Gå til innhold
Arkivverket

[#65893] Bygselsbrev/skjøte Løkkebøe - Svanøe Sokn - Kind Prestegjeld.


Gjest Egil Russøy
 Del

Recommended Posts

Gjest Egil Russøy

Er det muleg å få oversikt over bygselsbrev/skjøte på Løkkebøe i perioden 1778-1785?Kven bygselsbreva er frå og kven det er til, evt. kva bruk eller anna benemning, dersom det er oppgitt.mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Yngve Nedrebø

Du kan finne pantebøker og panteregister fra Bransøy/Kinn blant 'Skanna tinglysingsdokument' gjennom Digitalarkivet. Panteregisterbladene for Løkkebø er å finne her Permanent bildelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-tl20070820580527.jpg>Lenke oppslag 108-110.For den perioden du spør om var det ikke panteregister, men pantebokregister, bokstaven L f. eks. her:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Hei Lars.Det kan du sjølvsagt få vite, men her er det mange moment, og det er best å halde tunge i rett munn.Det eg jaktar på er fødselen til Bertel Nielsen Ulland/Batalden. Han vaks opp på Ullaland i Naustdal, og flytta seinare i Batalden i Kinn (Flora). Han skal være fødd i 1780. Eg har ikkje funne kirkebøker for Naustdal (Førde) i 1780, untatt sjeleregister, og har såleis ikkje funne fødselen hans der. Frå 1781 er det kirkebøker, men eg har ikkje funne fødselen hans der.Mor til Bertel, Gjø Olsdtr flytta frå Ullaland til Løkkebøen i 1770 (Mannen hennar fekk bygselsbrev der) og blei ho enke 1775 (tar desse åra kun på hugs, men der omkring). Våren 1780 forlovar/giftar Gjø Olsdtr. Løkkebøen seg med Niels Olsen Endestad, og eg leita difor for sikkerhetsskuld etter Bertel i Kinn òg. I okt. 1780 er det oppført døypt Bertel med far Niels Olsen Løkkebøe (mor står ikkje oppført).Gleda var stor lenge, inntil eg fann ut at Niels Olsen Soleim (Hyen) som gifta seg i 1779 med ei Marie/Marte/Mari Olsdtr Løkkebøe (Ikkje i slekt med Gjø Olsdtr så vidt eg veit), og som seinare på året (1779) framleis bur på Soleim når første barnet blir fødd, i 1787 kaller seg for Niels Olsen Løkkebøe.Kven av desse var det som var Niels Olsen Løkkebøe i 1780, og då var far til Bertel som blei fødd på Løkkebøen. Bertel Nielsen står ikkje oppført i FT 1801 i Kinn. Eg har heller ikkje funne spor av han i kirkebøkene for Kinn (død, konf., gift) Niels Olsen og Mari Olsdtr bur på Knapstad (Nyder almisse). Jenta som vart fødd i 1787 bur på Løkkebøen. Der bur og ein Martin Nielsen fødd ca. 1782, som kan være son av denne Niels Olsen. Sidan eg ikkje har funne noko om Bertel Nielsen, skulle ein tru at det må være den same som bur i Naustdal. Einaste problemet er dei manglande kirkebøkene for 1781-85, som eg har etterlyst her på arkivforumet tidlegare, og der det har vist seg at det ikkje er ført bøker for denne perioden. Bertel Nielsen kan sjølvsagt ha døyd i løpet av desse åra. Sidan det var vanleg at dei fekk barn med om lag 2 år mellom, kan det godt være at dei har fått barn i 1780.Om Niels Olsen Endestad budde på Løkkebøen, og om han flytta til Naustdal med heile familien i 1780 har eg ikkje funne anna dokumentasjon på enn det som står i bygdeboka for Naustdal. Heller ikkje når på året han evt. flytta. Ingen i familien er innført i Sjeleregisteret for Ullaland i 1780, men eg veit heller ikkje når på året denne er registrert. Dersom Gjø var komen langt i svangerskapet, kan ho sjølvsagt ha blitt igjen på Løkkebøen og fødd der, medan Niels var på Ullaland.Det blir mykje om så men så framt i fall dette.Det var difor eg håpa at bygselsbrev/skjøte skulle kunne avklare kven av desse to Niels Olsen som budde på Løkkebøen i 1780. Det eg veit, er at Bertel Gunnarson (Gjø sin første ektemann) fekk bygselsbrev på Løkkebøen i 1780 frå ein Ole Olsen (Olav Olavsen?). Eit eller anna seier meg at det kanskje var Nerstølen han bygsla, men eg hugsar ikkje kor eg evt. har det i frå.Dersom du eller andre har opplysningar om bygselsbrev på Løkkebøen kring 1780 (evt. når Niels Olsen Soleim kom til Løkkebøen), så tar eg sjølvsagt gjerne i mot opplysningar om dette.Mvh egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.