Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Torbjørn Hillersøy

[#66334] Olav og Helga f. 1914 Batalden, Kinn. Adoptert til Sandvik, Kinn i 1917. Lagnad

Recommended Posts

Gjest Torbjørn Hillersøy

Er det nokon som kjenner til lagnaden til tvillingane Olav Nilsson og Helga Nilsdtr. f. 24/8 1914 i Batalden? Dei vart i 1917 adoptert av Andreas Nilsen Sandvik.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Denne var ikkje heilt enkel. Sjansen er vel stor for at dei har teke etternamn Sandvik. Det er mange plasser som heiter Sandvik langs kysten, men eg er usikker på kor mange stader det eksisterer som slektsnamn. Spesielt vanskeleg er det og når dei er fødde så seint at det er få sokn der du kan sjekke opp konf. i kirkebøkene.Eg har ikkje funne Olav eller Helga. Eg har rett nok funne eit tvillingpar som er fødde 230814, og som heiter Olaf og Olga Sandvik. Busatt i Askvoll. Eg har ikkje sjekka om desse finnes fødde der, men det kan være lurt å ta ein kikk på dei. Eg veit ikkje om det virkar med link frå DIS, men eg prøver. Dersom du ikkje får det fram, kan du gå til gravminner, velg Sogn og Fordane, etternamn lik Sandvik, så får du dei fram. [url="http://www.disnorge.no/gravminner/vis.php?id=14&mode=ko>LenkeEg reknar med at dette er Andreas Nilsen Sandvik i FT 1900. Lenke (Reinen er eit bruk i Sandvik).Eg trur og at eg har funne Andreas Nilsen Sandvik død i Stavang 1952. Prøver med ny link til DIS

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torbjørn Hillersøy

Hei Egil!Biologisk far var Nils Elias Johannesson Buarøy (1877-1964). Mor var Jacobine Inga Amalie Brynhildsen frå Øksnes.Ja, eg får prøve skiftet etter Andreas Nilsen Sandvik og Gravminner! Takk for tips!Helsing Torbjørn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

OK. Ikkje min Nils då. Du får ha lykke til.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torbjørn Hillersøy

Det kan vere eg kan hjelpe deg dersom du har nokre hol ennå, i slekta frå Batalden!Eg lurte på om du kunne hjelpe meg med ein ting, Egil?Eg reknar med at du er i slekt med Elisabeth A. Bertelsdtr. Russøy (1873-1953). Ho vart ikkje gift, etter det eg kan finne ut. Men veit du om ho budde på Russøya heile sitt liv, eller flytta ho til Florø etterkvart?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Elisabeth er søstra til oldemor mi. Ho var ikkje gift, og hadde ikkje etterkommarar. Ho budde i gamlehuset på Russøya. Eg trudde ho budde der til ho døde, men det skal eg få sjekka ut i løpet av helga. Eg er litt usikker på denne A-en. Ho hette vel Elisabeth Helene.Når det gjeld Nils, så er eg usikker på om eg har hull eller ikkje, men ei litt rar opptegning i FT 1900 gjer meg usikker. Dette gjeld Nils (Andreas Madsen) Langøy. Han emigrerte i 1895, men står oppført på Langøy i 1900, med mellombels bustad i Amerika. LenkeSidan eg ikkje har funne noko meir på han etter 1900, rekna eg med at han berre var tilbake i Batalden ei kort stund, for så å reise tilbake til Amerika. Når du kom med opplysninga om denne Nils (Som det jo ikkje var så mange av der ute), lurte eg på om Nils Langøy likevel var i Batalden.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Då har eg sjekka litt meir om Elisabeth. Ho skal ha flytta over til nyehuset, men usikkert kor tid. Kan ha vore ikkje så lenge etter at det blei bygd i 1905 (Det kan eg sikkert finne ut meir nøyaktig, dersom det er intereasant). Ca. 1950 flytta ho på Rudning og døde der i 1953.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torbjørn Hillersøy

Tusen takk for opplysningane, Egil! Du skjøner at eg held på å skrive slektssoge for Batalden. Det går litt seint, og i rykk og napp, men eg vonar å vere ferdig ein gong i 2009. Så prøver eg å finne mest mogleg å fortelle om kvar enkelt.Det eg har funne om Nils Andreas Madsen Langøy, er at han reiste attende til Nord Dakota i 1901, truleg saman med Andreas Olson Eikevik (Stavøy) og fam. hans. Bror til Nils, Anders, var gift med syster til Andreas Olson. Veit ikkje om Nils vart gift.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Det er bra. Det er på tide at den boka blir skreven. Det ser eg fram til. Lykke til. Når det gjeld folka på Russøyna, er det truleg Sveinung (Reknar med at du skjønar kven det er) som har best oversikt første halvdel 1900.Eg held på å samle på etterkommarar av Gjø Olsdtr, som varmor til blant andre Bertel Nielsen i Storebatalden og Marta Oline Nielsdtr i Stoksneset. Eg har etter kvart fått god oversikt over disse ut frå kirkebøkene og folketellingane m.m. Eg trur eg stort sett har oversikt i Batalden, og har for det meste oversikt over 4/5 generasjon i heile landet. No arbeider eg mykje rundt 1910/20, og det er faktisk vanskelegare å finne opplysningar om personar då, enn på 1800-talet, men får jo god hjelp her på brukarforumet.Eg reknar med at du har fått oversikt over dei fleste bebuarane der ute, men dersom det er noko du trur eg kan hjelpe deg med, så gjer eg gjerne det.Noko oversikt har eg og i Amerika, men eg har funne ut at det uansett blir svært vanskeleg å få oversikt over evt. etterkommarar frå dei som for over, så dette får eg evt. vurdere å ta igjen seinare.Takk for opplysningane om Nils Andreas. Då legg eg han på is så lenge.Søstra til Andreas Olson blir vel då Marie Olsdtr. Fekk litt hjelp der og eg då, for eg var usikker på fødestaden hennar, og då fekk eg det stadfesta.mvh egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torbjørn Hillersøy

Ja, Marie Olsdtr. f. i 1863 i Eikevikja på Stavøya. 1. mannen hennar; Anders Olai Madsson døydde ung i 1896, men dei fekk to born: Magnus og Amanda.Marie gifte seg på nytt i 1900 med Ludvig Olsen Kinn, og Marie flytta dit. Dei fekk 4 born. Marie døydde i 1956.helsing Torbjørn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torbjørn Hillersøy

Då veit eg kvar eg skal henvende meg (Sveinung) dersom eg treng meir kjøt på beinet til slektsboka!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torbjørn Hillersøy

Eg har forresten endå ein ting eg lurer på, Egil:Har du funne ut om Anne Marie Trulsdtr. Russøy sin lagnad? Fødd i 1847, konfirmert i 1862, og er med i FT 1875. Men etter det finn eg ingenting om ho. Har du kan hende ein dødsdato?Helsing Torbjørn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Vi snakker då om dattera til Truls Sørensen reknar eg med. Eg har ikkje fylgt denne familien så tett, sidan dette er ei anna slekt, men eg ser at eg har gjort nokre notat, sidan dei har budd på Russøya.Dessverre har eg kun reg. fødselsdato på ho og konfirmasjon FT 1865 (då har eg 'slept' denne familien), og desse dataene ser det ut til at du har. Eg kan prøve i kveld og sjå på dette med nye auge. Det hjelp ofte.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torbjørn Hillersøy

Ja, dotter til Truls Sørenson. Fødselsdato og konf. år har eg óg. Eg har tråla gjennom kyrkjebøkene nokre gonger på Statsarkivet, og seinare på Digitalarkivet, men eg har ikkje funne noko meir om ho. Men eg kan alltid ha oversett noko! Det var berre derfor eg lurte på om du hadde noko.Helsing Torbjørn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Veit ikkje om det hjelp deg noko, og du har den sikkert frå før av, men dette er vel mor til Anna Marie sin begravelse i 1983(nr. 31) LenkeOpplysningane i skifta har gitt vekslande resultat, men det kan kanskje være verdt eit forsøk når du ikkje har noko anna.Ellers er det mykje som tyder på at fuglen er fløyet, og då kan ho være kor som helst i landet, og kva etternamn ho evt. kan ha, er ikkje godt å sei. Eg har hatt nokre slike leiteaksjonar etter kvart, og eg får vel berre ønske lykke til.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torbjørn Hillersøy

Takk for innlegg, Egil!Elen Juditte Pedersdtr. er ei kjelde til litt forvirring for meg. Eg har ei som døydde 8/8 1882 og ei som døydde 29/10 1882 på Skorpeidet (forskjellige kjelder). Det er slett ikkje usannsynleg at det er snakk om same person. Men den du nevner døydde som legdslem på Skorpeidet, og det er litt rart i og med at sonen Erik levde i beste velgåande på Buarøya. Kvifor budde ikkje mora der? Kanskje det å vere på legd var meir vanleg enn det eg tenkjer.Takk for tips om å sjekke skiftet etter Elen Juditte, ang. Anne Marie!Helsing Torbjørn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Eg òg kom over desse to Ellenane, og blei òg litt forvirra, men eg trur eg har skjønt den. Det er nok ikkje snakk om same dama. Begge står oppført i kirkebøkene (Dersom den andre kjelda di var av ein annan art).Når Ellen Juditte gifta i 1843, var ho 28 år. Dvs. fødd kring 1815. Elen Juditte som døydde 291082 var fødd i 1814.Ellen Pedersdtr som dør 080882 var fødd 1820 (nr. 21) [url="http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070115310601.jpg>Lenke Dette må være den same som Elen Pedersdtr som var 46 år i 1865 og budde på Bareksta Lenke Ho blei og gift i 1843, var då 23 år, og budde då på Bareksta. (nr. 17)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Ser at eg i farten gløymde å skrive at eg må ta forbehold om at denne Elen Pedersdtr Bareksten var blitt enke mellom 1865 og 1882. Det har eg ikkje sjekka. Ser likevel ikkje at det kan være nokon annan, dersom det ikkje skulle være ei som har flytta til batalden frå anna Prestegjeld.Eg tok og slo opp denne Ellen f. Bareksten 1820, i og med at eg ikkje klarde å tyde mellomnamnet hennar, og ho heiter altsa Ellen Lovisa Pedersdtr.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Trur eg må trekke forslaget om ei kobling mellom Bareksten og Batalden i forhold til Ellen Pedersdtr. Ser av matrikkelen av 1886 at Peder Olsen i Bareksteneset er i beste velgåande, og då kan ikkje Elen Pedersdtr Bareksten være enke i 1882. Ser og av FT 1900 at ho bur i Havreneset hos sonen sin. Så ho kan ikkje være den som dør 080882. Trur vi får gå tilbake til opprinneleg forvirring.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torbjørn Hillersøy

Takk for gode svar, Egil!Elen Lovise budde i Barekstad, ja. Ho var fødd i 1820. Gift 9/7 1843. Eg har ikkje sett etter dødsdato for ho, men eg trur ikkje det var ho som døydde 8/8 1882 (sjå nedanfor). Det er liksom ingenting som tilseier at ho skulle flytte til Batalden.Elen som budde på Nautøya i 1865 hadde mellomnavnet Madsie, og var enkja etter Ananias Ingvaldsen. Dei budde på Ånnøya. Då Ananias døydde i 1861, flytta Elen med dei to attlevande (2 av 5) borna til Nautøya. Ho var fødd i 1824 i Veiesundet, og etter det eg forstår, var det ho som døydde 8/8 1882. Dette hadde eg i slektsprogrammet mitt, og gløymde å sjekke det før eg skreiv førre innlegget. Ikkje lett å vere slektsgranskar alltid :)Elen Juditte var, etter det eg kan sjå, dotter av Peder Olavson og Cecilie Andersdtr. som budde på Vassøya. Ho vart gift 5/6 1843 med Truls Sørenson (Truls sitt 2. ekteskap). Etter det eg veit, var foreldra til Truls busett på Saueholmen (ved Store Batalden). Dei var Søren Mattison (f. 1768 i Store Batalden) og Kari Trulsdtr. (f. 1772 på Fengestad), gift 1794 på Fengestad. Iallefall ut frå det eg har funne, er det då heller ingenting som tilseier at Elen Juditte skulle flytte til Skorpeidet. Men, som du har kome fram til, når det gjeld ho, er vel det den einaste logiske forklaringa allikevel. Takk for hjelp! helsing Torbjørn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mary-Ann Hersvik

Unnskyld at jeg bryter inn i debatten, men Anne Marie Trulsdtr. Russøy som nevnes noen innlegg over her, er det den samme som Anne Marie Trulsdatter f. 1846 som i FT 1865 bor hos John Ananiasson på Batalden, nevnt som hans fasterdatter? Hvorfor var hun der? , var de evt i slekt. Mvh Mary-Ann

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Hei Mary-Ann.Ja, det er den same (Ho er fødd i 1. mars 1847).Når det gjeld spørsmålet om kvifor ho bur hos John Ananiasson, og om dei var i slekt, så er det vel Torbjørn som har best oversikt over dette, sidan mine registreringar er litt snevrare, og eigentleg ikkje omhandlar desse familiane.I påvente av at Torbjørn kikkar innom, kan eg gje deg eit svar så best eg kan. Så vidt eg kan sjå, var dei ikkje i nær slekt. Dvs at Anne Marie ikkje har nokon felles besteforeldre med barna til John Ananiasson. Verken John eller hans tidlegare kone er oppført som fadder på Anne Marie heller.Svaret på spørsmålet blir vel det same som spørsmålet som Torbjørn stiller i innlegg 16 og 21, som gjaldt kvifor mor til Anne Marie ikkje budde hos sonen på Buarøy i 1882. Mor til Anne Marie bur i 1865 på Buarøy, og eldste sonen bur der med ho. Kvifor er ikkje Anne Marie der. Truleg handla dette om økonomi, og at både Anne Marie si plassering hos John Ananiason og Elen Judidtte si plassering på Skorpeide, var ei ordning gjennom fattigstellet.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.