Gå til innhold
Arkivverket

[#65809] To sjømenn m/namnet Peder Pedersen gravlagde i Bergen 30. des 1751 - samme mann?

Gjest Terje Hatvik
 Del

Recommended Posts

Gjest Terje Hatvik

God kveld!Eg kom over eit heller pussig samantreff i den digitale oversikta over gravlagde i Bergen 1668 - 1815, nemleg to sjømann (... af det søefarende) med namnet Peder Pedersen vert gravlagde i Bergen den 30. des 1751 - den eine ved St.J og den andre ved DK. Kan dette trass i ulike gravstader likevel vera den samme mannen? Namnekombinasjonen Peder Pedersen var då ikkje fullt så vanleg som Ole Olsen og Hans Hanssen eller ...? Kva seier/meiner ekspertisen på Statsarkivet om dette?Peder Pedersen k af søfarende huus Des 30 1751 DKPeder Pedersen m een gammel mand af dett søefarende Des 30 1751 SJEg har ordens skuld bladd meg fram til dei respektive (og godt leselege) innføringane i dei to aktuelle skanna kyrkjebøkene, og ja - det er to separate innføringar. Såvidt eg kan sjå finst det ikkje offentlege skifte etter nokon av dei (under føresetnad av at dei verkeleg er to ulike karar), men det finst kanskje andre protokollar som mogelegvis kan avkrefta- eller stadfesta éitt og anna i denne samanhengen?Reint konkret lurte eg òg på om éin av dei kunne vera sjømannen Peder Pedersen Sønderborg, f. 1693 på Lysekloster i Os, som vart utkommandert som matros i 'Søedefensionen' i 1711 (Den Store Nordiske krig), og som er nemnd som matros på ''Hvide Ørn'' i 1715; eit skip som ei tid stod under Petter Wessel Tordenskjolds kommando. Peder P. Sønderbrog vart avmønstra ein gong etter 1719, mest truleg då i København. I samband med eit skifte etter ei grandtante i 1733 er han oppgjeven som 'myndig og opholder sig i Kiøbenhafn' (Sollied). Og der sluttar då alle spor ...Spørsmålet vert då enkelt sagt om sjømannen/krigsseglaren Peder P. Sønderborg vende heim på sine eldre dagar, hamna på 'de Søefarendes Huus' i Bergen; og at det kan hende er han som blir gravlagt anten frå DK eller St.J på årets nest siste dag i 1751?På førehand mange takk.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Yngve Nedrebø

Det er ganske sikkert samme mann. St Jørgen var kirkebok for stiftelser m.m, men dersom presten i Domkirken var involvert i begravelsen, har han vel funnet grunn til å ta handlingen med der også.Som lem på Søfarendes ble det ikke noe skifte. Stiftelsen ville overta det avdøde måtte ha etterlatt seg.Jeg er redd det blir vanskelig å finne nærmere opplysninger om opphavet hans, men hadde vel trodd at Peder P. Sønderborg hadde holdt på navnet sitt, og derfor helst var registrert som Peder Sønderborg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Mange takk for eit kvikt, imøtekomande og dertil opplysande svar.Ja, eg òg trur at ein evt. Peder P. Sønderborg hadde holdt på etternamnet sitt - men, dersom vi føreset at dette *er* han, at mange år som sjømann i marinen med endå fleire påfølgjande år i København hadde fått han til å leggja vekk etternamnet Sønderborg?Eller kanskje han ikkje lenger var i stand til å uttrykkja seg skikkeleg, (t.d. slagpasient, dement etc.) slik at han difor berre vart registrert som Peder Pedersen ved 'det Søefarendes' - kva veit vi? Krigsseglaren Peder P. Sønderborg f.1693 ville vore 58 år gammal i 1751, og dei fleste av dei 11 søskena hans vart etter dét vi no veit, ikkje så gamle. Ved skiftet etter grandtanta Kirsten Loss 16. juni 1733 er ti av dei nemnde, og ni av dei i live (Sollied side 33-34).Dette siste er sjølvsagt utelukkende spekulasjon frå mi side. Men, det er då lov å tenkja høgt av og til. Igjen, takk for svaret.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.