Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Ole Øystein Nybø

[#66216] Kven var Dorthe Danielsd. som fekk tvillingar i Syvde, M&R i 1830?

Recommended Posts

Gjest Ole Øystein Nybø

Kven var Dorthe Danielsd. som i 1830 fekk tvillingar i Syvde sokn i Vanylven på Sunnmøre? Tvillingane var Dorthe Fredrikke, som døydde i Syvde alt i februar 1831, og Brite Serine. Her er dåpen, Nr 19 og 20 Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15937&idx_id=15937&uid=ny&idx_side=-91>LenkeDen andre av tvillingane finn vi truleg i KB for Rovde som Birte Carlsd. død 6. okt. 1833, 3 år gamal. ”Opfostredes hos Sjur Josepsen Gjære” Sjå nr. 12 Permanent sidelenke: Lenke Ingen andre med dette namnet er fødd i Rovde i den aktuelle tida.Dorthe Danielsd. flytta frå Syvde til Rovde sokn i Herøy i 1832 og innført i KB der som Dorthe Danielsd. Eigsund 33 år gamal. Det er siste sporet eg har etter ho, kan ikkje finne ho verken utflytta eller død i KB for Rovde, heller ikkje i FT 1865. Permanent sidelenke: LenkeEi Dorthe Danielsd. Sandvig vart konfirmert i Vanylven 1817, 17 år gamal frå Kors kyrkjesokn, Bergen. Kan dette vere mor til tvillingane? Permanent sidelenke:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Litta Olsen

Kan det være denne jenten?: LenkeInnvik er jo ikke langt unna.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Litta Olsen

Her er dåpen: Permanent sidelenke: LenkeNr. 17 på høyre side.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Litta Olsen

En Dorthe Danielsdatter gifter seg 1833 i Innvik: LenkeKanskje hun reiste tilbake til hjemstedet?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar S. Ertesvåg

Namnet 'Eigsund' ved flyttinga i 1832 gjev oss ein kandidat: I Herøyboka G&F b3 s. 341 (Eiksund, husmenn) finn vi ein Daniel Thomasson Hestnesøyr, Gloppen., g. 1793 Anne Kristine Jonsd. Eiksund 1766-1856. Dei budde her ca. 1793-1800, men ikkje i 1801 - då skal dei ha budd i Bergen. Ein son er f. 1793. Ei dotter f. 1795, d. som spedbarn. Det heiter at 'Anne Kr. vart i 1815 skriven på presten si liste over fattinge, ho var enkje og hadde eit jentebarn. Ho døydde som legdslem i Båtsvik'. Båtsvik er eit bruk under Kleppe, reknar med at det er det som er meint her. (Kleppe og Eiksund låg den gongen i Rovde sokn, Herøy prg.; frå 1870-åra i Leikanger sokn, Herøy).Dersom Dorte høyrer til her (som jentebarnet), er ho fødd ein annan stad. Er alderen ved flyttinga i 1832 rett, skal ho kunne finnast i 1801.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Her er ein Daniel Thomasen med fødd barn Dorthe Kierstine fødd 1801. Lenkemvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Litta Olsen

Med 'etternavn' Eigsund og det som Ivar og Egil har kommet med, så ser det ut til at 'min' Dorthe er et feilspor og at de har funnet den rette.-og godt er det!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ole Øystein Nybø

Eg har vore innom denne jenta frå Utvik, og du har nok rett i at det ikkje er ho likevel. Men takk for tipset Litta, uansett.Men då trur eg meir på kandidaten til Ivar, frå Herøyboka. Og ser vi på Egil si lenke, så ser vi at dei som flytta frå Eiksund hadde ei Dorthe Kierstine til dåpen i DK i Bergen i 1801.Sandviken ligg vel (ut frå geografien) under DK sokn i Bergen, trur eg? Og det stemmer godt med den Dorthe Danielsd. Sandvigen frå Bergen som vart konfirmert i Vanylven i 1817. Ho var då rett nok notert å vere 17 år, men presten hadde ikkje attest som kunne bekrefte alderen.Heller ikkje alderen ho er notert med ved flyttinga i 1832 treng ein ta for sikkert. Så då er vi så nær at eg trur at dette må vere den rette.Takk for all hjelp.Men kvar vart det så av ho?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Yngve Nedrebø

Sandviken var fram til det fikk egen kirke landsokn under Korskirken.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Daniel og Anne Kristine ser ut til å vere blant dei som har 'lurt seg unna' folketellinga i 1801 - har kanskje vore på flyttefot akkurat i tellingstida?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.