Gå til innhold
Arkivverket

[#66118] Etterkommarar av Elias Gabriel Olsen - Lenvik (Troms)


Gjest Egil Russøy
 Del

Recommended Posts

Gjest Egil Russøy

Eg har 'mista' familien i Lenvik i Troms.Elias Gabriel Olsen er fødd på Ullaland i Naustdal (Sogn og Fjordane) 1830. Han blei gift i 1861 med Engela Helena Madsdtr f. 1835 på Fitje i Naustdal.Dei fekk tre barn i Naustdal. Oliana Maria Eliasdtr. f. 1862, Mads Henrik Eliassen f. 1865 og Nikolina Eliasdtr. f. 1867. Eg reknar med at det er desse tre som eg har funne utvandra 1883-1889. [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=utvmaaba>Lenke Dei er i alle fall ikkje å finne i FT 1900.Om lag 1870 flyttar familien til Lenvik i Troms. Her får dei tre barn til. Hans Mathias Eliassen f. 1872, Simon Eliassen f. 1874 og Edvarda Eliasdtr. f. 1876 død 1884.Hans Mathias gifter seg i 1894 med Anna Olea Jørgensdtr. frå Måselv og får 2 barn i 1895 og 1897. Eg finn dei igjen i FT 1900 i Bodø. Lenke (Magdalena er Anna si datter frå tidlegare)Etter dette har eg ikkje funne opplysningar om hverken Hans, Anna eller barna.Simon har eg funne i Lenvik FT 1900

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Ja, det ser ut til å stemme. Mora står på linja etterpå, så ho blei nok og med. Takk skal du ha.Kan Hans Mathias ha tatt same vegen?mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.