Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Thor Atle Olsen

[#65749] Lodin Lepp, lendmann på 122-tallet

Recommended Posts

Gjest Thor Atle Olsen

Hvem var Lodin Lepp, som iflg. Wikipedia skal ha vært norsk lendmann på 1200-tallet. Skal ha fungert som sendemann (diplomat) ved flere anledninger. Også nevnt i Regesta Norvegica, som ridder og merkesmann. I 1280 instruks fra kong Eirik Magnusson til baronen Lodin Lepp: Skal reise til Island og få den nye lovboka vedtatt.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfrid Mæland

Bergen Byleksikon 1999:'...riksråden Lodin Lepp (død 1288), som var meget brukt av kongene i Sverre-ætten til diplomatiske sendeferder, også til afrikanske land; ledsaget Kristina Håkonsdatter på brudeferden til Spania 1258. Tilnavnet Lepp betyr hårlokk eller flik....'

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tore Hermundsson Vigerust

Visstnok vet ingen noe om slekta hans. (Men det finnes mange gjetninger.)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfrid Mæland

her er det jeg fant på Regesta NorvegicaDet er funnet 12 regester: Bind Regestnr Dato Sted Brevtype 1 969 [1260 våren] uten sted brev Vise regest 1 976 [1260 august] [Nidaros] appell Vise regest 2 238 [1280 kort før mai 9] uten sted kunngjering Vise regest 2 245 [1280 mai 10 - juli] [bergen] instruks Vise regest 2 261 1281 mars 14 Nidaros vitnebrev Vise regest 2 288 [1281 haust] uten sted brev Vise regest 2 290 [1281 haust] [Eyrasand] supplikk Vise regest 2 331 [1283] [Trøndelag] forlik Vise regest 2 352 [1284 kort etter juni 29] [Þingvellir] supplikk Vise regest 2 383 1285 april 12 Perugia brev Vise regest 2 387 1285 [før juni 24] [bergen] instruks Vise regest 2 469 1287 juni 25 Tønsberg vernebrev Vise regesthttp://www.dokpro.uio.no/dipl_norv/om-regesta.html

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Thor Atle Olsen

Takk skal dere ha, selv om vi ikke kommer nærmere om hvem han var. Men kannik Lodin i Hamar (bind 1, 976 av august-1260) kan det være samme Lodin?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tore Hermundsson Vigerust

det spørsmålet er trolig allerede avklart av Knut Helle i avhandlingen Konge og gode menn i norsk riksstyring.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Thor Atle Olsen

Og vi da som i øyeblikket ikke har tilgang til denne av handlingen av Knut Helle Hva var resultatet?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfrid Mæland
Lenkeskal kikke i Bergen Bys Historie som Knut Helle er redaktør og hovedforfatter av.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfrid Mæland

Ingen ting i BBH om Lodin Lepp vs Lodin i Hamar. Forøvrig heller ingen ting om hans slekt. Det nevnes også en samtidig Lodin Gunnerson, som var lendmann.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tore Hermundsson Vigerust

jeg har heller ikke p.t. tilgang til Helles store avhandling om gode menn i norsk riksstyring (fra 1972), . .

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Leiv Magne Apelseth

Helle blandar i hop i Konge og gode menn (1972), Lodin Lepp med Stallaren Lodin av Leikvin, bl.a. nemnd 1207 i Boglungasaga. Lodin av Leikvin hadde setegarden sin Leikvin i Nordfjord. Dette er same garden som den seinare Bylagmannen i Bergen, Riddaren Eindride Simonsson, satt med tidleg på 1300 talet. Eindride ville at arvingane skulle gjere eit Kristoffer-bilete i Kristkyrkja “der hvor herr Ivar er gravlagt” Denne herr Ivar er truleg Ivar Lodinsson frå Nordfjord, som kan vera ein etterkomar av den gamle Stallaren Lodin av Leikvin. Lodin av Leikvin var aktiv tidleg på 1200 talet som Stallare, han gikk blant anna i mot politikken til (naboen sin heime i Nordfjord) Biskop Nikolas Arnesson av Ståreimsætta i hans forsøk på å få systersonen sin Filippus Simonsson til konge over baglarane. Lodin av Leikvin kan då sjølvsagt ikkje vera lik den Lodin Lepp som var i aktiv kongsteneste fram til han døde i 1289 (Lodin Lepp døydde vinteren 1288/89, Arna saga biskups s 167 ; Bps I s 776)Det er elles ingenting som skulle tilsei at Lodin Lepp var lik kanniken Lodin i Hamar (nemnd i 1260), ei heller nokon annan Lodin i same tidsrommet. Skal ein spekulere ut frå konteksten til det vi faktisk veit om Lodin Lepp, var han truleg vestlending og storhandelsmann i Bergen. Han hadde i allfall god greie på handelvar og kva som mangla av ulike handelsvarer lenger sør i Europa og i Nord-Afrika. Lodin Lepp hadde etter det Helle og Ersland skriv truleg eit handelshuskompleks i Bergen ,Leppen (Bergen bys historie band 1 (Helle) og Grunneigeforholda i Bergen ved utgangen av mellomalderen (Ersland)).Den seinare Merkesmannen og Baronen Lodin Lepp, opptrer for fyrste gang i kjeldene i Tønsberg på forsommaren i 1257, like etter at Håkon Unge Håkonsson døde 5 mai. Lodin kan ha haldt til i krinsen rundt Håkon Unge Håkonsson, og kan ha vore blant dei menn som Håkon Unge sende til Spania til kongen av Kastilia med bl.a. “haukar og andre ting som det var vanskeleg å få tak i der” (Spania) sommaren 1255. Lodin er i allfall blant dei som reiser saman med Prinsesse Kristin til Spania i 1257, og har då truleg (sjølv om han då må ha vore nokså ung) hatt kvalifikasjonar som gjorde han godt eigna til nettopp dette oppdraget. Seinare, i 1262, sende Håkon Håkonsson Lodin Lepp og Håkon Øysil til Sultanen av Serkland (her Tunis) “med mange falkar og andre ting som det var vanskeleg å få tak i der” (Tunis). Lodin Lepp var ein av si tids mest brukte norske diplomatar, og han kan ha vore med på å medverka til at Håkon Håkonsson hadde mektige venar og kanskje og allierte på begge sider av Middelhavet.Lodin hadde og andre tunge oppdrag for kongane av Sverreætta. I 1281 vart han send til Island for å få innført Jonsok ( lovendringar og anna lovgjeving frå m.a. eit møte som Magnus Håkonsson haldt i Bergen i 1273) Det var stor motvilje frå islendingane, og spesielt Biskop Arne, for å veta Jonsbok. Men Lodin Lepp synte klokskap i forhandlingane, og islendingane godtok til slutt på Alltinget Jonsbok mot at dei kunne få søkja kongen om lovendringar seinare.Knut Helle framhevar Lodin Lepp som prototypen på ein kongsrådgjevar som hadde arbeida seg opp gjennom praktisk teneste, og at det var gjennom utdanning og dugleik at t.d. ein kar som Lodin Lepp fikk sin posisjon i regjeringa . Dette kan godt vere tilfelle, vi veit i allfall ingenting om opphavet hans, og om det var på grunn av ætt at han fikk ein sopass framtredande rolle i kongetenesta som han faktisk hadde.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.