins det meir om i Jelsa bygdebok (gamle). Her finn vi ein Ivar Ivarson, mogleg etterkomar av Iver Ullestad som er nevnt med brudeparet Lars Larson.Lenkemvh Inger Elise

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Inger Elise Bøe

RETTING: Ullestad i Jelsa er feil gard. Det ligg derimot ein gard nær Soppaland som heiter Ullestad. Ættehistoria til denne garden må vera å finna i Årdals-boka, dvs. i den før nevnte Hjelmeland Gardar og folk Vol. I. Vonar ikkje denne mistolkinga laga ekstra arbeid for nokon. Lenka til Jelsaboka kan jo vera nyttig i ein annan samanheng:-) mvh Inger Elise

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.