Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Kai Løseth

[#65713] Haldhage ?

Recommended Posts

Gjest Kai Løseth

I eit skifte frå 1835 er det under 'Malm' oppført '1 Haldhage' Dette var eit ukjent ord for meg, men finn det her: Lenke Men eg har ikkje funne bilde av det. For nokre år sidan fann eg under opprydding ein sterkt rusta ting av jern. Etter å ha fjerna rusta såg den slik ut, sjå vedlagte bilde. Den er smidd av eitt stykke jern, har ein ring i bakkant. Største lengde er 30,5 cm, vekt 920 gram. Eit treskaft kan festast i den. Eg tenkte først det var ein båtshake, men enkelte synest den er altfor grov og tung til det. Kanskje er det ein 'Haldhage'? På forumet her kan ein få svar på det meste! Kai Løseth

bilete6187.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ruth Gaustad

Kanskje det blir en fløterhake når det settes skaft på? Ordet haldhake har jeg ikke hørt før.Mvh Ruth.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Reidar Oddløkken

Vet ikke om dette kan ha med saken å gjøre, men har sett lignende haker som hang på husvegger før, og ble kalt brannhake, var vel bergnet til å dra ned stokker fra husvegger hvis det skulle brenne. Mh Reidar

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kai Løseth

Takk til Ruth og Reidar for respons! Fløterhake er vel då eit nyare ord for Haldhage. Det er tydeleg at det skal festast ei stong til den. Men ringen? Skal der festast eit tau til den?. Kanskje nokon med erfaring frå fløting veit det? Men så var det brannhake. Har ikkje høyrt om det. Eg søkte på Google, og fann dette: Lenke 055.jpg Det liknar veldig, men festet litt annleis. Tør ikkje konkludere kva det er enno. Helsing Kai

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Reidar Oddløkken

Hei igjen! Ja, ringen er nok til å feste et tau i for at en medhjelper kan hjelpe til å dra løs stokker ved brennende lafta hus, så jeg går nok 99 % inn for at det er en brannhake. Og du hadde den i lenken også men den manglet ringen. mh Reidar

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arild Kompelien

Skal ikke si for sikkert hva det er, men det ser ikke ut til å være en fløterhake. Fløterhaker kunne nok ha forskjellig utforming siden de ofte var produsert lokalt, men normalt var de laget slik at piggen og det som her er krok stod nærmest i nitti graders vinkel til hverandre som to pigger. En bøyd krok som her ville ikke fungere optimalt når man skulle hogge tak i tømmerstokker.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

I mitt vokabular er ein haldhake ein hake som vart nytta til å halda til dømes trestokkar o.l saman. Eg har slått inn mange haldhakar i mitt liv og særleg vart det nytta mange slike når einskilde typar hytter vart bygd. Dei vart til dømes nytta for å halda mønsåsstokkane saman i skøytane osv.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Riksmålsordboka har holdhake som sjølvsagt må vera same ordet. Her er det forklart som jernstykke med en el. to haker, brukt til å holde sammen to arbeidsstykker ell. lignende. Dette tilsvarer da det som eg definerer som ein haldhake.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Reidar Oddløkken

Det er nok mulig du har rett Finn, lurer vel på om brannhaken kanskje er større, jeg skal sjå om jeg kanskje kan få tatt et bilde av èn men det blir ikke før disse 25-30 minusgradene gir seg. mh Reidar

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Reidar (10)Eg uttala meg ikkje gjenstanden på biletet, men om ordet haldhake som Kai Løset hadde funne i eit skifte. Ein haldhake liknar jo ikkje gjenstanden på biletet i det heile teke. Utanom ringen så liknar den både på ein båtshake og ein fløytingshake, men det kan godt vera at det er ein brannhake utan at vil uttala meg skråsikkert om det.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kai Løseth

Takk for alle vurderingar, og nye forslag. Finn (8) har eit nytt forslag. Og det er sjølvsagt rett som du seier (11) at det eg har teke bilete av ikkje treng vere ein 'Haldhage' Eg har lurt på kva dette kunne vere, og om det kunne vere denne metallreiskapen, som eg heller ikkje visste kva var. Du må passe elden, Reidar, så du ikkje får bruk for brannhaken! mh Kai

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Reidar Oddløkken

Tja, ikke godt å si, Jeg vet om en slik hake som henger på en vegg, men det er litt hustrig å komme til å få tatt bilde av den, så vi skal sjå en gang ved leilighet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunnar Sigdestad

Eg støttar definisjonen til Finn i (8). I Nordfjord seier vi 'halshakje'. Ein del brukt tidlegare for å skøyte to tømmerstokkar i ein vegg i same omfaret på ein enkel måte, endevegs, eller i lengderetninga. Der er sikkert andre bruksområde, òg. Halshaken ser ut som ein 'lang' kjeng eller 'krampe'. I eit skifte eg har frå 1782, er ein 'halshage' vurdert til 12 skilling.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kai Løseth

'Min' haldhake var vurdert til 12 skilling. Og det er ikkje så langt mellom Nordfjord og Sykkylven! Eg veit ikkje kor stor inflasjonen var frå 1782 til 1835.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Reidar Oddløkken

Det er kanskje mulig disse haketypene kan brukes til flere ting når de er så like? Ellers hadde du fått haken din veldig fin Kai, har du sandblåst den? For de jeg har i kikkerten har en helt annen farge.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kai Løseth

Nei, den er ikkje sandblåst. Den såg mest ut som ein stor rustklump då eg fann den. Fylte varmt vatn i eit plastkar og slo i ein slump kaustikk soda. Pakka så 'rustklumpen' i nokre lag med aluminiumsfolie og la det i lutblandinga.(Obs! Obs! forsiktig - og bruk briller og plasthanskar) Prosessen som skjer då er etter det eg har fått høyre ei slags elektrolyse. Då boblinga slutta, spyla eg med rikeleg vatn, og børsta med stålbørste. Der var framleis noko rust att, så eg gjentok prosessen på nytt. Då var rusta borte. Eg la den så i sola så den vart varm, pensla med kokt linolje, varma linoljen med ein varmluftspistol til den var tyntflytande og trengde inn i alle porer. Tørka av overskytande linolje, og let det ligge ei vekes tid. Dette er mange år sidan, og den er like fin i dag. Dette er kva eg gjorde, men lut er farleg væske - og eg seier ikkje at andre skal bruke det! mh Kai

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ola Ljødal

Hør hva Ivar Aasen sier: 'Haldhake, Holdhage, Tømmerehage, ogsaa i Formen Haldehakje'. Finn O. har nok rett!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ola Ljødal

Jeg skrev altså bare om ORDET 'Haldhake'!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Eilert Bjørkvik

Nok en ordboksdefinisjon, i Norsk ordbok bd IV (Oslo 2002), spalte 1296: 'haldhake ... 2) to samanbundne jarnhakar (til heising av tunner o l)'.Kanskje er det en slik 'Haldhage' som er nevnt i skiftet? Jeg kjenner dette redskapet fra praktisk bruk fra min barndom i Stjørna, men husker ikke noe navn på det. Den haldhaken jeg husker var ikke sammenbundet med tau, men de to krokene (hakene) var festet i en kjetting. Jeg kjenner også haldhaken til å holde sammen f eks 2 stokker med, og den mener jeg ble kalt 'haldhaka'Rent logisk var det mer grunn til å ta med haldhaken til å bruke ved heising av tønner enn tømmerhaken i en skifteregistrering, for den hadde sannsynligvis langt større verdi enn den enkle tømmerhaken og var dessuten et arbeidsredskap.EB, Rissa

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar S. Ertesvåg

(1): Biletet viser nok ein brannhake. Det var vanleg reiskap fram til for ikkje så mange år sidan. Dei høyrde til huset og vart neppe nemnde særskilt i skifta.I 100-årsskiftet til Volda Branntrygdelag (Bjåstad, 1966) [url="http://www.moretrygd.no/VBweb/Dokumenter2/vbsHistorie.pdf>Lenke kan vi lese (s.48) i vedtektene frå 1951 at alle trygdetakarar skulle ha brannstige og brannhake.På denne sida Lenke ser vi ein brannhake på det nest siste biletet (klikk på biletet).Eit liknande ordskifte her:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Reidar Oddløkken

Har nå tatt bilde av et par eksempler på brannhake, bare for sammenlikningens skyld, og Kai`s hake har vel ikke den lille bøyen fremst på spissen, så det spørs? Ellers er de temmelig like og ring har de begge, går ut fra at den litt utflatede spissen kanskje var brukt til å løfte litt på stokkene for å løsne dem. Dette redskapet var nok gamle dagers brannberedskap for tømmerhusene, for vann til slukking kunne det sikkert være dårlig med. mh Reidar

bilete6190.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Reidar Oddløkken

Her er nr. 2 og den har et 4 m langt skaft.

bilete6191.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kai Løseth

Fint at temperaturen i Folldal har stige, slik at du kunne ta bilde av brannhakane, Reidar! Vil tru at dei lokalt kunne ha litt ulik utforming. Vil takke alle som har delteke i diskusjonen! Ein blir ikkje akkurat dummare etter så mange vettuge innlegg. Konklusjonen vert vel då at reiskapen i første innlegg er brannhake, og noko heilt anna enn 'Haldhage' som var omtala i skiftet. Og når Finn (8) kjenner uttrykket og har brukt den i praksis skulle spørsmålet vere oppklart. Helsing Kai

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Reidar Oddløkken

Må berømme deg Kai for den flotte jobben du har gjort med å restaurere haken din, og oppskrifta di i 17 var fin. Og disse to i bildene 22 og 23 ser ut til å ha trengt en omgang. Ellers er det en liten forskjell i spissen på disse hakene da......? Mh Reidar

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.