Gå til innhold
Arkivverket

[#65841] Kven var foreldra til Alf, f. 1911 i Bergen


Gjest Odd Arild Vik
 Del

Recommended Posts

Gjest Odd Arild Vik

Alf vart fødd 26. mai 1911. Sjå kyrkjebok for Fødselsstiftelsen. LenkeFaren heitte Johan Birkeland, og hadde etternamnet frå garden i Fana. Men eg har ikkje funne han i 1900. Mora heitte Ågot Andersen. Kvar ho kom frå, er ikkje kjend.Det vil vera veldig interessant og viktig viss nokon kan finna ut noko meir om opphavet til foreldra hans.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Svar 59
  • Opprettet
  • Siste svar
Gjest Mariann Stokken

Her er lenka til Fødselsstiftelsen.LenkeNår du skal kopiera adressa til krk.boksida, så må du fyrst klikka i den 'boksen' øverst på sida der det står Bildeinformasjon, klikk slik at det står 'øverst' i den boksen,så markerar du det midterste feltet som kjem fram, sameleis som du gjer når du kopierar adressefelt.Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Odd Arild Vik

Tusen takk skal de ha!Eg hadde også desse to som moglege foreldre, og me kan vel seia at me sikkert har funne mora. Det må vera søstera Laura som er fadder. Den koplinga hadde eg ikkje gjort.Når det gjeld faren, kan me vel ikkje vera lika sikre? Me finn jo ikkje andre som 'passar' betre, men når det skal på trykk må all tvil vera vekke.Vil gjerne høyra kor sikre de føler dykk på at me har funne faren... Alf kalla seg Alf Johansen i sitt vaksne liv, so viss dette er faren har han slutta og bruka det første døypenamnet. Men når det er sagt, so veit eg ikkje kor mykje Alf visste om faren. Kan henda hadde han ikkje anna enn denne eller ein annan innførsel å henta namnet frå, og viss dei berre fekk med det andre namnet, so var det berre det han kjende til. På førehand takk!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Ang. det med bruk av fyrste eller andre førenamn: det har vist seg mange gongar i mi slektsgranskar tid at slekta seinare har vore ukjende med at personen hadde to namn.Dei har berre brukt det eine, og når eg fortel at det var to namn, 'å heitte ho/han det og, kan aldri hugsa me høyrde anna enn....'Det er sjølvsagt ikkje noko 'bevis' på at dette er rett, men kan godt vera det :-))Det eg lurar på er om du har funne andre med same namn, f.år - og så brukt elimineringsmetoden?Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

Er det noen som vet hvor Alf ble konfirmert? Der kan det stå nye opplysninger om faren.Mvh. Rune Thorstensen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

I følge kirkeboka ved Alfs fødsel, var Johan Birkeland født på Laksevåg i 1887.Mvh. Rune Thorstensen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Odd Arild Vik

Tusen takk til alle. Eg veit at desse opplysningane er viktige.Alf kom til Vik i Herdla/Øygarden omtrent på den tida me kan rekna med at han vart konfirmert, eller kanskje litt seinare. Seinast 1928. Han budde hos eit barnlaust ektepar. Diverre manglar konfirmerte 1924-32 i dei innskanna bøkene, etter det eg kan sjå. Men om han var konfirmert i Herdla, trur eg det hadde vore kjent. Eg har ikkje sjekka Bergen enno.Kan 1900 tolkast slik at Aagot var fødd i Bergen? Kan ikkje finna at foreldra hennar vart gifte der?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Odd Arild Vik

Legg inn denne for å retta ein teknisk feil. Truleg fordi eg hadde nettlesaren oppe to gongar då det førre var lagt inn, går det ikkje fram at eg har siste innlegget.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Dersom mor til Aagot var fødd i Bergen, burde ho truleg være med på folketellinga i 1865 for Bergen. Eg kan ikkje finne nokon med liknande namn og rett aldersgruppe (Kan jo sjølvsagt være ein eller annan rar variasjon av Bergitte som eg ikkje har dekka opp).Heller ikkje på Nils Andersen kan eg finne nokon i Bergen i rett alder 1865.Dei kan sjølvsagt være gifte Bergen, sjølv om dei ikkje er fødd der.mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Her er Nils Andersen i Bergen 1875. Då ugift. Det betyr at dei blei gift 1875 eller seinare. Ikkje funne Bergitte i Bergen 1875 heller.Lenkemvh Eigl

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.